PANO_20160329_194401 (1)Turen som går fra Visnes til Strand, føl same råsa  som rundtur på Visnes, men tar av fra råsa på Staveneset og føl skogsvegen til Strand.
Ein veg er turen ca 3,5 kilometer, går ein returen også blir det 7 kilometer.
Ein kan også kombinere denne turen med rundturen. Tek ein den lavaste leia innover kan ein ta skogsvegen fra Staveneset og til Årheime når ein kjem tilbake fra Strand.
Det er mange muligheiter å kombinere å setje ihop ein fin tur på.

Denne turen, fra Visnes til Strand, går på rås og skogsveg. Det er ein forholdsvis enkel tur. Høgaste punktet er på Staveneset som ligg 210 moh.
Turvegen er merka  fra Rv 60  på Visnes, opp byggefeltet. Ein køyrer til Strandavegen og til  liten parkeringsplass bak bebyggelsen (sjå bildet, opp langs hekken).
P1120788    P1120787
P1120786  1.6 km til Staveneset fra parkeringsplassen

P1120775  Skyttergraver tydelege i terrenget.
På Visnes er det tydelege spor etter tyskarane som var her under andre verdenskrig. Nokre av skyttergravene er fremdeles inntakt.
Ved Storeledholten er det sett opp tavle med informasjon om krigsminner og tursti på Visnes.
P1120782    P1120781
Stien innover til Staveneset er fin å gå. Enkelte plasser er det laga til med benker så ein kan setje seg ned å kvile og nyte utsikten.
Når ein kjem til Staveneshola er det litt stigning. Opp Staveneskleiva er det stedvis laga til med trappetrinn og hengt opp tau slik at ein har noke å holde i. Det er ikkje bratt eller farleg terreng, men kan være litt sleipt ved vått veir.P1120767  IMG_20160325_115439
Staveneshola og Staveneskleiva.
Når ein er komt opp på Staveneset er der mange store steiner å sjå. Enorme steiner. Der er det muligheiter for å sitje tørt om veiret ikkje er av det beste.IMG_20160325_120624  Koseleg  å sitje i “steinhole”. Spennande for barna å utforske.
Skogsvegen til Strand tek av ved skiltet som viser Staveneset 210 moh. Her har ein fin utsikt mot fjella i Olden, Avleinsfjellet,Skavteigfjellet (bak) og Melheimsnibba.
P1120756    P1120753
Første stykket er unnabakkje ellers er turen innover til Strand slak og fin. Stille og roleg terreng å gå i. Skogsvegen vart bygd i 1984.

Eg liker godt å utforske nytt terreng og tek meg god tid til å sjå meg rundt. Ein får med seg så mykje meir da enn om ein berre haster avgårde.
Denne diamanten av ein stein låg pent ved sida av skogsvegen. Den ser ut som den er slipt til. No har eg gått turen to ganger og steinen forandrer farge etter korleis lyset er.  Også andre ting dukka opp av intet. Plutseleg såg eg ein”skapning” som stirra på meg fra toppen av ein stor stein.
IMG_20160325_130719   IMG_20160325_130709IMG_20160325_130122  Alltid eit kvart spessielt å sjå.
Skogsvegen går heilt ned til riksveg 60. Om ein berre vil gå ein veg kan ein avslutte turen her, eller ta same turen tilbake til Visnes. Alternativt tilbake til Årheim.
Når ein kjem inn til Strand og ned til riksvegen ser ein bebyggelsen i Marsåvika med det berømte og unike klatrefeltet Beachen bak.  Vidare ser ein Avleinstranda og Muristranda i Olden.IMG_20160325_123930

VÆR NYSKJERRIG OG UTFORSK NYTT TERRENG.

TUREN FINN DU PÅ UT.NO: Visnes – Strand

GOD TUR!

IMG_20160325_115718