Turen som går fra Visnes til Strand, føl same råsa som rundtur på Visnes, men tar av fra råsa på Staveneset og føl skogsvegen til Strand.
Ein veg er turen ca 3,5 kilometer, går ein returen også blir det 7 kilometer.
Ein kan også kombinere denne turen med rundturen. Tek ein den lavaste leia innover kan ein ta skogsvegen fra Staveneset og til Årheime når ein kjem tilbake fra Strand.
Det er mange muligheiter å kombinere å setje ihop ein fin tur på.
Denne turen, fra Visnes til Strand, går på rås og skogsveg. Det er ein forholdsvis enkel tur. Høgaste punktet er på Staveneset som ligg 210 moh.
Turvegen er merka fra Rv 60 på Visnes, opp byggefeltet. Ein køyrer til Strandavegen og til liten parkeringsplass bak bebyggelsen (sjå bildet, opp langs hekken).
1.6 km til Staveneset fra parkeringsplassen
Skyttergraver tydelege i terrenget.
På Visnes er det tydelege spor etter tyskarane som var her under andre verdenskrig. Nokre av skyttergravene er fremdeles inntakt.
Ved Storeledholten er det sett opp tavle med informasjon om krigsminner og tursti på Visnes.
Stien innover til Staveneset er fin å gå. Enkelte plasser er det laga til med benker så ein kan setje seg ned å kvile og nyte utsikten.
Når ein kjem til Staveneshola er det litt stigning. Opp Staveneskleiva er det stedvis laga til med trappetrinn og hengt opp tau slik at ein har noke å holde i. Det er ikkje bratt eller farleg terreng, men kan være litt sleipt ved vått veir.
Staveneshola og Staveneskleiva.
Når ein er komt opp på Staveneset er der mange store steiner å sjå. Enorme steiner. Der er det muligheiter for å sitje tørt om veiret ikkje er av det beste. Koseleg å sitje i «steinhole». Spennande for barna å utforske.
Skogsvegen til Strand tek av ved skiltet som viser Staveneset 210 moh. Her har ein fin utsikt mot fjella i Olden, Avleinsfjellet,Skavteigfjellet (bak) og Melheimsnibba.
Første stykket er unnabakkje ellers er turen innover til Strand slak og fin. Stille og roleg terreng å gå i. Skogsvegen vart bygd i 1984.
Eg liker godt å utforske nytt terreng og tek meg god tid til å sjå meg rundt. Ein får med seg så mykje meir da enn om ein berre haster avgårde.
Denne diamanten av ein stein låg pent ved sida av skogsvegen. Den ser ut som den er slipt til. No har eg gått turen to ganger og steinen forandrer farge etter korleis lyset er. Også andre ting dukka opp av intet. Plutseleg såg eg ein»skapning» som stirra på meg fra toppen av ein stor stein.
Alltid eit kvart spessielt å sjå.
Skogsvegen går heilt ned til riksveg 60. Om ein berre vil gå ein veg kan ein avslutte turen her, eller ta same turen tilbake til Visnes. Alternativt tilbake til Årheim.
Når ein kjem inn til Strand og ned til riksvegen ser ein bebyggelsen i Marsåvika med det berømte og unike klatrefeltet Beachen bak. Vidare ser ein Avleinstranda og Muristranda i Olden.
VÆR NYSKJERRIG OG UTFORSK NYTT TERRENG.
TUREN FINN DU PÅ UT.NO: Visnes – Strand
GOD TUR!
0 kommentarer
1 tilbakeping