Holmøyane er ei av bygdene som ligg stille og fredeleg ved Hornindalsvatnet, Nord Europas djupaste innsjø.  Det er bygda som dei fleste berre susar gjennom, på veg austover eller vestover.P1130412Skåpavika, på kommunegrensa mellom Eid og Hornindal
Bygda blir også kalla Sudstranda, og da er det rekna heilt fra Skåpavika til Skrede. Denne bygda, og dei 60 innbyggjarane som bur her, har mykje å by på og vise fram om ein tek seg tid til å stoppe opp litt.

Tidlegare i haust var det ein reportasje i lokalavisa om Holmøyane og den nye bygdavegen som dei har bygd på dugnad.
Eg vart imponert og nyskjerrig så eg tok turen for å utforske. Fann ut at eg skulle sjå meir av bygda når eg først var der, og det vart både ein, to og tre turer til Holmøyane.
P1120954 Utgangspunktet for turen.
Turen min starta der den gamle riksvegen tek av fra den nye riksvegen, lengst aust. Ein er da i Holmøyvika. Her ved denne garasjen er det god plass og parkere bilen. Men pass på at den ikkje står i vegen for anna ferdsel. Så da er det berre å ta beina fatt. Utforske.
P1120956  P1120957
Noke av det første ein ser når ein starter på turen i Holmøyvika er bygda på andre sida av vatnet, Otterdal.  Ein ser også over til Skjerneset, Kjøsahalsen og garden Hatlelid. Og så ruver Ytrehornsnakken og Gløvrefjellet lenger bak.

Ein kjem fort i mimre modus når ein går på gamle vegar der ein tidlegare sneik seg rundt svingane med bil. No er det ikkje mykje trafikk på denne vegen, men den er fin som gang og sykkelveg for dei mjuke trafikkantane i bygda.P1120959P1120965Når ein kjem litt lenger fram ser ein tydeleg at det er aktivitet og utvikling i bygda. Og at her er aktivitet kan ein godt forstå. For Holmøyane er nesten “verdens navle” og  ligg veldig sentralt til med pendleravstand både til kommunesenteret i Eid, Hornindal,Stryn , Volda og Ørsta.  Boligfeltet Høgda er opparbeida med infastruktur til totalt 9 tomter.  Fire av dei er selde og eit hus er allereide komt opp.
P1120970 Høgda boligfelt.
Turen min gjekk ned veien til høgre og etterkvart kom eg ned til eit hyttefelt. Følg vegen vidare , forbi krysset der vegen går ned i Leirvika.
P1130041 Leirvika, ein idyllisk plett ved vatnet.
Det nye hyttefeltet, Nesjane, ligg usjenert og stille til med flott utsikt over vatnet. Ikkje ein lyd var å høyre fra hovudvegen. Der er mange store fine hytter å sjå. Etter å ha snakka med kjentfolk fekk eg vite at der fremdeles er ledige tomter. Holmøyane med fiske, bade og turmuligheiter må være eit eldorado for dei som søkjer friluftsliv.
Gå vegen heilt til endes i hyttefeltet og vidare i skogen heilt til ein kjem ytters på neset. Da har ein dei fine holmane rett fram for seg.P1120993Turen gjekk vidare gjennom skogen og over til Storevika. Enda ein idyllisk plass med utsikt over vatnet og fin kveldssol.
P1130014  P1130441 Storevika
Like utanfor Storevika ligg Landholmen. Der har familien Holmøy, som eig Holmøy Arbeidsskule, familiegravplass. Det var Ola Hansson Holmøy som i 1904 fekk løyve av Kongen til å leggje familiegravplassen på den vesle holmen. Dette er ein nydeleg plass å stede sine kjære til den siste kvile.
Holmøy Arbeidsskule vart skipa i 1858 og det var den første arbeids- og snikkarskulen i sitt slag i landet. Kvar sommar, dei siste sju åra, har det vore kunstutsilling i lokala til arbeidsskulen.
Der er også internat,som er delvis utleigd om sommaren, i same tunet som arbeidsskulen stå.
P1130430Dugnadsånda lever også i Holmøyane.I denne velse bygda har dei  grendalag,  idrettslag og  skytterlag. Von cup vart i mange år arrangert på fotballbana i Holmøyane. Dette var ei stor fotballturnering for  hobbylag fra nabobygdene. Det vart kjempa  om den gjeve pokalen både i kvinneklassen og herreklassen.P1130447Grendahuset Vonlund med idrettsbane/fotballbane mot Hornindalsvatnet.
Det siste dugnadsprosjektet dei har hatt føre seg er blant anna den nye bygdavegen, som går fra boligfeltet Høgda og til Gjeilefjæra. Den vart offisielt åpna 3 oktober med snorklipping av ordfører Alfred BjørloP1130016Gjeilefjæra er ein fin plass ved vatnet som blir brukt til badeplass og sosial møteplass når årstida og veiret tillet det.
No når den nye bygdavegen er bygdt, kan ein kome seg fra Holmøyvika, Høgda boligfelt og Storevika og til Gjeilefjæra utan å gå på den sterkt traffikerte riksvegen. Bygdavegen går vidare fra Gjeilefjæra forbi fabrikken og langs vatnet heilt ut til Arbeidsskulen. Kanskje med tida heilt til grendahuset Vonlund.P1130024P1130030Her ser ein bygdavegen som kjem ned bakken fra vegen som går til Storevika.
Denne rundtur snur her i Gjeilefjæra og går tilbake opp bakken og til bilvegen som går til Storevika. Der tek ein til høgre og går mot hovudvegen. Rett før hovudvegen kan ein ta inn på ei rås gjennom skogen, gå forbi tre hytter, og kome igjen på den gamle riksvegen. Da slepp ein å gå langs hovudvegen. Når ein da er komt på den gamle riksvegen igjen, går ein den tilbake til bilen.
P1130032 Også i Storevika er der hyttetomter for sal..
P1130035  Skilt ved gamle riksvegen fortel om eit aktiv bygdelag.
På tilbaketuren ser ein på høgre sida det nye industriområdet i bygda. Der har det allereide etablert seg ei bedrift med hovudkontor. I Holmøyane er de også to fabrikker om har 3-4 arbeidsplasser.
P1130460  P1130415P1130459  Bilder fra arbeidsplasser i bygda.
Denne rundturen i Holmøyane er ca 4,5 kilometer og er enkel å gå. Vær nyskjerrig og utforsk nabobygdene.P1120976

Kart over turen finn ein på ut.no: Holmøyane/ Sudstranda

GOD TUR!!