I løpet av sommeren/ hausten har turstiar og gamle ferdselsvegar i området Bergsida, Vikalida , Vik og Hol blitt rydda og merka.
Martin Berstad har vore initiativtaker til dette prosjektet og han har også utført arbeidet. Gunnar Berstad har tatt gps-spor og alle stiane er merka med kor lange dei er. Tilsaman er det ca 15 kilometer med stier i området. Martin fortel at ein del rydde arbeid står att, spessilet i området ved Hol, og at det skal kome farga band ut fra alle kryss.
Dette turområdet ligg lett tilgjengeleg og er eigna både for stor og små. Av kartet på bildet kan ein sjå at det er eit stort nettverk av stier i området.
Det er satt opp skilt i alle kryss med henvisning til kor ein står og med fargekoder for stiane vidare. Her er det ikkje mulig å rote seg vekk.
Dei kvite linjene på kartet er bilvegar. Som ein ser av kartet er det enkelt å kome inn på stiane både fra Bergsida, Vinsrygg, vegen som går til Tverrfjellet, Vikalida, Vik og Hol.
Min tur starta i Vikalida, og gjekk opp den gule løypa som heiter Langholene. Der er det bratt oppstigning, men fin sti.
I andre kryss tok eg til venstre inn på Kyrkjevegen og vidare mot Kyrkjeledet. Dette var eit flott parti av turen. I stor granskog med tydeleg sti mellom granleggane. Kyrkjevegen var den vegen folket på Bergsida brukte når dei skulle til kyrkje før bilvegen i Kasthamrane kom.
Ein plass er det stor retningsendring, berre å følge pila.Fra Kyrkjeledet følgde eg den gamle sjøvegen til Vinsrygg. Den gjekk opp aust for gardane på Vinsrygg og forbi dei gamle gardfjøsane. Vidare gjekk eg opp den gamle setrevegen som ligg vis a vis bilvegen.
Det er laga til flotte kvileplasser langs med alle stiane. Så det er berre å setje seg ned og nyte utsikta og stillheita.
Den gamle setrevegen har jamn og fin stigning fra Vinsrygg til Vinsryggsetra. Enkelte plasser er stien trakka godt ned i terrenget.Ved Høgeryggen går den gamle setrevegen og bilvegen nesten heilt i hop. Likevel er der plass til ein fin kvileplass mellom.Når ein har passert Høgeryggen kjem ein etter kvart til lysløypa. Der går ein rett over trasseen og fortset etter gule band på andre sida. Stien er litt utydeleg det siste stykket til Vinsryggsetra. Fra Vinsryggsetra gjekk min tur bilvegen tilbake til Høgeryggen.I krysset ved Høgeryggen er det også skilta mot Tverrfjellet og Stryn Vinterski. Så det er mange muligheiter for å kome inn i stinettverket.
Snarvegen, merka med blå 4, tok meg ned på ein gammal traktorveg. Traktorvegen var det lenge sia noken hadde køyrt på så ein fin sti hadde det blitt. Etter eit stykke på traktorvegen kom eg til Flo Skue. Eit fin utsiktspunkt som har fått namnet sitt fordi ein har fri sikt til bygda Flo. På benken som står der er det svede inn: Her kan du sitje ilag med din frue og til Flo skue.
Fra Flo Skue følgde eg traktorvegen/stien til neste kryss og tok bratt ned ein gammal køyreveg. Det er artig å gå i skogen på slike gamle vegar og sjå spor etter farne tider. Siste stykket gjekk eg på Lidaråsa før eg kom ned på bilvegen i Vikalida.
I mange av desse stiane kan det også brukast terrengsykkel.
Min tur ligg på Ut.no: Stier og gamleferdselsveger på Bergsida, Vikalida, Vik og Hol.
Legg igjen en kommentar