Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: april 2014

Sykkeltur i Randaskogvegen, Markane

 

På gamle stier 083Eit naturleg utgangspunkt for denne turen er ved ungdomshuset Skogstjerna. Huset ligg godt synleg til fra riksvegen og der er det gode parkeringsmogelegheiter.
Turen går i variert terreng. Skogstjerna ligg  på ca 210 moh. Turens høgaste punkt er ved elva «Kvithella»  som ligg på ca 380 moh.
P1040603Her i krysset ved Langesetvatnet held ein til høgre. Her er det også fint å parkere om ein vil ta ein dukkert i Langesetvatnet etter turen.

Gardane ligg på rekke og rad langs vegen. Ein sykkler forbi Myrhaug, Bruheim, Kroken, Haugen (ser ein ikkje fra veien), Løkjen, Flore og Gjeilane. Dette er flotte og velstelte gardstun og heimar. Heimar og gardstun som ein ikkje ser når ein køyrer riksveien gjennom Markane.
P1040439Ved Bruheim  står eit gammalt møbelverksted ved veien. Her har det  blitt laga mange kjøkkeninnredningar og trapper  opp gjennom åra.
P1040601I Florekrysset, ved det flotte busskuret som gir ly til skulebarna når dei venter på skulebussen, tek ein til venstre vidare utover gjennom Floretunet.
P1040514Ved krysset der skogsbilvegen starter er det god parkering.  Her er også eit fint utganspunkt om ein ikkje vil sykle heile turen fra Skogstjerna, eller om ein vel å gå/jogge.  Fra Skogstjerna til starten på skogsbilvegen er det 5 kilometer.

Entreprenøren (Ola og Oddvar Sætren) som bygde denne vegen, som i daglegtalen blir kalle Randaskogvegen, fekk på slutten av 1990-talet  tildelt miljøprisen. Dette for det flotte arbeidet som vart gjordt angåande bygginga og oppatt pussinga rundt anlegget. Denne prisen var landet første miljøpris som vart tildelt ein skogsbilveg. Prisen vart overrekt av daværande fylkesmann Oddvar Flæte.  Tilstades var også representantar fra Departementet og fra Stryn kommune.P1040599
Vegen er lagt fint i terrenget og det går som ein leik å plukke høgdemeter.  Undervegs på denne turen vil ein tidvis sjå parti med kvit stein. Som på vei opp Isakelida. Her er dekke på vegen like kvit som snøen i fjella bak Navelsaker og på Kyrkjefjellet som vi ser i bakgrunnen.
P1040552
P1040550
Vegen flater litt ut på Nybøkleiva.  Da er ein snart på høgaste punktet av turen.  No flater terrenget  ut og ein får kvilt lårmuskelaturen litt. På Nybøkleiva krysser stien som går til Sindresetra vegen. 
P1040556Her ved elva Kvithella er turens høgste punkt. Ca 380 moh. Denne elva gjekk over sine bredder under siste storflaum. Da vart det store ødeleggelsar på vegen, men det er no rydda fint oppatt.  Om ein tek turen i roleg tempo er her mange muligheiter for å setje seg og nyet stillheita eller som her, elvasusen. Det er fleire plasser laga til benker som flittig kan brukast.
P1040595Denne turen kan også gjerast uten sykkel. Men kansje ein vel lang tur om ein skal gå heilt til endes. Fra «Skogstjerna» og heilt fram der veien stopper er det 10 kilometer.

Når ein tek denne turen ser ein fjella og bygda Markane fra ein vinkel som kanskje er ukjent for mange.
P1040582Underlaget på vegen er berre  fantastisk. Faktisk så er denne skogsbilveien i betre stand enn den kommunale vegen gjennom Sør-Markane.
P1040568   
P1040581På siste stykket får ein utsikt over Hornindalsvatnet og gardane i Kongsvik. Lengst bak i bildet ser ein bygda Otterdal.
P1040558 Skogsbilvegen slutter ved lunneplassen lengst vest.  Der i fra går det skogsveg bratt unnabakken og ned mot Kupa. Skogsvegen går vidare opp lags stien og Vikaelva. 
P1040562

P1040563P1040565Fra skogsvegen ser ein over til  Navelsaker som ligg fint i sola på andre sida av Nord Europas djupaste innsjø.

