P1110988Sankt Synneva-hornet er Vågsøy høgaste fjell. Med sine 689 m.o.h byr den på ein storslagen utsikt i alle himmelretningar. Turen til toppen er knappe 4 kilometer og det er ei stigning på ca 550 meter fra Almenningsfjellet.

Sankt Synneva-hornet kan nåast fra fleire kanter, eg vil skrive om alternativet fra Almenningsfjellet.

Like før krysset til Sør-pollen/Selje på Almenningsfjellet er der ein parkeringsplass. Parker der, og gå over til andre sida av riksvegen. Følg traktorvegen inn Austadalen. Ein går forbi eit lite nedlagt gardsbruk og kjem etterkvart til vassverket innerst ved vegenden.P1110956P1110958  P1110959
Ved vassverket tek ein til venstre opp bakken. Råsa er merka med raude trestikker. Ein går mot granfeltet og finn etterkvart ei fin rås.P1110961Bilde: Ytre Nordfjord Turlag  har delvis skilta råsa.
P1110960  P1110963 Råsa går inn i granfeltet.P1110964
Ein kjem fram på ei flott tilrettelagt gamle steintrapp i eit av dei bratte partia. Dette vitner om at det er ein gammal veg som vart brukt til seter.
Turen går i variert terreng. Tildels mykje myr. For å vinne høgdemeter må ein opp, inn i mellom flater terrenget ut og ein får kvile muskelaturen litt.
P1110966    P1110967
Etterkvart som ein vinn høgde så kjem også utsikta. Ein går forbi små tjern og vatn som gir liv i landskapet.P1110968  Eldeviksetra ligg på 289 m.o.h og ligg der fint i terrenget med utsikt over vatnet.

Den dagen vi gjekk turen var det veldig vått og råsa bar tydeleg preg av mykje nedbør. Da er det godt at det på dei vanskelegaste plassane er tilrettelagt med stegtrinn så ein lett kan forsere glatte bergknauser.
P1110970Når ein kjem opp i Skogadalen ser ein fasinerande steinsel og fjøser. Dei er godt bevart og vedlikehaldne. Imponerande byggverk. Bak denne setra er det også oppmura rås/veg vidare. Det er arbeid som vart gjordt for å lette tilkomsten til fjellet for folk å fe i tidlegare tider. No er det skjerpaer fra Nepal som tilrettelegg stier/vegar i ulent terreng for oss.
P1110971Seter i Skogadalen. Flotte stein sel og fjøser.P1110975P1110978    P1110980
Frå Skogadalen er turen lettgått og råsa er vardet vidare til toppen. P1110988Da var målet nådd. Sankt Synneva-hornet, høgaste toppen i Vågsøy kommune.P1110982Utsikt fra toppen og inn Nordfjorden. Midt i bildet Hamnneset, Eidsfjorden til venstre og Isefjorden til høgre.P1110983Utsikt fra toppen mot Fåfjorden, Oldeide, Gangsøya, Grindøya og Husevågøy.P1110989 Utsikt fra toppen mot Rugsundøy og Hornelen.P1110993Utsikt fra toppen mot Barmøya, Selje og Vetrhus.P1110995Utsikt fra toppen mot Silda og Stadtlandet med Ytre Fure i strandsona.

Denne dagen var prega av skiftande veir. Skodda låg tidvis lavt og tjukk. Da vi var på toppen kom sola gjennom ei lita stund og vi fekk tatt nokre bilder av utsikta. Men ein skulle ikkje snu seg lenge fekk før motivet var innlulla i skodda igjen.

Turen til Sankt Synneva-hornet er ein fin tur som kan gjerast unna som ein treningstur eller ein kan bruke nesten heile dagen. Har høyrt rykte om at noken har vore på toppen snart 500 ganger. Slik er det gjerne, har ein funne “sin topp”, så blir det på den toppen ein går sjølv om det er mange topper ein kunne ha utforska og besøkt i nærområdet.

Kart over turen finn du her: Sankt Synneva-hornet.

Turen er fin, utsikten fantastisk. Prøv den du også!!