Ein ekte rallar/slusk. Bilde lånt fra: Nordnorge.com
I likskap med Rallarvegen langs Bergensbana, går det ein anleggsveg langs Ofotbana. Denne er eldre, brattare og i dårlegare forfatning enn sin namnebror i sør. Men den er vel så full av kultur og historie.
Ofotbana er ei av Nord-Norges skjulte perler og ei av Norges kortaste togbane.
Den 42 km lange togreisa går frå fjord til høgfjell gjennom eit folketomt, vilt og dramatisk landskap på tvers av Norge og inn i Sverige. Ofotbana er særleg viktig for malm og godstransport, men det går også dagleg persontog på strekninga.
Stoppeplasser på Ofotbane: Narvik, Rombak, Katterat, Søsterbekk, Bjørnfjell og riksgrensa.
Ofotbana vart bygd på slutten av 1800-talet og går mellom Kiruna og Narvik. I 1882 vart det gjeve konsesjon på bygging av jernbane mellom Ofoten og Luleå. I 1885 fekk eit engelsk firma byggjeløyve og danna «The Swedish and Norwegian Railway Co Ltd».
For å kunne byggje ei jernbane gjennom dei svensk-norske fjella måtte ein først byggje transportvegar/anleggsvegar. Engelskmennene kom til Rombaksbotn og starta arbeidet med å byggje desse vegane. Hestetransport av verktøy, byggjematerialar og proviant var nødvendig for å holde i gang dette gigantiske jernbaneanlegget.
Engelskmennene arbeidde på anlegget i perioden 1885-1889 og bygde transportvegen, den engelske veg, fra Rombaksbotn til Nedre Hunndalen. I denne perioden vart det også bygd kai, nokre lagerhus og eit bakeri i Botn.
I 1889 gjekk det engelske firmaet konkurs og jernbanearbeidet vart lagt ned.
Sjølv om jernbanearbeidet låg nede, i perioden 1889-1898, vart vegen nytta av rallarar som leita etter sølv i fjella opp mot Katterat.
Den norske og svenske stat bestemte seg for å fullføre byggjinga av jernbaneanlegget og anleggsarbeidet vart teke opp att i 1898. Arbeidet med Ofotbana vart fullført i 1902/1903.
Rombaksbotn. Foto:Knut Hansvold/NordNorsk reiseliv
Under arbeidet med Ofotbana, voks det fram ein eigen anleggsby som fekk namnet Rombaksbotn, etter fjordarma som strekker seg austover fra Ofotfjorden og Narvik. Rombaksbotn er byen med Norges kortaste og merkelegaste byhistorie.
Rombaksbotn har aner tilbake til 1500- talet da sjøsamane holdt til her. På 1700-talet vart det utskilt jord til eit gardsbruk. Da engelskmennene kom til Botn for å starte bygginga av transportvegen var det to garder i Rombaksbotn. Ein som dreiv med gardsdrift og ein som var fiskar. Desse heldt seg til sine yrker heile tida sjølv om området rundt gardane gradvis vart omgjordt til bysamfunn.
På det meste budde det 500 mennesker i Rombaksbotn, og der var eit yrande folkeliv. Der var dampbåthamn, toll, politi, post, butikkar, frisør, brusfabrikk, hotell, skjenkestover, skomakar, skreddar, snekkar, urmakar, bakar skule, fengsel og horehus. Men kyrkje hadde dei ikkje. Totalt var det mellom 70-80 hus i byen.
Mange søkte lykka i byen og plassen virka som ein magnet på dei som ville tjene gode pengar, spessielet gjaldt dette rallarane.
Det blir hevda at uten hesten og kvinnene hadde ikkje dette jernbaneanlegget vore mogeleg. Kokkene som arbeidde på anlegget hadde harde dagar. Dei hadde ansvar for brakka og arbeidslag opptil 15 mann. Kokkene skulle lage mat, vaske brakka og kleda, skaffe brensel og vatn. Dette arbeidet skulle utførast i all slags veir og under vanskelege og primitive forhold.
Rombaksbotn og menneska som levde der vart hardt prøva av naturen sin herjingar. Det gjekk fleire steinras der det gjekk menneskeliv tapt. Bann herja byen og 7-8 hus gjekk tapt. I 1901 spredde ein hard tyfusepedemi seg med drikkevatnet, og eit ti-talls mennesker døde.
