P1110866Denne turen går på ein gammal setreveg frå Jøl bru til Skjerdingsdalsetra. Ein fasinerande veg som vart bygd i 1852. Eg har lese historia om korleis det var å ta seg til denne setra i tidlegare tider, og henta informasjon fra boka til Kjell Råd, «Setrar i Oppstryn og Nedstryn».  Mange lokale personar har delt sine skildringar og historier om farne tider med forfattaren av boka.
Det er gardane på Skåre, Grov, Grønfur, Mork, Dårflot og Fosnes som har seter her.
Setrevegen gjennom Glæra kunne være lang og vanskeleg, men enda lengre og vanskelegare var det før den vegen kom. Da tok dei dyra til Glomnes, opp bakkane og inn Glomsdalen til Stol. Vidare over fjellet og Nautebreen og ned i Skjerdingsdalsbotnen og fram til setra. Ein tur som kunne ta to dagar. Denne vegen vart nytta heilt fram til 1851.P1110867Midt i bildet ser ein setra med det mektige Sætreskarsfjellet ,1606 moh, bak. Tverrelva kjem fossande over Sætreskardet. På høgre sida av fjellet og setra går Grasdalen og på venstre sida går Skjerdingsdalen vidare inn til Skjerdingsdalsbotnen. Begge dalane er er store og gode beitedaler med plass til mange dyr. Det har vore god mjølkeprodusjon opp gjennom åra på setra. På eit tidspunkt var det også eit meieri i drift. Men med den strabasiøse vegen var det også mykje arbeid med å få melk, smør og ost fram til folk. Setra ligg høgt til fjells, ca 600 moh.

Etter funn av gamle tufter langt framme i dalen, tyder mykje på at dalen var i bruk allereide på 15- og 1600 talet.
Først i 1975, da heilårsvegen over Strynefjellet kom, vart det enklare for bøndene som har dyra på beite på Skjerdingsdalssetra. Da kunne dei ta i bruk traktor eller lastebil for å få frakta dyra til seters.

P1110872
Ein kan ta denne turen begge vegar. Eg har valgt å starte oppe på setra og gå nedover til Jølbru. Der er stor og fin avkjørsel/parkeringsplass like ved setra. Start turen med å gå forbi setrevollen.  Det er rås som går nedover langs elva. På grunn av at der er mange storfe på beite, blir råsa opptrakka og uttrakka og kan være vanskeleg å følge somme plasser. Ta retning mot Glæra, stien som er uthogd i fjellet, og gå langs elva til ein kjem til brua. Brua er trygg og fin å gå på.
P1110874 Brua ser spinkel ut, men er fin og trygg å gå.P1110877  Godt å ha eit tau å holde i.

P1110882  Etter brua er råsa fin og tydeleg.

P1110887  P1110888
Langs heile turen kan ein tydeleg sjå at det har blitt lagt ned eit stort arbeid med vegen. Den er mange plasser ca 1 m breid og ein ser fine muringar. I sjølve Glæra, der vegen er sprengt ut i fjellet, er det også brei og fin trasè. Det er ikkje vanskeleg eller skummelt å ta seg fram. Langt nede i dalbotnen, 200 meter under stien, høyrer ein Skjerdingsdøla buldre. Ved store nedbørsmengder kan det være fare for steinsprang. Ein bør  ikkje ta denne turen for tidleg på året, da det kan ligge snøfonner.  Ved stor snøsmelting renn det små bekkar ned den svarte fjellsida.P1110895  P1110897P1110902Utsikt tilbake mot Skjerdingsdøla, Skjerdingsdalssetra og Sætreskardsfjellet.P1110910 Her ser ein råsa gå like under snøbreen.
P1110914  P1110922
Imponerande arbeid er lagt ned på setrevegen.
P1110916  Langt der ned i jølet renn Skjerdingsdøla.
P1110924  P1110925

P1110926
Når ein nærmer seg Jøl bru kan ein sjå rester av ei vakthytte som tyskarane bygde for å vakte brua.

Jøl bru er ei stor kvelvingsbru som er bygd i 1883. Dette imponerande byggverket har omkring 8 meter med mur frå sjølve kvelvinga og opp til vegbana. Eg har høyrt fortalt at ein av arbeidarane som jobba på brua, leid eit stort tap da han under arbeid miste spettet sitt i jølet. Det var ikkje berre berre å få fatt i det igjen.P1110929Turen fra Skjerdingdalssetra og til Jøl bru er på knappe 5 kilometer. Turen er ein fin familietur. Starter ein på setra som ligg ca 600 moh så har ein fin nedstigning til Jøl bru som ligg på ca 280 moh.
På grunn av snøfonner og steinsprang bør ein gå denne turen om sommaren og når det er tørt i veiret.

Kart over turen kan du finne her: Skjerdingdalssetra – Jøl bru.