P1150041Strandasetra ligg oppe i dei bratte berga ovanfor dei to gardane på Strand mellom Stryn og Loen. Det var litt av ein setreveg dei hadde når dei skulle ha krøtera til seters.
Strand hadde  to setrar.  Nedsetra og Høgesetra. På Nedsetra var  setringa  slutt tidleg på 1900-talet. På den setra kan ein så vidt sjå selmurane  i terrenget. På Høgesetra (Strandasetra) var setringa slutt ca 1918.P1140980Turen starter ved skogsvegen som går opp mellom dei to gardane, og ein føl skogsvegen ca 200 meter til det flater ut. Ta  stikkvegen til høgre. Føl den og sjå etter raude merker i skogkanten. Der starter råsa. Råsa til setra er tydeleg og enkel å følge. Den er merka med raude band og nyleg rydda.
Til Strandasetra i Loen Ta til høgre før stolpane.
P1140985  Raude merker markerer starten på råsa.P1140989  Råsa er nyleg rydda for vindfall.
Denne setreturen er ein av dei brattaste setreråsene eg har gått. Mange ganger på turen  studerte eg på korleis dei fekk krøtera med seg til seters. På den tida var turen til seters noke dei måtte gjere. No går ein turen av nyskjerrigheit og av eigen fri vilje.
P1140997   
 Her går råsa forbi ei grov og er der vatn er det lurt å fylle vannflaska. Kaldt og reint vant er godt i bakkane, iallefall år sola står rett på og steiker.
P1150002   P1150004
Mange plasser ser ein tydeleg at det fra gammalt av har vore jobba med råsa. Enkelte plasser, i dei brattaste partia, er det lagt opp stein til trappetrinn. Akkurat som sherpanene fra Nepal gjer mange plasser rundt om i fylket no.
Når ein har plukka ein del høgdemeter kan ein finne åpninger i skogen.  Og går ein nokre steg tilsides fra råsa får ein eit nydeleg utsikt ned att til Strand, over til Vanberg og til Avleinstranda og Muristranda i Olden.P1150010P1150011På andre sida av fjorden er det full aktivitet på anlegget på Rv 60 Olden – Innvik. Der blir det jobba med moderne veg i store kontrast til den gamle setreråsa som denne turen går på.
P1150013  P1150014
Om setreråsa er bratt så flater den også ut innimellom. Da kan ein få att pusten og muskelaturen får kvile litt før neste bratte. På eit av dei bratte partia har eit rotevelte teke  råsa. Men dei som har rydda setreråsa har vore kreative. Ein stødig og god stige gjer det no enkelt å kome seg fram.
P1150018  Stødig og sterk stie erstatter råsa.
P1150025
Like etter krysset der råsa kjem fra Stryn ligg Nedsetra. Eg har blitt fortalt at der kan ein sjå dei gamle selmurane. Eg må innrømme at gjekk rett forbi. Ein skal være observang heile tida om ein skal få auge på alt som skjuler seg langs gamle veger.
I boka som Kjell Råd har skreve om setrane i Olden og Loen sokn kan ein lese at fra Vanberg hadde dei griser i hamne på Nedsetra.  Dei rodde grisene over fjorden og jaga dei til setra. Grisene søkte ly under ein hiller når det var stygge veir.  Eit stykke etter krysset  kan ein sjå ein hiller til høgre for råsa. Kansje var det der grisene fann ly. Tørt og fint er der iallefall.P1150030Høgt og fritt på ei lysning i skogen ligg Strandasetra. Der står to sel. Der er også murer igjen etter ein stor fjøs som fortel om arbeid og slit.
Etter å ha gått dei bratte bakkane opp til setra er det godt med ein pause. Her kan ein nyte utsikta til fjella i indre Nordfjord. Turistbygda Olden og dei flotte fjella Melheimsnibba, Hovfjellet med Ramnefjellbreen, Strandanibba med Årnesbreen og det mektige Skarsteinsfjellet kan ein skimte mellom treea.P1150036P1150039P1150044

AARHEIMSETRA

Råsa vidare til Aarheimsetra går i utkanten av setrevollen på Strandasetra. Like etter Strandasetra kjem ein opp på Langemyra.  No flater terrenget ut og det blir lettare å gå. Det er ein liten kilometer og ca 70 høgdemeter mellom desse to setrane.  Aarheimsetra ligg på ca 660 moh.
Det har opp gjennom åra vore fleire vegar til Aarheimssetra. I setreboka til Kjell Råd kan ein lese at den første vegen gjekk om Sætre. Seinare vart det ordna med veg i Stansane. Setretausene brukte alltid den vegen.  Dosabakken var eit kvile på vegen opp Stansane. Her kledde setretausene av seg “dosa”, skjørtet, for å være lettare kledt når dei skulle gå vidare mot setra. Ein anna veg til setra gjekk opp Kjerringfjellet og Reset. Denne vegen vart kalla Stigane og det var helst mannfolka som brukte den når dei skulle til setra.
Om turen til setra er travel så betaler det seg med den panoramautsikten når ein er komt opp.
P1150053P1150056 Nyrestaurert sel på Aarheimsetra.P1150061Panoramautsikt fra Aarheimsetra
P1150069
Denne flotte store gamle furua står på Langemyra mellom Strandasetra og Aarheimsetra.
P1150073    P1150079
Råsa fra Aarheimsetra via Strandasetra og  nedatt til skogsvegen som kjem opp fra Aarheim er fin og tydeleg.  På ein plass har den sklidd ut , men den er reparert og ikkje vanskeleg å forsere verken oppover eller nedover.
P1150081   P1150084   Stilt i skogen.
Når ein kjem ned på skogsvegen har ein fleire valg. Tek ein til høgre og føl skogsvegen kjem ein ned til Aarheim. Tek ein til venstre føl ein skogsvegen og rås til Staveneset. På Staveneset har ein to valg. Ein kan følge råsa til Visnes eller skogsvegen tilbake til utgangspunktet på Strand.
P1150088  Skogsvegen fra Aarheim.
P1150093  P1150094
Råsa tar av fra skogsvegen og går inn Saurdalen og vidare ned til Staveneset. 
P1150095  P1150096
På Staveneset kan ein velge råsa til Visnes eller skogsvegen tilbake til Strand.
P1150097                                                                     Tilbake ved utgangspunket på Strand.

Denne turen kan kombineres med:Visnesrunden og Visnes-Strand

Kart over turen finn ein her: Strandasetra – Aarheimssetra

PRØV EIN TUR OPP DENNE SETRERÅSA!!