P1110322Denne gangen vil eg skrive om ein fin tur i kulturparken på Ulvedal. Her får ein sjå og lese om mykje gammal kulturhistorie.

For å kome seg til utgangspunktet køyrer ein Panoramaveien på Nordsida av Nordfjorden til Ulvedal. Der parkerer ein ved Sagedammen. Der er satt opp kasse for bompenger og eg oppfordrer alle til å betale dei 20 kronene som det koster.
Nordsida Utviklingslag har lagt ned eit stort arbeid med å gjere alle kulturminna  og turveiane på Nordsida tilgjenngelege.

Kulturløypa er ei rundløype på ca  6 kilometer og kan sjølvsagt gåast begge veier.
P1110296  P1110297
Ei stor tavle er sett opp ved parkeringsplassen ved Sagedammen. Der kan ein lese litt om dei forskjellige attraksjonane som ein finn langs kulturløypa og ellers på Nordsida. Ta deg tid til å studere oppslaga og få med deg litt av historia om dei forsjellige plassane.

Ein kan også lese om plassane her

Turen eg skriv om går fra Sagedammen til Tjærehjellen, Lunden, Rabben, Gardfjøsane, Vetestova, Koparminene, rundt Sagedammen og ned Kvernhusdalen. Ei runde som blir ca 6 kilometer.

Start med å gå på asfalten mot Stryn. Gå ca 300 meter til du kjem til skiltet som viser veien til Ulvedalstunet. Ta av og gå grusveien ca 300 meter motebakka før du tar av mot skogen. Akkurat der ein tar av fra grusveien var det litt dårleg merka, men eg legg ved eit bilde som viser kor det er henn.
P1110406  P1110407
Ta av fra asfalten til Ulvedalstunet og fra grusveien ved denne store tanken.
P1110409  Der heng raude merker ved grinda.
P1110410  Tjærehjellen
Tjærehjellen er ein gammal produsjonsplass for tjære. Råstoffet for produksjon var kløyvd tyrived og røter. Desse vart plassert i ein haug opp på hjellen og dekt med torv. Dette for å redusere lufttilgangen når dei sette fyr på veden. Veden brann da seint og tjæra vart kokt ut. Tjærehjellen på Ulvedal er nyrestaurert.

Turen går vidare til venstre for tjærehjellen og opp i skogen. Ein kjem etterkvart til Lunden, eit naturleg amfi og tidlegare stemneplass like ved den 450 år gamle garden Ulvedal.
IMG_20150630_184314  Lunden, ein gammal stemneplass.
Vidare går turen forbi husa i Ulvedaltunet. Dette er eit levande og hektisk gardstun så vis respekt for privatlivet og arbeidet som føregår der.  Ein går mellom nokre uthus og litt på baksida av sjølve tunet innover mot Rabben.

Rabben er ein husmannsplass frå tidleg på 1800- talet. Her får ein sjå ein komplett husmannsplass som er fint restaurert og helde vedlike. Vi som gjekk turen som ein tirsdagstur var så heldige at vi hadde ei avtale med eigaren, og fekk kike inn i huset. Det var ikkje store plassen dei hadde å boltre seg på. Men veldig koseleg.IMG_20150630_184907Fra Rabben går turen vidare motebakka, eit lite stykke på skogsvei, før ein tar av fra veien og tek til høgre opp langs gjerdet. Da kjem ein til dei gamle gardfjøsane som høyrer til garden Ulvedal. Her har nok mang ei kyr gitt fra seg mykje god fersk melk.P1110314 Gamle gardfjøser som høyrer til Ulvedal.

