Brenndalen er ein såkalla hengande sidedal med bratte fjellsider. Dalen gjev ei strek naturoppleving av bre, fjell, elver og fosser. Når ein går turen får ein oppleve mektig og fasinerande terreng, stilleheit og nærheit til naturen.
Brenndalen går paralelt med den meir kjente Briksdalen.
Utgangspunktet er ved Åbrekk Gard og det er tilrettelagt for parkering ved Fv 724 som går gjennom den vakre Oldedalen.
Åbrekk Gard tilbyr både overnatting, servering, catering og skreddersydde aktiviteter. Alt dette i og ved bygningar som er nyrestaurert til moderne fasiliteter.
Når ein har parkert på den opparbeida parkeringsplassen og betalt parkeringsavgifta går turen på grusvegen til gardstunet og vidare forbi låven. Turen til Brenndalen er skilta som ein kan sjå på bilda. Etter å ha passert låven kjem ein inn på skogsvegen. I første krysset skal ein ta til høgre. Skogsvegen er fin, men til tider litt bratt. Det går likevel fint å ta med sportsvogn til setra.
Etter få høgdemeter får ein flott utsikt over gardane som ligg nede i dalbotnen og alle fjella som omkranser dalen. Denne turen gjekk eg tidleg i oktober og den første snøen låg som melisdryss på dei høgaste toppane. Lengst inn i dalen var det frost på bakken. Likevel ein flott tur. Alle årstider har sin sjarm og fotomotiva står i kø.
Da eg gjekk gjennom gardstunet på Åbrekk såg eg at hjortejegerane gjorde seg klar for å reise på jakt. Eg tok kontakt med dei og fekk tommel opp for å gå turen sjølv om dei skulle jakte i same området. Dei var vant til turgåere og tok hensyn til dei.
Åbrekk setra ligg opp på høgda,ca 250 moh, ved inngangen til Brenndalen. Det er eit sel på setra. Her i frå har ein flott utsikt mot Oldedalen, inn Brenndalen og til Brenndalsbreen. Skogsvegen sluttar på setra, vidare inn dalen er det likevel god turveg. Underlaget blir meir ujamnt og går etterkvart over til rås, men tydeleg å følge.Med dei høge fjella ruvande på tre kanter blir det lite sol så seint på hausten. Men det er ei eiga ro og stillheit i dalen på denne årstida. Det er fin sti/traktorveg å gå på innover dalen. Om ein vil ta ein rundtur er der også rås på nordsida av elva Brenna ned til Åberg. Denne turen er også fin å ta om ein vil bruke terrengsykkel. Råsa går på høgre sida av elva Brenna. Elva er veldig breid når ein kjem lengst inn i dalen. Om det ikkje er for mykje vatn i den er det fint å gå uti og følge elva eit stykke mot botnen av dalen. Når ein ser framatt dalen ser ein rett på Flatefjellet (ca 1400 moh) med Flatebreen og Melkevollfossen til venstre. Høgalmenbreen til høgre.Hjortejegarane og jagarane gav tommelen opp for turgåeren som ville utforske dalen. Dei fekk fangsten sin og eg fekk ein flott tur og eit positivt møte med jegere.
Kart over turen ligg på ut.no: Brenndalen, Oldedalen.
GOD TUR OG NYT NATUREN.