Ein ny tur er utforska og denne gangen har turen gått til Høgefossen og Långhamrestova i Innvik. Ein enkel og lett tilgjengeleg attraksjon som er verdt eit besøk.Ein startar turen på Drageset, 380 moh. Utgangspunktet for turen er på den store parkeringsplassen like ved der bomvegen inn Innvikdalen starter. Turen til Høgefossen og Långhamrestova går på skogsvegen til venstre på parkeringsplassen. Som ein ser av skilta så er her fleire turalternativer med forskjellige lengder.
Første stykket går på fin grusveg. Her som ellers må ein huske å late att leda/grindene etter seg.
Etter ca 300 meter,ved ein garasje/vedlager, tek ein til venstre. Føl ein vegen til høgre kjem ein til Remestøylen.
Terreng er slakt og underlag mjukt å gå på. Her er mykje granskog så det er lite med utsikt. Men av og til kjem ein til ei lysning i skogen og da har ein fin utsikt nedatt til Innvik, over fjorden til Blakseter og ut fjorden mot Ulvedalsneset
Fine og tydelege skilt viser vegen vidare og at det er andre turalternativ i området. Når ein ser dette skiltet skal ein ta av fra skogsvegen og gå over i rås på venstre side av vegen. Råsa ned til fossen er tydeleg og godt merka med raude band.
Fin sti og godt merka.
Jørnladene er eit anna turalternativ.
Terrenget ned til Høgefossen er spennande, med mange høge berg og overheng. Bruker ein fantasien kan ein kansje også sjå troll…..Eit eldorado for unge turgåare.
Her kan ein sitje i skuggen om sola er for varm eller sitje tørt om du har valgt ein regnveirsdag å gå på tur i.
Om ein vil ha med seg Långhamrestova går ein råsa tilbake til skogsvegen og fortset på den til ein kjem til nye skilt. Da går stien opp gjennom granskogen, følg merka sti.
Nokre hindringer på stien,men det går fint å kome forbi.
Långhamrestova. Naturens eige byggverk under berg og store steiner. Ein liten vegg oppbygd av stein er lagt opp for å lage det lunare i stova. Inne i stova er det laga til eldstad og moglegheiter for å setje seg rundt bålet.Her står eg på «taket» til Långhamrestova.
Frå Långhamrestova går det merka sti vidare til Dryppsteinhola. Vær nyskjerrig og ta turen og undersøk hola. Ta gjerne med ei strek lykt for å få utforska litt.
Kart over turen finn du på ut.no: Høgefossen – Långhamrestova i Innvik
GOD TUR!!
0 kommentarer
2 tilbakeping