P1110312    P1110316 Enkel sti å følge.
Frå gardfjøsane går råsa vidare til venstre for gardfjøsane. Ein går gjennom eit hogstfelt og føl råsa som svinger til høgre og opp bakken. Vidar går råsa i skogen eit stykke før ein kjem til Vetestova som ligg 450 moh.P1110318Vetestova på Ulvedal er ei 1000 år gammal vakthytte frå det gamle vetesystemet. Denne hytta er den einaste av sitt slag som står på sin opprinnelege plass. Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover landet. Ved vetestova på Ulvedal hadde dei som oppgåve å halde auge med veten på Dimma i Gloppen. Når eld og røyk steig opp frå Dimma, vart bålet kveikt på haugen ved denne vetestova. Dermed gjekk meldinga vidare til Bergsida ved Stryn og vidar derifrå. Meldinga om ufred i landet gjekk frå sør til nord på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800-1000 vetestader.P1110320 Info om Vetestova. Klikk på bildet og zoom.
Frå Vetestova går ein vidar i merka rås mot Koparminene.  Enkelte plasser kan det være vanskeleg å sjå dei raude banda, men ta deg god tid å sjå godt etter så finn du fram. Råsa er ganske tydeleg.
P1110329
P1110330 Dei fleste banda er tydeleg å sjå.
P1110331  No veks det ei furu på toppen av ei av koparminene.
Fra koparminenen går råsa til venstre over myra. Terrenget blir no meir myrete, men enktlt å følge merkinga.
P1110332  P1110333
Etter kvart  ser ein ned på ein grusveg. Dette er grusvegen som går opp fra Roset og til dyrkafelta og vidare mot Demmene. Du kan velge om du vil gå ned på grusvegen med ein gong eller fortsetje på råsa eit stykke til.P1110339
Framme ved grusvegen ved dette skiltet  er det berre å følge skiltinga mot Demmene. Denne grusvegen går rundt Ulvedalsdemmene og nedatt til Sagedammen. Eit lite stykke av den er smalere så det går ikkje ann å køyre bil rundt.
P1110347  P1110350P1110348Her kan ein nyte stillheita og roen mens ein vandrer langs Demmene. Fisken vaker og er ikkje umulig å fange. Om ein har tenkt å fiske så husk å kjøpe fiskekort før du legg av gårde på tur.

Når ein har gått rundt Demmene og komt til nederste enden ser ein det fine grindebygget til Varden 4H. Ein idyllisk plass for mange slags aktiviteter. Og når ein les plakaten så kan ein sjå at det er muligheiter for å  leige huset.P1110359 Grindebygget til Varden 4H med fin uteplass.
P1110357  Trykk på bildet og zoom så kan du lese plakaten.P1110356  Også eit toalettbesøk er mulig.
Ved den nederste enden av Demmene er der også ein fin plass for ein rast. Her er det plass for heile storfamilien å ta ein pause og ete nista si. Nordfjord fritidssenter har kano som dei leiger ut. For nokre år sia vart det laga til fiskebrygge ved enden av Demmene. Desse har nok sett sine beste dager, men er ein forsiktige kan ein bruke deler av dei. Alt skjer på eige ansvar.
P1110363 God plass for piknik.
P1110365  Fiskebrygga.

Når ein fortset turen fra Demmene så står neste høgdepunkt for tur. Kvernhusdalen. Langs elva Ulva er det eit unikt kvernhusmiljø. I alt sju kvernhus står langs elva med ganske tett avstand. Dette er truleg den største kvernhussamlinga i landet. Kvernhusa har namn etter kva gard dei høyrde til. Før i tida vart det brukt namn på gardane etter bondens namn som gjerne gjentok seg i generasjoner.

Mattiskvernhuset: høyrer til på Roset

Jakobkvernhuset: høyrer til på Roset

Markuskvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Teigakvernhuset: høyrer til i Teigen

Tunakvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Kollbenkvernhuset: høyrer til på Roset

Antonskvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Les meir om denne fantastiske kulturhistoria her :Kvernhusdalen

Når ein går ned over grusvegen så ser ein snart dei flotte bygningane langs elva. Om ein går forbi det første så er der fin trapp ned til det andre kvernhuset i rekka. Da kan ein gå på fin sti vidare langs elva og få sjå alle kvernhusa på nær hold.P1110373P1110370  P1110371
Rett før du kjem til det siste kvernhuset går stien opp bakken og ein er komt tilbake på grusveien. Da er det berre å følge den unnabakken så er ein snart komt tilbake til Sagedammen.

Velger ein å ta med bilen opp til Demmene så er det  bomvei.  Betal dei kronene med glede.
P1110394 Bomavgift kr 20 for veien til Demmene.

Om ein velger å ta turen fra Sagedammen til Demmene og vidare på grusveien så er det fint å ta med sykkel. Også barnevogn/sportsvogn og trøtraktor er fint å ta med. Her kan heile familien være i lag på tur.

Kart over turen finn du her: Kulturløype på Ulvedal

UTFORSK NÆROMRÅDET OG SJÅ DETTE FLOTTE KULTURHISTORISKE OMRÅDET.