Kongsviksetra.
Det er fleire veier som fører til desse to setrane. Mitt utgangspunkt er parkeringsplassen ved hyttefeltet i Kjøs.
Ta av fra Rv 60 på nordsida av Kjøs bru og køyr til parkeringsplassen ved hyttefeltet.
Kjem ein fra aust tek ein av fra Rv 15 ved Øyebakken og køyrer mot Kjøs.
Første del av denne turen blir det same som for turen: Den Trondhjemskepostvegen Kjøs- Svor.
Den tronhjemske postvegen er nydeleg å gå på. Her eit sommerbilde og eit vinterbilde.
Følg den Tronhjemske postvegen til ein kjem forbi garden Kongsvik.Etter ca 200 meter tek ein av til høgre og kjem inn på skogsvegen. Skogsvegen er tydeleg og ryddig og godt merka.
Ein går no i trassen til fjell-løpet Hornindal Rundt. Ein vil derfor kunne følge merkinga, malte kvite firkanter, heilt til setra.
Fin skogsvei og rås, men no blir terrenget brattare.Utsikt til Navelsaker fra skogsvegenden.
Når ein går ut av skogsvegen blir terrenget brattare, men det er tydeleg og merka rås til begge setrane.
Den første setra ein kjem til er Kongsviksetra. Den høyrer til garden Hatlelid. Her har dei restaurert selet siste åra.Turen vidare til Svorasetra er enkel. Råsa er tydeleg og går opp rett bak selet. Det er ca 200 meter mellom desse to setrane, så enkelt å plukke begge når ein først er komt opp.
Fin rås vidare til SvorasetraSvorasetra. Eit sel og ein fjøs. Ein kan så vidt skimte Hornindalsvatet gjennom skogen.
Svorasetra ligg på 416 m.o.h og turen er ca 3 km fra parkeringsplassen og til Svorasetra.
Kart over turen ligg på Ut.no: Kongsviksetra og Svorasetra
VÆR NYSKJERRIG OG UTFORSK NYTT TERRENG
GOD TUR