Utgangspunktet for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.
Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.
Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS har opparbeida. Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.
Da kjem ein inn på den asfalterte ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.
Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.
Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.
Frå Gamlesetra går eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Fra Gamlesetra har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.
Bilde: Turløyper Stryn har sett opp skilt langs traseen.
Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.
Bilde: Grendasetra.
Bilde: Selet høyrer til garden Svingeset. Her er ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!
Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.
Turen vidare går over setrevollen og opp bakken rett bak setrehusa. Der er raude merker på steinar og råsa er godt trakka og er enkel å finne
På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.
Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».
Toppen av Blånibba fra Smalurvarden og utsikt sørover fra Smalurvarden
Bilde: Blånibbvatnet.
Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.
Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden i godt merka rås.
Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.
Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.
Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.
Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.
Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.
Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er god rås som er merka.
Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.
Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.
Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.
Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medlemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.
På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.
Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.
Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.
Langs traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.
Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim. Årestova kan også tingast til private arrangement.
Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane.
Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.
Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddast når ein har brukt det.
GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!
Kart over turen finn ein på ut.no: Blånibba, ein enkel topptur – rundtur om Holesetra