Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: september 2015

Sankta Synneva-hornet

P1110988Sankt Synneva-hornet er Vågsøy høgaste fjell. Med sine 689 m.o.h byr den på ein storslagen utsikt i alle himmelretningar. Turen til toppen er knappe 4 kilometer og det er ei stigning på ca 550 meter fra Almenningsfjellet.

Sankt Synneva-hornet kan nåast fra fleire kanter, eg vil skrive om alternativet fra Almenningsfjellet.

Like før krysset til Sør-pollen/Selje på Almenningsfjellet er der ein parkeringsplass. Parker der, og gå over til andre sida av riksvegen. Følg traktorvegen inn Austadalen. Ein går forbi eit lite nedlagt gardsbruk og kjem etterkvart til vassverket innerst ved vegenden.P1110956P1110958  P1110959
Ved vassverket tek ein til venstre opp bakken. Råsa er merka med raude trestikker. Ein går mot granfeltet og finn etterkvart ei fin rås.P1110961Bilde: Ytre Nordfjord Turlag  har delvis skilta råsa.
P1110960  P1110963 Råsa går inn i granfeltet.P1110964
Ein kjem fram på ei flott tilrettelagt gamle steintrapp i eit av dei bratte partia. Dette vitner om at det er ein gammal veg som vart brukt til seter.
Turen går i variert terreng. Tildels mykje myr. For å vinne høgdemeter må ein opp, inn i mellom flater terrenget ut og ein får kvile muskelaturen litt.
P1110966    P1110967
Etterkvart som ein vinn høgde så kjem også utsikta. Ein går forbi små tjern og vatn som gir liv i landskapet.P1110968  Eldeviksetra ligg på 289 m.o.h og ligg der fint i terrenget med utsikt over vatnet.

Den dagen vi gjekk turen var det veldig vått og råsa bar tydeleg preg av mykje nedbør. Da er det godt at det på dei vanskelegaste plassane er tilrettelagt med stegtrinn så ein lett kan forsere glatte bergknauser.
P1110970Når ein kjem opp i Skogadalen ser ein fasinerande steinsel og fjøser. Dei er godt bevart og vedlikehaldne. Imponerande byggverk. Bak denne setra er det også oppmura rås/veg vidare. Det er arbeid som vart gjordt for å lette tilkomsten til fjellet for folk å fe i tidlegare tider. No er det skjerpaer fra Nepal som tilrettelegg stier/vegar i ulent terreng for oss.
P1110971Seter i Skogadalen. Flotte stein sel og fjøser.P1110975P1110978    P1110980
Frå Skogadalen er turen lettgått og råsa er vardet vidare til toppen. P1110988Da var målet nådd. Sankt Synneva-hornet, høgaste toppen i Vågsøy kommune.P1110982Utsikt fra toppen og inn Nordfjorden. Midt i bildet Hamnneset, Eidsfjorden til venstre og Isefjorden til høgre.P1110983Utsikt fra toppen mot Fåfjorden, Oldeide, Gangsøya, Grindøya og Husevågøy.P1110989 Utsikt fra toppen mot Rugsundøy og Hornelen.P1110993Utsikt fra toppen mot Barmøya, Selje og Vetrhus.P1110995Utsikt fra toppen mot Silda og Stadtlandet med Ytre Fure i strandsona.

Denne dagen var prega av skiftande veir. Skodda låg tidvis lavt og tjukk. Da vi var på toppen kom sola gjennom ei lita stund og vi fekk tatt nokre bilder av utsikta. Men ein skulle ikkje snu seg lenge fekk før motivet var innlulla i skodda igjen.

Turen til Sankt Synneva-hornet er ein fin tur som kan gjerast unna som ein treningstur eller ein kan bruke nesten heile dagen. Har høyrt rykte om at noken har vore på toppen snart 500 ganger. Slik er det gjerne, har ein funne «sin topp», så blir det på den toppen ein går sjølv om det er mange topper ein kunne ha utforska og besøkt i nærområdet.

Kart over turen finn du her: Sankt Synneva-hornet.

Turen er fin, utsikten fantastisk. Prøv den du også!!

Over Kviven. Fra Kalvatn til Hornindal

Over Kviven har folk vandra i hundrevis av år.  Folk fra Austefjorden og Hondalen nytta råsa gjennom Kvivsskardet når dei skulle besøkje kvarandre til arbeid eller fest.  Alt i 1760 vart dette sambandet skildra som det kortaste vegen frå Sunnmøre til Sogn.
Mange har kjempa for  utbetring av denne traseen. Den første søknaden om støtte til veg over Kviven er fra 1877. Søknaden vart avslått mange ganger, men i 1884 vart det innvilga kr 50,- av Hornindal heradstyre.  Dette med forutsetning av at også Volda og Hjørundfjord heradstyre innvilga same beløpet. Det vart gjordt, og ei viss utbetring vart utført. Etter ca 135 år kom det tunnel gjennom fjellet og no køyrer vi Kvivssambandet fra Hornindal til Kalvatn på få minutter.

