Visnesrunden er ein sentrumsnær flott skogstur der ein også får med seg kulturhistorie på turen. Runden går på skogsveg og rås og er godt merka.
Turen eg beskriv her starta og slutter ved YX- stasjonen i Stryn. Der er det parkeringsmuligheiter og ein kjem seg enkelt tilbake til der bilen står.
Første stykket går på asfalt inn den idylliske Bruagrenda. Dette er ein stille plass nær sentrum, mellom dei to bruene som går over Styneelva.Like før ein kjem til gamlebrua tek ein til høgre opp Torinabakken og vidare innover mot Årheim.f
Torinabakkjen
Etter kvart kjem ein til der skogsvegen starter. Skogsvegen går i jamn stigning til ein er på toppen ca 340 m.o.h.
Første del av runden har ein utsikt tilbake til sentrumbebyggelsen og gamlebrua. Etterkvart som ein kjem lenger opp i skogen blir det lite med utsikt. Her som mange andre plasser veks det til og utsikta blir vekk.
Underlaget på skogsvegen er flott å gå på. Langs ruta er det nokre skilt, både med stadnamn og som vegvisarar. Eg kjenner ikkje bakgrunnen for stadnamna og har ikkje funne informasjon om dei.
Ein kjem til ein hammar som har overheng. Der heiter det Skuten. Her er det laga til med benker og bålplass. Sitjeunderlag, stearinlys og ved er lagt inn i berget. Her er det muligheiter for å kose seg både dag og natt. Skuten.
Visnes ligg på skuggesida og denne haustdagen sleit sola med å finne fram i den tette skogen. Men ein ser den er der og etterkvart blir det litt lysare i skogen.
Simalamyrane
Når ein er komt forbi det høgaste punktet kjem ein etter kvart til råsa som går til Årheimsetra. Som ein ser på bildet er der skilt som viser kor ein skal ta av om ein heller vil gå til setra.
Skilt som viser veg til Årheimsetra.
Skiltet som viser veg til Saurdalen står der som skogsvegen slutter og ein skal gå over til rås. Ei nydeleg rås som er god å gå på og som er tydeleg. Å bevege seg i ulendt terreng er godt for kroppen. Det stimulerer muskalaturen på ein naturleg måte.Før ein går over i råsa er ein tur heilt ut på kanten ved masta verdt eit besøk. Da får ein fin utsikt ut fjorden, mot Bergsida og Faleide.Utsikt fra der skogsvegen slutter, heilt nede på kanten.
Stien vidare fra skogsvegen er heilt konge å gå i.
Staveneset 210 m.o.h.
Som skiltet viser så er det 1,6 kilometer til Visnes. Her på Stavneset er det store mektige steinblokker. Detter kan være artig å utforske både for store og små.
Råsa er godt trakka og det er ikkje mulig å gå feil. Her i Stavneskleiva er det litt bratt, men det er laga til med tau slik at ein har noke å halde seg i. Dette er spessielt godt når ein skal gå unnabakke og når det er sleipt og glatt. Stavneskleiva.
Staveneshola.
Langs denne runden er det fleire trimposter. Der er ein ved Monstrippen, halvvegs mellom skogsvegenden og Stavneset, og der er ein ved Stavneshola.
Sola skin på Bergsida.Jensvegen, er etter det eg har blitt fortalt, fra gammalt av råsa fra Visnes til Årheimsetra. Grinda er kjempefint og gammal. Skikkeleg handarbeid.
Hengslene på denne grinda er spesielle.
Her ved skyttergravene kontrollerte tyskarane innfarten til Stryn både på fjorden, på vegen og i lufta. Dei hadde stillingar både for kanoner og maskingevær. Skyttargravene vart aldri brukt i krigshandlinger.
Tydelege spor i trerrenget fra krigsåra.
Benk for ein kvil og tavle som fortel historia.
Ved Storeledholten er det laga til med ein kvileplass og satt opp ei tavle som fortel om spora i terrenget fra krigsåra.
Storledholten, der er tillaga med benk og tavle.
Rett etter Storledholten kjem ein til parkeringsplassen som ein nytter om ein går denne turen motsatt veg og starter fra Strandavegen. Runden eg har gått går heilt til YX-stasjonen igjen. Da går ein ned gjennom bustadfeltet. I krysset Kipervegen/Strandavegen kan ein ta snarvegen rett unnabakken. Da kjem ein til Bjørkevegen. Følg den til Seljevegen og vidare ned til utgangspunktet på YX-stasjonen.
Ut av skogen og til sivilisasjonen på Visnes.
Turen ligg også på Ut.no: Visnesrunden
0 kommentarer
2 tilbakeping