Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Dag: 15. mars 2014

Så kom Kong Vinter på besøk

I dag kom Kong Vinter. Store snøflukser dala ned og la eit kvitt teppe på alt og alle som var ute.

Eg er ikkje spesielt glad i snøen lenger. Mest fordi det blir ekstra arbeid med måking og det er noko  helsa mi ikkje toler akkurat no. Men eg liker godt å være ute. Tenkjer så klart da :-).

Så Kong Vinter klarte ikkje å setje noke stopper for mine planer om ein tur ut. Det var berre å finne fram riktige klede for turen og legge i vei.Er så heldig å ha ein liten bit av Den Tronhjemske Postveien rett utanfor døra mi. Denne veien er ein fantastisk fin turveg. Det er brei og fin trase. Veleigna for dei som vil ta ein stille og roleg tur i skogen. Med sitt mjuke underlag er den ypperleg til jogging og terrengsykling. Det er nok her eg har tatt flest av mine turer. Enkelt og raskt å snøre på seg skoa og legge av gårde. Turen i dag gjekk til Langeset og retur same vegen. Mitt utgangspunkt er Skogtun. Men også fint å starte på Langeset ved Statoil stasjonen.

© 2020 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