Da er eg klar med eit nytt turforslag. Eg held meg i nærområdet mitt. Og utgangspunktet for denne turen er ungdomshuset Skogstjerna i Markane.
Dette er ein tur som har ei stigning på ca 450 meter. På eit parti er råsa veldi bratt, men det går fint ann å gå ut om den merka løypa og gå roligare oppstigning. Når det blir motbakker så blir det også meir trening. Om ein vil er her muligheiter for å få opp både pusten, blodpumpa og melkesyra.
Eg kan love at når ein er komt opp så betaler det seg med flott utsikt.
Turen er ca 3 kilometer ein vei. Skogsstjerna ligg på ca 210 moh, Gråberg ligg på ca 660 moh.
Fra Skogstjerna går ein grusvegen mot Sør-Markane. I krysset ved Langesetvatnet tek ein til venstre og fortset til tunet på Skogtun. Går mellom det kvite huset og dukkehuset og fortset rett fram til grinda. Råsa som ein no går på heiter fra gammalt av «Perhusveien».
Det er tydeleg rås det meste av turen. Enkelte plasser er det ein del myr og råsa kan være vanskeleg å følge, men det er merka med gule og raude plastband.
Bilde: Tydeleg spor av at hjorten har tatt badet sitt.
Når ein har passert dette punktet går ein råsa til høgre ca 50-60 meter før ein dreier mot venstre igjen og råsa går da under linjetraseen heilt på kanten. Siste stykket opp på kanten er bratt, men «trinn» å gå i.
Når ein er komt opp på «kanten», flater terrenget ut. No er det utydeleg rås, men hold svakt til høgre og til venstre for denne furua.
Ein går mot Skrehammaren, ein rund haug/hammar som viser tydeleg når ein nærmer seg himmelsjå. Gå opp på venstre side av denne hammaren/haugen. Der er tydeleg rås i kanten på myrasiget.
På toppen av Skrehammaren kan ein fremdeles sjå spor etter instalasjoner som vart brukt før mobilen vart vaneleg.
Fra toppen av Skrehammaren går stien i flatt terreng over myrane og ein ser Gråberg i vest.
Gråberg er eit brunt/raudt berg som stikk opp av åsryggen. Det er kleberstein, eit mjukt bergart som er lett å risse i og det same bergarten som finst mykje av rundt Raufjell.
Det er ein nydeleg utsikt i alle retninger fra Gråberg. Ein ser store deler av bygda Markane, Rake, Loen, Olden, Agjeld, Holen, Frøholm, Innvik og Utvik. Ein ser også øverste delen av Blakset.
Ein ser eit stort antall fjell. Blant andre Kyrkjefjellet , Rokkekjerringa, Rindalshynja, Storskrefjellet, Skåla, Melheimsnibba, Storelogpikjen,Eggenibba og Bergsetnakkjen og mange mange fleire. Ein ser også innerste del av Nordfjorden.
Turen finn ein på Ut.no: Gråberg
TA TUREN OG NYT UTSIKTEN DU OGSÅ!!!!