Eg vil anbefale å ta denne turen over fjellet. Det er ein forholdsvis lett overgang.  Høgaste punktet på turen ligg på 860 moh.  og distansen er ca 9 kilometer.
Ein kan sjølvsagt velge kva slags vei ein vil gå. Eg vil skildre turen fra Kvivsdalssetra og til Lillestøl.P1120121For å kome til utgangspunktet tek ein av mot Bjørke like ved Kvivstunnelen. Køyr  ca 1,5km til Bueide. Ta til høgre opp grusvegen, betal bompenger om ein ønskjer å køyre til setra.  Til setra  er det ca 2 kilometer.P1100778På Kvivsdalssetra ligg det sju små sel side om side. Her er også ein geitefjøs. Det er gode parkeringsmuligheiter om ein køyrer heilt fram.
Råsa finn ein når ein går over setrevollen, langs gjerdet mot dyrka marka. Råsa er tydeleg, lite merking første delen.
P1120122
P1120123  Fin rås fra setrevollen og innover Kvivsdalen.
P1120131  Fine kulper i elva som ein kan avkjøle seg i.
Første stykket inn dalen går råsa i slakt terreng. Opp Stegen blir det meir stigning, men enkelt å ta seg fram. Når ein vinn høgdemeter så kjem også utsikten. Her ser ein framatt dalen mot setra.P1120135På dei fleste turer eg har gått så har eg før eller seinare kjeme fram på trimposter. I nederste enden på Kvivsdalsvatnet står det også ein slik trimpost. Ta ein pust i bakken og nyt utsikten. Skriv namnet ditt i boka og sjå etter om kjent folk har vore der.P1120145Kvivsvatnet ligg på 680 moh. Og sjølv om kalenderen viste midten av august så var der fremdeles snøbreer.
P1120148     P1120149P1120152Her ser ein tilbake mot Møresida.  Denne dagen var vatnet blått blått.
P1120154   P1120157
Fra Kvivsdalsvatnet og opp siste stigninga til Kviven var råsa godt merka. P1120161P1120163  Oppe på Kviven var det snø både over og under vatn.
P1120164  Fine skilt som viser vegen vidare.
Som ein kan sjå av skilta så er her forskjellige turalternativ.  Høgenibba ligg på 1191 moh og Grendadalen på ca 400 moh. Ein slik fin dag kunne ein fortsett å gå i høgda. Utfordringa er logistikken for å kome seg heim. Når ein tek turen fra Kalvatn (Kvivsdalssetra) og til Lillestøl i Hornindal er det enkelt om ein har to biler. Parker den eine på Lillestøl og køyr vidare gjennom Kvivstunnelen. Kort vei og hente den som står ved startpunktet.P1120165Sol og snø ein sommerdag er ikkje feil. Dette bildet er tatt rett før høgaste punktet.P1120171Ingen ting å seie på utsikten mot Grodås når ein er på Kviven. Her ser ein også fjella på sørsida av Nordfjorden og nokre i Breim. Fra venstre nemner eg: Skarsteinfjellet, Ceciliekruna, Storelogpiken, Snønipa og Vora.P1120174
Nedstigninga fra Kviven mot Lillestøl er delvis merka. Ein må følge godt med for råsa er ikkje like tydeleg alle plasser. Ein skal gå på høgre side av elva som ein ser på bildet under. Og ein skal forbi denne store steinen med måling på som ligg der terrenget flater ut.
P1120176   P1120175
Når ein nærmer seg skogkanten kjem ein fram til ruinane etter Lillestølsetra. Denne setra har blitt rasert av snøskred to gonger. Første gangen var i 1944, da tok raset to av sela. I 1979 raserte eit snøras resten av bygningane.
Råsa går over setrevollen og i tidlegare tider da det vart arrangert Kvivsstemne, var det mange som tok turen forbi setra. Eg hadde litt problem med å finne råsa fra setrevollen. Men gå ned bakken mot ein steingard, da har du den.P1120179P1120181  Steingard i utkanten av setrevollen.
Fra Lillestølsetra og ned bakkane mot gardane  går råsa i skogsterreng. Råsa er tydeleg og etter kvart kjem ein inn på ein fin skogsveg. Den går heilt ned til Lillestøl. Det er beitande dyr i terrenget så lat alltid igjen grindene etter deg.P1120183     P1120184
P1120187  Oppslagstavle  med historia om Kvivsvegen.P1120191Her nærmer ein seg gardstuna på Lillestøl.
P1120193  Tilbakeblikk mot Kviven fra Lillestøl.
Om ein vil ta turen andre vegen, så køyr bygdevegen fra Grodås sentrum mot Ytrehorn. Køyr til du ser skilting mot Kviven.
Parkeringsplass for bilen finn ein ved eit lager like ved Kvivsbrua. Sett bilen slik at den ikkje står i veien for andre.P1120171

Kart over turen finn du på ut.no: Over Kviven. Fra Kalvatn til Hornindal

TA TUREN OG UTFORSK TERRENGET OVER TUNNELEN.