I november 1902 var Ofotbana ferdig og anleggsarbeidarane reiste til nye anlegg. Rombaksbotn blei sakte avfolka og ved utgangen av 1903 hadde dei fleste flytta. Husa som var bygde demonterte dei og tok med seg. Dei husa finst no over heile Ofoten.
RALLARVEIEN
Tenk deg ein lett vandretur i storslagen, urørt natur av fjell, dal og fosser. Legg til store doser kulturhistorie og et melodrama av ulykkeleg kjærlighet, og du har Rallarveien ved Narvik.Turen langs Rallarveien kan ein gjere på mange måter. Vi gjekk turen fra Riksgrensa. Den mest vanlege turen er å gå fra Bjørnfjell stasjon til Rombaksbotn. Det blir ein tur på ca 13 kilometer i lett terreng. Ein starter på 515 moh og går ned til fjorden.
Fra Bjørnfjell stasjon går ein i åpent fjell landskap, på venstresida av togskinnene, vestover gjennom Bjørnfjell hyttefelt.Langs heile turen er det sett opp minnesmerker og informasjon om rallaranes strev og slit, om krigshistorie og om historiske personar og hendelsar. Ta deg tid til å lese desse informasjonstavlene og få eit innblikk i det historiske i dei bratte liene fra høgfjellet og ned til fjorden. Her kan ein sjå ruinar og andre minner fra då jernbana vart bygd.Her ser ein ruinar etter ein gammal skyss stasjon. Her fekk køyrekarane bytt hestar. Det var tunge lass som skulle fraktast opp den bratte transportvegen fra Rombaksbotn.Transportvegen er sollid bygd opp med tørrmurar, mange stader med grøfter og sollide stikkrenner.Ved Norddalen endrar landskapet seg og blir no vilt og dramatisk. Jernbanelinja går på ei fjellhylle høgt oppe i Fagerlia med transportvegen/rallarvegen enda høgare oppe. Transportvegen, taubanene, kraftverket og tunnelane er storverk bygd i fjellet i anleggstida. Nordalsbrua er enda eit. Denne brua over Norddalen var eit krav fra Norske forsvarsmyndigheiter. Tanken var at brua skulle kunne sprengast og avskjære fiendar ved krig. Teikningane var ferdige i 1901 og vart konstruert i Tyskland. Etter at den vart frakta til Norge og Norddalen vart den montert på 4,5 månader. Brua er 180 meter lang og på det høgaste er det 40 meter til dalbotnen. Det første malmtoget rulla over brua i november 1902 og brua vart offisielt opna i 1903. Brua var i bruk til 1988 da jernbanelinja vart lagt om. Norddalsbrua er i dag freda.Rallarveien er fin både for gåande og dei som vil bruke sykkel. Sia det er ein tur som går fra høgfjellet til fjorden, ca 500 meter nedstigning, er dette også ein fin tur for barna. Det er tilrettelagt med benker og bålplassar langs traseen.
Det vart bygd taubane frå Hunndalen og opp den brattaste stigninga for å lette arbeidet med transport av materialer til jernbanebygginga. Det vart bygd to taubaner med ei samla lengde på ca 2,5 kilometer. Ein kan sjå tydelege ruinar i terrenget etter desse omlastningsstasjonane og bukkane etter taubana.Der rallarveien går gjennom Fagerlia kan ein sjå spor etter ras og steinsprang. Vegen er rydda, men ein må være observant når ein ferdes der. Spessielt om våren og hausten.
Rallarveien krysser jernbanesporet like ved Vokterboligen. Sommeren 2016 var Katterat stasjon stengd og det var etablert ein midlertidig plattform ved denne lagerbygningen som er eigd av jernbaneverket. Om ein vel å ta ein kortare tur på Rallarveien, er det eit alternativ å ta toget til Katterat stasjon og gå ned til fjorden der i frå.Vokterboligen som ligg 360 moh, vart bygd i 1898 som anleggsbrakke og vart seinare brukt som vokterbolig. I dag er det ei ubetjent hytte som drives av Narvik og Omegn turistforening. Hytta ligg på ein solfylt og idyllisk plass med utsikt over Rombaksfjorden og fjella rundt. Hytta leigast ut til private og overnatting må bestillast. Hytta har 12 sengeplassar, innlagt vatn, straum, dusj og badstove.
Norddalen voks fram til å bli som ein administrasjonsplass under jernbanebyggjinga. Det vart bygd fleire hus i Norddalen. Truleg budde det engelske stikningslaget her allereie fra 1883. Det var her i Norddalen jernbanekontoret låg og her henta rallarane lønna si.Ruiner etter administrasjonsbygget eller jernbanekontoret i Norddalen.
