Den Trondhjemske Postvegen mellom Bergen og Trondheim er full av kulturhistorie. Det er heldigvis enda råd å finne traseer som er inntakt. Eg har tidlegare skreve om strekningane over Utvikfjellet, Faleide – Markane, Kjøs – Svor og turen over Ljøbrekka.
Fra Groås til Møre grense er det berre korte traseer igjen. Men når ein nærmer seg Hellesylt kan ein finne ein litt lenger trasee av postvegen mellom Fjelltun og Tryggestad.
Utgangspunktet for denne turen er ved Karbø. Like over brua, som går til gardstunet, er det mogelegheiter for parkering ved starten på ein flott skogsveg.
Ein går eit stykke i skogsvegen før ein kjem inn på postvegen.
Grinda ved skogsvegen må alltid latast att. Skilt ved grinda fortel om andre turalternativ i området. Skogsvegen er utruleg fott å gå. Denne turen som eg beskriv her er ca 5 km og med ei stigning på ca 150 høgdemeter. Etter ca 1 kilometer på skogsvegen kjem ein til Den Trondhjemske postvegen. No kan ein velje om ein vil gå til høgre eller venstre. Postvegen går begge vegar, og vil ein gå heile denne stubben av Den Trondhjemske postvegen anbefaler eg å ta til venstre først. Da går du det stykket som det er mest stigning på, og som er i dårlegste forfatning. Denne traseen fra krysset ved skogsvegen og til Fjelltun, som det heiter der postvegen møter riksvegen igjen, ligg i myrlendt terreng. Ein kan sjå at det har blitt utført ein del grøftearbeid dei siste åra. Men sjølv om traseen ligg myrterreng er der likevel godt å gå. Og ein ser tydeleg spor i terrenget at der har vore vegtrasee.
Langs traseen kan ein nyte lyden av elvesusen av Langedalselva og ein kan skimte steile fjell i Nibbedalen. På bildet under ser ein tydeleg Fivelstadnibba.Like før ein kjem opp til riksvegen ved Fjelltun er der bord og benker så her er det mogelegheiter for å ta ein pause og eventuelt nyte medbrakt.Ved Fjelltun snur ein og går same vegen tilbake til krysset ved skogsvegen. For å få med seg den finaste delen av postvegen må ein ta turen heilt til Tryggestad. Da går ein rett fram fra skogsvegkrysset. Ein går no i anna type terreng og vegen er enda tydlegare der den ligg tørr og fin. I bakgrunnen på bildet ser ein Bjørnstigfjellet 1141 moh.Be med ein heil gjeng , fyll sekken med mat og dekk opp til heile gjengen på dette langbordet som står like ved vegen.Når ein nærmer seg Tryggestad må ein krysse Langedalselva. Det er enkelt for her har det blitt utført restaureringsarbeid på Hjellbrua, så ein kan går trygt over. Også her i skogkanten står det bord og benker. Etter å ha kryssa elva ser ein opp til riksvegen. Da er det slutt på dette stykke av postvegen og turen går tilbake til krysset ved skogsvegen og tilbake til parkeringa ved Karbø.Denne turen kan også gåast på ein anna måte. Fra parkeringsplassen ved elva kan ein gå opp i tunet, vidare opp og til høgre. Ein kjem da inn i lysløypa. Følg den til endes og ta av til høgre og ned i skogen. Finn råsa og brua over elva. Følg traseen til ein møter postvegen. Følg turen vidare som eg har beskreve over.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen i Langedalen
GOD TUR!!!
Legg igjen en kommentar