Klubbkveld i naturen/ Hammertunet-Tvinnefossen

P1120317Denne veka har eg vore på den kjekkaste klubbkvelden noken gong. Vertinna inviterte til klubbkveld i naturen. Randabygda gav dei finaste rammene for ein slik kveld. Sola skein fra nesten skyfri himmel, fjorden låg speilblank, temperaturen var akkurat passe og jentene var i godt humør.

Vi kom til utgangspunktet i halv seks tida og vart umiddelbart tatt imot av han Jakob, bonden i Hammerstunet. Han baud på plommer og vi vart losa ned til plommetreda. Der var det berre å forsyne seg.
P1120313    P1120312
Når damene hadde fylt magane med plommer var det tid for litt guiding i tunet. I Hammerstunet er det ialt 24 hus å ta vare på. Mange av desse er frå tidleg 1800-talet. Vi fekk omvisning i Gamlestova, Matstova, Nystova og Stabburet. Jakob fortalde oss kva dei forskjellige husa hadde vore brukt til og korleis dei levde der.

Gamlestova var bustadhus der den daglege aktiviteten som matlaging, snekring og soving føregjekk. I matstova koka dei mat om sommaren og nystova vart brukt som gjestehus.
Etter omvisninga i tunet gjekk turen vidare innover bøen. Der fekk vi orientering om frukthagane, beitedyra og om alle uteladene. Ein kommentar som gjekk igjen blandt jenten var : » fy kor bratt det er».  Og det er verkeleg bratt der ute. Nesten vaskeleg å fatte at det går ann å drive gardsarbeid på ein slik plass.P1120342P1120348  P1120339 Utelader og steingarder .
Fra Hammerstunet og innover dyrka marka er der veg. Dette er ein del av kulturløypa og kan brukes som turveg sjølv om den går over dyrka mark. Vis hensyn til beitande dyr.
Eit stykke etter dyrka marka tok vi av til venstre og opp råsa til Tvinnefossen. Skal sei damene fekk løyst svetten i dei bratte bakkane.  Med magen full av plommer gjorde det godt å få bevege seg skikkeleg.P1120381Vannføringa er ikkje av dei største no om hausten, men det buldra no bra når vatnet fossa over kanten.

Alle som går i klubb veit at som vertinne for ein klubbkveld må ein alltid ha noke godt på lur. Og det vart det denne kvelden også. Vertinna hadde ordna med mat og frakta den på plass før resten av gjengen inntok bygda.P1120393   P1120394 Mykje god mat.P1120399Når vi var ferdige med bordsetet, sola var forsvunnet høgare i landskapet så var det tid for å rydde opp. Sjølvsagt forlet vi plassen like fin som vi fant den.

Langs vegen frå Tvinnefossen og famatt til parkeringsplassen var det laga til med flotte aktiviteter. Dette er det ein gjeng som ordner med kvar sommar. Artige innslag på turen.
P1120429 Oppfinnsomm gjeng har gjordt turen meir innhaldsrik. (trykk på bildet og zoom)
Høge som denne klubbgjengen var på den flotte naturen, all den friske lufta, den gode maten og det kjekke selskapet så kosa vi oss fælt med aktivitetane. Damene i 50-60 årsalderen fekk plutseleg fjortis fakter og støyniået vart til tider høgt og lattermusklaturen fekk trimma seg skikkeleg.
P1120406    P1120408
P1120413    P1120412
P1120404
P1120420     P1120417  Minikleiva. Eit sporty påfunn.P1120434P1120430  P1120432 I Gamlegarden var det fint pynta.P1120424Som det ofte går når det er klubbkveld….. klokka går fort og sola glader. Intet unntak denne kvelden.

Vel framme på Rand igjen, var det enda meir kulturelle innslag. Denne gangen omvisning i gamlestova på garden. Imponerande samling av ting fra gamle dager krydra med historier frå farne tider, om livet så heilt annaleis enn det vi lever no.P1120452Etter omvisninga i gamlestova var det dekka til kaffi og kake på terassen hos Mona og Mathias. Dei tok imot denne klubbgjengen med åpne armer. Invitasjonen til dei til neste uteklubb står ved lag.

Dette vart ein innholdsrik klubbkveld som innheldt alt. Flott natur, intresante historier, kulturelle innslag, trim, god mat,  prat og mykje latter. Ein perfekt klubbkveld etter min smak. Tusen takk til vertinna.

ANBEFALER GJERNE Å ARRANGERE KLUBBKVELDEN UTE I NATUREN.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