Maursetsetra er seter for gardane på Maurset og for ytre Hatledal. Den ligg høgt og fritt i lida over gardane. Sela har i dei seinare åra blitt restaurerte. Setredrifta var truleg slutt på i begynnelsen av 1960 åra.
Det er flott utsikt og ein ser vide. Markane il sitt skianlegg, Ullsheim, ser ein her midt i bildet.
Eg har tatt utgangspunkt for denne turen fra Ullsheim. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.Bilde: Her ser ein Maursetsetra fra Ullsheim.
Det er tydeleg og god rås/sti til setra. Utgangspunktet er det same som for turen til Grendasetra. Gå over skistadion, tar av til venstre for brua på stadion, gå ned bakken og fortset stien oppatt langs med linja. Gå på den flislagde traseen eit lite stykke. Ta til venster over ein haug og fortset rett motebakka i stien/råsa rett under linja. Når ein kjem opp til Nordaelva går stien/råsa på austsida første stykket.
Det er laga til god og stødig bru over elva. Når det er varm og fint veir er der fleire kulper i elva som er fine og utforske, og kansje kjøle seg ned i for dei minste.
Bilde: Stien/råsa er ikkje merka, men tydeleg i terrenget.Bilde: Mange fine plasser å setje seg ned og kvile. Her er det berre fantasien som set grenser for aktivitet.
Bilde: Utsikt mot Hornindalsvatnet.Bilde: Utsikt fra Maursetsetra og mot bygda.
Turen fra Ullsheim til Maursetsetra er ca 2 kilometer.
Fra Maursetsetra er det ein fin tur å ta vidare opp bak sela og opp bakkane til ei fin bru som går over Nordaelva. Vidar til Grendasetra og nedatt til Ullsheim.
Markane il har trimposter både på Maursetsetra og Grendasetra.
Kart over turen finn ein på ut.no: Maursetsetra
TA EIN SETRETUR OG NYT HAUSTVEIRET
Legg igjen en kommentar