Denne turen stopper der skogsbilvegen stopper, men skogsvegen går vidare opp langs Vikaelva. Har også eit blogginnlegg om turen til Vikasetra og Randasaga som ligg lenger opp langs Vikaelva.
P1040605Om utgangspunktet er Skogstjerna og ein har parkerte der, så er ein snart i mål når du ser dette nydelege motivet. Her er det også mogelegheiter for å kunne avkjøle seg med eit bad. Husk berre på å ta med alt søppel heim. Da er det ryddig og pent til neste gang du kjem eller nokon andre har lyst å stoppe.

Kart over turen ligg på ut.no: Skogsvegen i Randaskogen, Markane

GOD TUR. NYT DEN VAKRE NATUREN

Sentrumsnær skogstur

Ein skal ikkje langt ut om Stryn sentrum før ein finn dei finaste skogsstier, eller råser som eg kaller det. Ein kveld denne veka var eg så heldig at eg fekk oppleve nytt terreng. Eg har vel for mange mange år sia deltatt på o-løp i området, men som o-løper må ein bevege seg mest utanfor dei opptrakka stiane, så eg var ikkje klar over at der var så fint..

Vi er nokre kollega som har trimma ilag ein kveld i veka denne vinteren og våren. Da har vi gått på forskjellige plassser med forskjellige utgangspunkt. Denne gangen skulle vi møtes ved fabrikken og gå derifra. Eg møtte spent opp, og vart presentert for ei runde som høyrdes veldig fin ut. Og eg vart ikkje skuffa. Faktisk så var runden så fin at eg eit par dager seinare tok same turen da eg likevel skulle innover og handle :-).

Første del av turen går på asfalt. Flott å sjå kor det grønast i hagane  i lavlandet.
P1040367
Når ein har vunne nokre høgdemeter blir utsikta finare. Ein får fort utsikt mot fjorden og fjelltoppane.
P1040368Etter mange dager med sol og fint veir er det  vårteikn overalt. Ein må senke skuldrane og ta inn og nyte alle inntrykka.
P1040370
  P1040371
Vi tok snarvegane mellom gatene i boligfelta  Tonningsbakkane og Kreklingen. I svingen, på tampen av Geilevegen,  tok vi av mot skogen. Der er det tillaga med benk så ein kan ta ein kvil etter alle bakkane. Etter å ha tatt av fra asfalten  kom vi rett ut i «stor skogen». Skogsområdet vi bevega oss inn i heiter «Kamben». Det strekker seg heilt ut til Vikaelva og opp til Stryn skisenter.P1040373P1040287  P1040374
Stien var reine «autostradaen». Tydeleg at den er mykje brukt. Likevel trefte ikkje vi meir folk enn att ein kunne finne den gode roen det er å gå i skogen. Det var slik både da eg gjekk på kveldstur og  midt på dagen. Skogsstillheita var der sjølv om vi var nær sentrum og nær boligområdet.

Der er mange stiar. Da vi tok av fra Geilevegen tok vi den stien som gjekk beint fram.

Tek ein seg litt tid, og ikkje berre ser på klokka, så ser ein mykje  når ein er ute i skogen.
P1040301  P1040296
P1040292Da vi kom opp på «høgda» var der eit stiskille. Stien mot høgre går mot Skisenteret, til venstre går stien mot Vikaelva.
P1040377Vi tok den som gjekk mot Vikaelva, ut over ryngen. Vi følgde stien til den var akkurat under linja, der kom ein sti på tvers av den som vi gjekk på. Der tok vi unndabakken nedatte langs Vikaelva. (stien delte seg før vi kom heilt til elva).
P1040381


P1040384
Det var stor vassføring  og voldsom buldring  i elva. Ikkje rart etter så mange dager med dei høge temperaturane.

Der har vore store naturinngrep etter kraftutbygging langs Vikaelva. Håper det blir  fint igjen når entreprenøren får rydda oppatt.
P1040386På Hool er der fin bru over elva. Da kan ein velge å gå over der eller  å gå på austsida av elva til ein er nede på Vikaveien.
P1040388Denne runden starter og ender  i Grandane industiområde på Tonningsleirane. Den er 5 km og inneheld det meste. Asfalt, skog, elv, fuglekvitter, vårblomster og mykje mykje meir. Turen kan sjølvsagt også gåast motsatt veien.  Ein tur som ligg i nærområdet for mange 🙂
Sentrumsnær skogstur

Turen ligg også på Ut.no: Sentrumsnær skogstur

GOD TUR!!

Gje bort eit gåvekort på ein tur

Står du i beit for å finne på gåve ?