Under perioden med jernbanebyggjinga voks det fram eit lite samfunn i Hunndalen. Der var butikker, materiallager, mjølkeutsal, 2-3 kafeer og smie. I tillegg til forsamlingshus, som også blei brukt til skule, kapell og som ekstra lasarett under tyfus epedimien i 1901. Det var store avstander å ta seg fram langs transportvegen før jernbanelinja var ferdig og det vart derfor bygdt ei enkel sjukestove i Hunndalen. I alt var det eit 20-tals bygningar i Hunndalen som låg tett på kvar side av vegen. Ein kan tydeleg sjå tuftene etter sjukestova i terrenget.
Ein kryssar Hunndalselva på god bru ved Hundalsfossen.
Under ein storflom i Hundalselva i 1959 vart vegen ødelagt og mange av bruene raserte. Vegen vart reparert og på nytt tilrettelagt for turgåare på 1980-90 talet.
Ved Storbrua og Storfossen stod ei enkel koie med stein som fjerde vegg. Her hadde Konjakk-Nisse tilhold og dreiv kafè i anleggstida. Alkohol var forbode på anlegga, men Konjakk-Nisse unnslapp heile tida politiet. Mange gifteringar og lommeur vart bytt mot alkohol i denne perioden.Dei siste 3,5 kilometerane fra dalbotnen og fram til fjorden går i flatt terreng. På ein plass kan ein gå opp på ein haug og få utsikt mot fjorden. No har naturen teke tilbake Rombaksbotn og det er mykje skog langs transportvegen/rallarveien. Dette bygget er det einaste som no står i Rombaksbotn. Bygget er ein tro kopi av uthuset som vart oppført her i 1860. Ein kan også sjå kjellaren på eit bygg som har stått her tidlegare.
Under den omfattande oversvømmelsen i Rombakselva i 1959 vart det gjordt store skader på rallarveien og bruene som kryssar elvane. Elva tok også med seg mange av hustuftene som fremdeles stod i Rombaksbotn.Om sommaren er det moglegheiter for å få båttransport frå Rombaksbot til Sildvik og buss til Narvik. Ein finn informasjon om returskyss på visitnarvik.com.
Eit anna alternativ er å gå dei 6 kilometera tilbake til Katterat stasjon og ta toget tilbake til Narvik. Sjekk togtider.
Kvar sommer arrangeres det turmarsj fra Bjørnfjell til Rombaksbotn. Svarta Bjørn marsjen er ein folkefest og ein hyllest til ei ung kvinne som jobba som anleggskokke for rallarane under bygginga av Ofotbana.
I spektaktulære omgjevnader finn ein historiske minner samtidig som verdens mest moderne tog ruller på jernbanesporet. Malmtoga går heile døgnet, heile året. Over 1 milliard tonn jernmalm er transportert på Ofotbana så langt.Bilde av modellen fra Rombaksbotn, laga av Per Henrik Mørk. (foto lånt fra Nordlys)
No har naturen teke tilbake Rombaksbotn, men historia om byen blir tatt vare på. Per Henrik Mørk og Vera Steine har dreve dektektivarbeid og laga modell over anleggsbyen, eit prosjekt som dei brukte 3,5 år på. Modellen over anleggsbyen kan sjåast på venterommet på Narvik togstasjon. Nye modeller er under arbeid. Denne gangen er det bygningane i Hundalen som skal rekonstruerast. Den modellen er plassert på Katterat stasjon og kan sjåast etter avtale.
Kart over turen fra Svenskegrensa til Rombaksbotn finn ein på ut.no: Rallarvegen på tvers av Norge
GOD TUR I SPENNANDE TERRENG!!
Hei!
Vi skriver konsekvent «Rallarveien» om anleggsveien langs Ofotbanen. Dette for å unngå forveksling med «Rallarvegen – Bergensbanen».
Det stemmer at her kan du gå Norge på tvers i løpet av ca 5 timer.
Kan dere være snill å rette opp den flotte artikkelen slik at veien benevnes «Rallarveien» selv om artikkelen står på nynorsk 🙂
Samtidig kan dere rette opp siste avsnitt. Modellen av Rombaksbotn kan i dag beskues på venterommet, Narvik togstasjon. En modell over Nedre Hundal er plassert på Katterat stasjon og vises etter avtale.
Med vennlig hilsen Steingrim Sneve (Rombaksbotn Grunneier og Brukerlag)