Denne turen har eg gått mange ganger. Det er ein forholdsvis lett tur på ca 8.5 kilometer. Turen kan gåast med utgangspunkt ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og i Vikalida nær Stryn sentrum. Den kan også delast opp dersom ein syns det er langt å ta alt på ein tur. Eit alternativ er å starte ved PreTre sin fabrikk på Langesethøgda.
Tar ein utgangspunktet i Vikalida, køyrer ein gamle riksveien mot Lindset, til du har passert det siste huset (gult)på venstre side. Der er det moglegheiter til å parkere ved eit granfelt ved vegen( litt forbi det gule huset). Og så går du ca 200 meter tilbake og ser ein tydeleg sti/rås gå motebakka. Merka med gule band.
Er utgangspunktet Skogstjerna i Markane er der gode parkering moglegheiter.
Denne som eg skriv om her går fra vest mot aust, fra Markane til Stryn. Deler av denne vegen er også fin å sykle. Ein treng da sykkel som er beregna for terreng. Siste del (Langhola) er ikkje anbefalt for sykkel.
Første del av turen går fra Skogstjerna til Langeset, på Den Trondhjemske postvegen.
Med utgangspunkt ved Skogstjerna går ein grusvegen i Sør-Markane til første krysset. Ta til venstre og gå rett fra til tunet på Skogtun.
Gå på venstre sida av løa, og heilt i kanten av dyrka mark, rett fram til grinda. Ta til venstre gjennom grinda og ein er komt inn på Den Tronhjemske postvegen.
Postvegen er fin å gå på med mjukt underlag.
Eit godt tips er å ta av seg på beina og gå barbeint. Senk skuldrane det siste hakket ned, rett ryggen og bruk pusten. Ta inn stillheita og la roen senke seg.
Vegen har, som namnet tilseier, vore ei viktig ferdselsåre i tidlegare tider. Posten kom til Faleide med båt og vart frakta med bud vidare gjennom Markane, mot Hellesylt, Stranda og vidare til Trondheim.
Dessverre er det lite skilting av stadnamn langs traseen. Hadde det vore skilta med stadnamn,kunne det ha bidratt til at historia var meir levande. Men ein finn mykje informasjon på nettet.
Ved Langeset tek denne turen av fra Den Tronhjemske postvegen. Postvegen går no til høgre, mens denne turen tek av til venstre og mot riksvegen. Ein passerer eit vått parti, men der er lagt ut paller så ein kjem seg fint over. Her går ein nær bustadhus, så ta hensyn og vis respekt for privat grunn.
No går ein eit stykke på hovudvegen, forbi bensinstasjonen og til krysset til Stryn Nærinsgpark.
No går turen på den gamel riksvegen gjennom Stryn Næringspark. Her ser ein fleire bedrifter og mange har sin arbeidsplass her. Turen tek til venstre i krysset rett før crossbana. Ein fortset over Skarsmyra, der det no blir opparbeida nye industritomter, og ein kjem inn på skogsvegen når ein har passert industribygga.
RAKSTAGOTA
Dette er namnet på ein gammal ferdselsveg som gjekk gjennom skogen her. Eg er usikker på om den vegen gjekk akkurat i denne traseen, men skogsvegen som går fra Tjuvahola til Øvreberg blir kalla Rakstagota.
Dette er ein skogsveg og her er ein del aktivitet med skogsdrift. Dette vil naturligvis enkelte tider setje spor etter seg. Men også her er det eit behageleg underlag å gå på. Det er lite stigning på denne vegen og enkelt å finne fram.
Ein plass kan det kanskje være litt tvil om vegen vidare. Når ein kjem til ei lita grov (elv) som går over traseen, skal ein ta til venstre opp bakken og ikkje gå rett fram.
Når ein nærmer seg Øvreberg, kjem ein til ein lunneplass. Fra lunneplassen føl ein grusvegen ned til tunet på Øvreberg.
Gå gjennom tunet på Øvreberg og til krysset ved postkassestativet. Ta til venstre og følg bilvegen opp bakkane til Vinsrygg. Det er ein imponerande utsikt over indre Nordfjoren og mot Olden.
LANGHOLA
Her på toppen av Vinsrygg starter setrevegen. Dette er bomvei og dei som bruker bilen må betale for seg. Bruker du apostelenes hester kan ein sytalaust gå vidare. Her er flott utsikt mot Stryn sentrum, Mindresunde, Oppstrynsvatnet og Flo med fjellet Rindalshynja i bakgrunnen.
Gå setrevegen eit stykke forbi den gamle lada og ta så til høgre innpå skogsvegen. Følg den heile tida til høgre og ein kjem snart innpå ein sti/rås som går unnabakke.
Når ein har passert denne gamle fjøsen tek ein til vestre. Da er der tydeleg sti/rås unnabakkjen heilt til du kjem til bilvegen i Vikalida. Der er eit stidele når ein har gått eit stykke. Stien som går rett ned til Vikavegen er merka med gule band. Ein sti som går meir på skrå i lida kjem ned nærmare Vikalida barnehage.
Slik ser starten på turen ut om ein tek utgangspunktet i Vikalida
Kart over turen ligg også på: Ut.no
Turen er ca 8,5 kilometer.
TA TUREN DU OG. SENK SKULDRANE, RETT RYGGEN, BRUK PUSTEN. GOD TUR 🙂
Legg igjen en kommentar