Da vil eg foreslå  eit gåvekort på ein tur. Ein tur ut i naturen, ein biltur eller ein tur på kafè. Eller alt dette i kombinasjon. Det er fantasien som set grenser…..

Eg var så heldig at eg fekk ei slik gåve da eg fylte 50. Da inviterte ungdomen min meg med på fjelltur i Rondane. En fantastisk opplevelse som eg vil huske resten av livet. Det var kvalitetstid ilag med dei som eg er aller mest glad i. På turen plukka vi 2000 meters topper. Eg tok to og dei tre stykker. Opphold og flott måltid var også inkludert. I tillegg fekk eg ei flott bok om alle 2000 meter toppane i Norge. Mykje å plukke av der.
fjellturer over 2000m bok
P1020424   20130831_140808(0)
Eg har ved fleire høve brukt denne idèen.
Ei venninde og eg vart enige om at som presanger til bursdager og  jul skulle vi overaske kvarandre med ein tur.                                                                                             .
012 – Kopi
Dette bildet frå ein tur til Flø. Der møtte vi ein bonde som selde nyplukka gulrot. Lykke.

Bakgrunnen for at eg skriv om dette er at mor fyller 74 år på søndag. Og på spørsmål om kva ho ønskte seg til bursdagen sin, kom svaret raskt og kontant: BILTUR!  Og biltur skal det bli. Da fyller vi bilen med nistekorg med mykje god mat og kaffi.
083Dette bilde fra ein gavekorttur til Bremanger i 2013.kart tur-date
I dette området er det mange uoppdaga fjorder og grender.

Det er mange som av ulike grunner ikkje kjem seg på tur. Kanskje har dei ikkje nokon å reise ilag med eller det er andre ting som begrenser turmoglegheitene.

Kanskje kan du invitere med deg mor og far, besteforeldre eller ei tante og ein onkel.  Eller kanskje er det ein naboen eller ei venninde/venn som treng ein invitasjon.

Tid som vi bruker i lag med dei som ein bryr seg om er ei god invistering.

GOD TUR 🙂

Senk farten og ta eit steg til sides.

Ein treng ikkje alltid å gå så langt, eller så fort, eller så høgt. Senke skuldrane og ta eit skritt til sides.

I dag var min tur ein slik tur.

Fekk ein invitasjon om tur ut i skogen. Og eg seier sjelden nei om noken spør om det. Ein førmiddagstur i kjent terreng når sola skin fra skyfri himmel og det er vår i lufta er heilt topp.

Vi starta i kjent terreng og tok Den Trondheimske postvegen fra Langeset til Faleide. Å kome ned i bakkane der sola steiker, fuglane kvitrar og vårblomstrane er byrja og titte fram er balsam for sjela.
011
Tørt og mjukt underlag å gå på og først på turen er det berre unndabakkjen.
Da vi kom til skulemuseet på Faleide  tok vi nokre steg til sides og gjekk over «skuleplassen» og ut gjennom skogen. Klatra over eit gjerder og kom til nokre gamle uthus. Fantastisk å sjå dei gamle husa som er tatt så godt vare på. Lengst ute på ein lite flekk av dyrka mark… DER blomstra heile bønen med påskeliljer.241259   256
Vi gjekk gjennom gammal skog og kom heilt ned til sjøen. Vi tok ein pause og let augene kvile på den blikkstille sjøen, dei snødekte fjella inst i fjorden og  heile Blaksetebygda som låg bada i sol. Der er dei sikkert godt i gang med vårvinnja. Vi høyrde arbeidsfolka på andre sida av fjorden som jobba på Norges verste vei, Olden-Innvik.

270
På heimvegen gjekk vi på «laust» opp bakkane. Vi kom fram på gamle steinmurar. Vi såg godt trakka hjorte reser. Inntrykka var mange, ein ser så mykje fint om ein berre tek seg tid.
291
   275280297Det er fri ferdsel i utmark.  Kva som er utmark og kva som er innmark kan i enkelte høve være vanskeleg å skilje. Nokre punkt bør alle vite om.
Ein skal ikkje gå over dyrka mark, ein skal ta spesielle hensyn til husdyr på beite. Selvfølgeleg må ein også ta hensyn i og nær gardstun, hytter og boliger ellers. Ein må ikkje skade naturen, ta med alt søppel heim og ikkje lage unødig støy.

Les meir om fri ferdsel i utmark i Friluftsloven og Allemannsretten.

TA TUREN UT OG NYT.

 

 

 

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