Erdalen skjærer seg sørvestover fra Strynsvatnet mot Erdalsbreen. Dalføret er ein brei U-dal med kulturlandskap og høge fjell på begge sider. Gjennom dalen renn Erdalselva.
Turen inn Erdalen til Vetledalsetra er ein forholdsvis enkel og lett gått tur. Naturen er majestetisk med spor fra tidlege tider da dette var ferdselveg over Jostedalsbreen. Heilt fram til tidleg på 1900- talet var denne veien nytta som ferdselsveg og drifteveg. Brevandring og turisme starta tidleg på 1800- talet.
På vei til utgangspunktet, Greidung, som ligg lengst inn i dalen køyrer ein forbi store, flotte og flate garder. Omkransa av mykje fjell og blankskurte fjellsider.
Rett før ein kjem til Greidung er det parkeringsplass. Der er også ein flott og innbydande rasteplass. Her kan ein ta dei siste forberedelsane til turen. Også fint å benytte om skal vente på følget sitt etter turen.
Ein kan også velge om ein vil køyre vidare. Køyrer ein gjennom tunet på Greidung så kjem ein til «bomstasjonen».
Eg har tatt utgangspunkt på parkeringsplassen. Turen inn til Vetledalsetra er 6 kilometer med ein høgdeforskjell på ca 450 meter. Dei første 200 høgdemeterane er på grusvei. Der etter er det tre parti som er stigning. Første partiet møter ein rett etter Loppeset. Så er det ei stigning opp Hesthammarane. Den siste stigninga er på vei til Vetledalsetra. Opp Reset.
Bilde 1: Erdalselva som renn ned fra Loppeset. Bilde 2: Greidungtunet med Greidunghyrna i bakgrunnen.
Her bør alle som køyrer til Loppeset betale avgift.
Grusveien fra Greidung til Loppeset er lett å gå og eg anbefaler å ta heile turen fra parkeringsplassen. Her ser ein tydeleg at det har vore nedlagt mykje arbeid i tidlegare tider for å få den til. Mange og store muringer.
Har ein gått fra Greidung er det godt å setje seg ned og nyte utsikten når ein kjem eit stykke opp i bakkane. Her ser ein gardane i Erdalen, Oppstynsvatnet, Flo og Fedalsnibba midt i bildet.
Ta deg tid til å lese info skilt.
Om ein køyrer bomveien så køyrer ein til Loppeset. Der er det parkeringsmuligheiter. Her fra er det brei vei eit stykke før ein tek av til venstre opp stien.
Bilde: Eit lite skilt fortel at ein er komt inn i Nasjonalparken.
Når ein går inn dalen ser ein tydeleg at dette er ein sti som er jobba med. Store steiner og heller er lagt godt tilrette så stien skal holde seg. Dette er truleg gjordt i den tid den vart nytta som drifteveg/ferdselsveg over breen.
Bilde: Erdalsetra/ Storesetra/ Heimesetra kjært barn har mange namn.
Bilde: Kunne vore tatt rett ut av Freiareklamen.
Gardane som har seter her har storfe og sauer på beite. Her er store flate områder på begge sider av breelva.
Veien vidare fra Erdalsetra til Vetledalsetra går på nedsida av setrehusa. Eit lite skilt viser kvar ein skal gå. Stien snor seg mellom steinar før den igjen blir jamn og fin.
Bilde: Litt trolling her….
Bilde 1: Fin og flat sti inn dalen. Bilde 2: Her er ein komt opp siste stigninga inn mot Vetledalsetra.
På veien til Vetledalsetra går ein opp ei stigning og kjem opp på Reset. Her har ein flott utsikt framatt dalen. Her ser ein dei store flatene og områda som beitedyra har.
Vetledalsetra ligg på ca 600 moh. Her har DNT (Turistforeninga) ei sjølvbetjent hytte. Vetledalsetra er eit flott utgangspunkt for turer inn på Vetledalsbreen og Erdalsbreen. Har ein brekunnskap og utstyr kan ein gå feks. til Slæom, Fåbergstøylen eller Lodalskåpa. Det er også her turistforeninga har utgangspunkt for den tradisjonelle breturen «Josten på langs».
Turistforeninga si sjølvbetjente hytta er restauret og har seks sengeplasser og fire ekstra madrasser. Ein flott tur og ta med barn på ekspedisjon, og overnatte på hytta. Ei oppleving der stearinlys og utedo må gjere nytta.
Turistforeninga si sjølvbetjente hytte ligg fint under den mektige Strynekåpa (1530m). Til venstre for hytta ser ein inn Storedalen mot Ulvestigen, oppgangen til Erdalsbreen.
Veiret skifter fort og regnbygene kjem fort over breen og ned dalen. Her er det både sol og regn.
Kart over turen finn ein på ut.no: Erdalsetra – Vetledalsetra
UTFORSK NÆROMRÅDET, TA I BRUK ALLE DELER AV KOMMUNEN. GOD TUR!