P1100199Å være turist i eigen kommune er heilt fantastisk. Utforske nærområdet, bli kjent og sjå den flotte naturen vi har rundt oss. Og ein treng ikkje reise så langt. Eg har vandra mange turer i dei fleste bygdene i kommunen, men likevel er det enda mykje å oppdage. Og om ein har vore der før så forandrer naturen seg over tid. Det fekk eg sjå på min tur på Hopland. Eg fekk sjå korleis naturen forvandla ei perle til eit inferno av stein og tre. Og dette skjedde ei natt da store vannmasser tok nye veier.

TVINNEFOSSEN

Namnet kjem av at elva eit langt stykke fossar eller kvervlar rundt, som når ein tvinner garn. Det vert sagt at dette er den einaste fossen i Nord Europa der folk og dyr kan passere under sjølve fossefallet. I gamle dager var dette vegen dei brukte når dei skulle frakte dyra ned til fjorden.

Utgangspunktet for turen er Rand skule på Hopland. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.
P1100154
 Skilt viser utgangspunktet.
Fra skulen til Tvinnefossen er det 1400 meter i flatt terreng. Dette er overkomeleg for både små og store. Vegen er fin å gå på og det er mykje fint å sjå. Utsikten er upåklageleg.
P1100156  P1100157
Her ser ein første stykke av turen. Det går på grusvegen som går til gardane på Skrede og Rand. Når ein går langs veien så må ein studere på korleis det er for bøndene på slike plasser. Bøane er bratte som fy. Her på bildet ser ein at ein bonde har gjordt klart til vårens vakraste eventyt, gyllinga. Ei nødvendigheit for bøndene og for oss andre som også skal ha mat.
P1100159P1100161  P1100165
P1100162 På veg innover går ein forbi gamleskulen i bygda. Den var i bruk til midten av 70-talet.  Vidare går gardsveien under låvebrua. Og når ein går langs fjøsveggen ser ein desse flotte melkehølkja. Desse er kanskje i bruk enda. Og ein blir så glad når ein ser kor det er pynta ved fjøsveggen.
P1100167  P1100170
Når ein er komt forbi siste garden på Rand, «Gamlegarden», går vegen vidare innover bøen. Underlaget er mjukt å gå på og ein kan berre konsentrere seg om å nyte turen. Når ein kjem til utmarka og grinda er det skilta så det er ikkje tvil om kor vegen går vidare.
P1100172   P1100177
Rett før fossen er der sett opp benker og bord så ein kan ta ein pause. Kansje passer det ikkje for alle å gå siste stykket til fossen. Det er ca 100 meter fra rasteplassen og til fossen. Der er sti, litt steinete, men greit å gå. Ein må være obs på at steinane kan være glatte. Plassen er sikra med kjetting og alle går på eige ansvar. Mellom rasteplassen og fossen er der bygt eit utsiktsplatå. Da er det berre å stille opp og posere for fotografen.
P1100209  P1100184P1100205P1100186  P1100189

P1100193  P1100194
Fossen, Fjorden og blankskura elv.P1100195Når ein har vore inn og bak fossen så kan ein velge om ein vil gå same vegen tilbake. Da blir det ein tur full av inntrykk på knappe 3 kilometer. Har du lyst til å gå ein lenger tur så bli med ned til fjorden og Tvinnekråna.

TVINNEKRÅNA

Tvinnekråna er eit gammalt sagbruksmiljø som høyrer til garden Hammer. Bandsaga vart teken i bruk i 1920. Her blei det produsert ferdige tynner, tynnestavar og tynneband. Det var om våren og fram mot jonsok og om hausten der var nok vatn i elva til drift av saga. Kvernhuset, som inneheld kvernstein og tørkeheller, vart bygd i 1928. Same året kom det straum til bygda og bandsaga vart flytta opp i tunet. Sirkelsaga vart same året sett opp i Tvinnekråna. Då vart det tradisjonell sagdrift. Saga var i bruk fram til 1952-53.

Fra rasteplassen der det står benker og bord går det ein sti/rås ned til Hammerstunet. Dette er ein bratt men fin sti. Når ein er komt til Hammerstunet kan ein, om ein vil, avbyte turen og gå bilvegen tilbake til utgangspunktet. For å kome til Tvinnekråna, går ein vidare austover fra tunet og ned mot fjorden.
P1100178  Bratt, men fin sti til Hammerstunet.
P1100212     P1100214
P1100215     P1100221
Når ein har gått unnabakke ei stund kjem ein ned på ein traktorveg/skogsveg. Føl den og ein kjem etterkvart inn på dyrka mark. Her er det viktig at ein held seg på traktorvegen. Det er ikkje lov å  trakke på innmark. Ikkje berre enkelt å være bønder i slike bratte bakker. Må nesten sjå det for å forstå kor bratt det er. Vi såg mange utelader. Mange av dei stod på høge murer. Eit kunstverk i seg sjølv.
P1100222    P1100230
P1100232  Sikre vårteikn.
Når ein er komt fram til låven i Hammerstunet, går der ein traktorveg inn og nedatt mot fjorden. Der står skilt på låveveggen. Også denne vegen er fint underlag å gå på. Den er ikkje så bratt der den svinger seg ned mot fjorden.P1100235   P1100236P1100237
P1100241   P1100244
Nede ved fjorden ser ein kva slags ødeleggelser flaumen har gjordt. Her var det ei idyllisk perle med eit gammalt sagbruksmiljø. Og no er det eit stort rasområde. Enorme krefter har vore lause og reve med seg mykje stein, jord og tre. Eit under er det at saga fremdeles står på murane sine. Elva har delt seg og latt saga stå, men store mengder stein og jord har blitt lagt att inn i saga. Eigaren har litt av eit arbeid med å få plassen tilbake slik den var.  Nyt stunda ved fjorden. Her er det stilt og fredeleg.  Når ein er klar for å starte på oppstigninga igjen så går turen tilbake til Hammerstunet. Da kan ein velge om ein vil gå tilbake same vegen som ein kom fra Tvinnefossen eller om ein vil gå bygdevegen opp att til parkeringsplassen ved skulen. Turen langs bygdevegen er ein flott tur, der ein tek høgdemeter for kvart skritt opp bakkane.
P1100255   P1100256

Denne runden er på ca 7,5 kilometer.

Kart med innteikna rute finn du på: Tvinnefossen – Tvinnekråna

GOD TUR OG NYT VÅREN!