Preikestolen er eit av landets mest spektaluære fotomotiv. Ikkje alle får oppleve sol, skyfri himmel og utsikt inn Lysefjorden og fjella rundt. Den dagen vi tok turen var det veldig skiftande veir og vi fekk tjukk skodde og regn da vi var på platået. Sjølve platået er 25 x 25 meter stort og rager 604 meter over Lysefjorden.
Preikestolen har vore eit turistmål i over 100 år. Kvart år er det utruleg mange som tek denne turen. I 2013 var det ca 205 000 personer som tok den ca 4 kilometer lange turen opp fra Preikestolhytta. Høgdeforskjellen er på 330 meter. Sesongen for å gå på Preikestolen er april – oktober. Det er ikkje anbefalt å gå turen om vinteren.
For å kome til Preikestolhytta som er utgangspunktet for denne turen, tek ein ferge fra Stavanger til Tau og følger skilting på Rv 13 eller ferge Lauvvik til Oanes og skilting på Rv 13. Det er også gode bussforbindelse i sesongen.
Ved Preikestolhytta er det opparbett store parkeringsplasser med toalett og servicbygg. I høgsesongen er det også parkeringsplass eit stykke før Preikestolhytta. På begge desse plassane må ein betale parkeringsavgift.
Ingen tvil om retninga ein skal gå.
Turistforeninga har T- merka stien til Preikestolen. Her fra utgangspunktet ved parkeringsplassen. Stien er godt tilrettelagt. I 2013 og 2014 har sherpaer fra Nepal jobba med stien. Flotte trapper og steinsetting er resultatet.
Etter å ha gjordt unna første stigninga kjem ein opp på eit utsiktspunkt. Her ser ein tilbake til Preikestolhytta og parkeringsplassen.
Stien går i kupert terreng. Her viser tydeleg slitasjen på vegetasjonen.
Over blaute myrparti og opp bratte urer er stien godt tilrettelagt for fotturistane. Anbefaler å gå turen tidleg på dag om ein går i høg sesongen. Det vart etterkvart mykje folk i stien.
Sjølv om det er sommer skifta veiret fort. Ein skal ikkje undervurdere turen. Gode klede og gode sko er ei nødvendigheit. På vår tur møtte vi folk i sandaler, miniskjørt og tynn overdel. Vi hadde hue, votter, ull og goretex klede.
Mange plasser ligg stien ut på kanten.
Eit lite glimt av Lysefjorden fra Preikestolplatået.
Så langt, men ikkje lenger. Ein skimter så vidt fjoden langt der nede.
ER EIN PÅ DENNE KANTEN AV LANDET SÅ ANBEFALES TUREN TIL PREIKESTOLEN.
Legg igjen en kommentar