Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Sentrumsnær skogstur

Ein skal ikkje langt ut om Stryn sentrum før ein finn dei finaste skogsstier, eller råser som eg kaller det. Ein kveld denne veka var eg så heldig at eg fekk oppleve nytt terreng. Eg har vel for mange mange år sia deltatt på o-løp i området, men som o-løper må ein bevege seg mest utanfor dei opptrakka stiane, så eg var ikkje klar over at der var så fint..

Vi er nokre kollega som har trimma ilag ein kveld i veka denne vinteren og våren. Da har vi gått på forskjellige plassser med forskjellige utgangspunkt. Denne gangen skulle vi møtes ved fabrikken og gå derifra. Eg møtte spent opp, og vart presentert for ei runde som høyrdes veldig fin ut. Og eg vart ikkje skuffa. Faktisk så var runden så fin at eg eit par dager seinare tok same turen da eg likevel skulle innover og handle :-).

Første del av turen går på asfalt. Flott å sjå kor det grønast i hagane  i lavlandet.
P1040367
Når ein har vunne nokre høgdemeter blir utsikta finare. Ein får fort utsikt mot fjorden og fjelltoppane.
P1040368Etter mange dager med sol og fint veir er det  vårteikn overalt. Ein må senke skuldrane og ta inn og nyte alle inntrykka.
P1040370
  P1040371
Vi tok snarvegane mellom gatene i boligfelta  Tonningsbakkane og Kreklingen. I svingen, på tampen av Geilevegen,  tok vi av mot skogen. Der er det tillaga med benk så ein kan ta ein kvil etter alle bakkane. Etter å ha tatt av fra asfalten  kom vi rett ut i «stor skogen». Skogsområdet vi bevega oss inn i heiter «Kamben». Det strekker seg heilt ut til Vikaelva og opp til Stryn skisenter.P1040373P1040287  P1040374
Stien var reine «autostradaen». Tydeleg at den er mykje brukt. Likevel trefte ikkje vi meir folk enn att ein kunne finne den gode roen det er å gå i skogen. Det var slik både da eg gjekk på kveldstur og  midt på dagen. Skogsstillheita var der sjølv om vi var nær sentrum og nær boligområdet.

Der er mange stiar. Da vi tok av fra Geilevegen tok vi den stien som gjekk beint fram.

Tek ein seg litt tid, og ikkje berre ser på klokka, så ser ein mykje  når ein er ute i skogen.
P1040301  P1040296
P1040292Da vi kom opp på «høgda» var der eit stiskille. Stien mot høgre går mot Skisenteret, til venstre går stien mot Vikaelva.
P1040377Vi tok den som gjekk mot Vikaelva, ut over ryngen. Vi følgde stien til den var akkurat under linja, der kom ein sti på tvers av den som vi gjekk på. Der tok vi unndabakken nedatte langs Vikaelva. (stien delte seg før vi kom heilt til elva).
P1040381


P1040384
Det var stor vassføring  og voldsom buldring  i elva. Ikkje rart etter så mange dager med dei høge temperaturane.

Der har vore store naturinngrep etter kraftutbygging langs Vikaelva. Håper det blir  fint igjen når entreprenøren får rydda oppatt.
P1040386På Hool er der fin bru over elva. Da kan ein velge å gå over der eller  å gå på austsida av elva til ein er nede på Vikaveien.
P1040388Denne runden starter og ender  i Grandane industiområde på Tonningsleirane. Den er 5 km og inneheld det meste. Asfalt, skog, elv, fuglekvitter, vårblomster og mykje mykje meir. Turen kan sjølvsagt også gåast motsatt veien.  Ein tur som ligg i nærområdet for mange 🙂
Sentrumsnær skogstur

Turen ligg også på Ut.no: Sentrumsnær skogstur

GOD TUR!!

2 kommentarer

  1. synnøve beinnes

    fin tur! du e flink å fortelje. ja skogstiane her er fine, vi gjekk rett ut frå huset vårt første åra etter vi bygde, men så vart det meir bebyggelse, då måtte vi lenger opp

    • bskogtun

      Ja ein må berre finne disse plassane. Vete om dei. Eg syns det er så spennande å gå på nye plasser og gjerne på «laust» (uten rås eller vei).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