Foto:Kjetil Jakobsen, kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/)
Køyrer ein over Dovrefjell eller er i nærheita anbefaler eg ein kort, men kjempefin tur til Viewpont Snøhetta eller Tverrfjellhytta som den også vert kalla.
Ta av fra E6 ved Herkinn og følg skilting til Viewpoint Snøhetta. Ein køyrer på grusveg motebakka til ein stor parkeringsplass med informasjonsopplegg og sanitærbygg. Denne parkeringsplassen ligg der den tidlegare Tverrfjellgruva låg.
Les meir om gruvedrifta her: Tverrfjellet gruve.
3 mil fra Hjerkinn ligg Folldal og der er det opparbeida eit museum rundt eit gammalt bergverksamfunn. Les meir om det :Folldal gruver.
Frå parkeringsplassen blir ein leda inn på turstien/grusvegen, ein 1,5 kilometer lang gang- og rullestolveg. Langs stien er det felt ned informasjonstavler av skifer. Tavlene viser ei tidslinje med opplysninger frå istid til i dag.Her står vi ved starten av turstien. Mange informasjonstavler er sett opp for å informere om historia.
Moskus beiter i området heile året og er ein heldig kan ein sjå den «live».
Det blir anbefalt at ein aldri går nærmere enn 200 meter.Turvegen til Tverrfjellet er tilrettelagt for handikappa og det er kjempefint å ta med barnevogn.Foto: Kristina Voldheim,Kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/
Når ein kjem opp på Tverrfjellet ca 1250 moh, har ein praktfull utsikt til Snøhettamassivet og Grisungdalen. Naturen er mektig og her må ein ta seg god tid. Den spessielle hytta på Tverrfjellet, som vart åpna i 2011, er teikan av arkitektfiirmaet Snøhetta på oppdrag fra Norsk Villreinsenter Nord. Trearbeidet er utført av Djupedal Båtbyggeri. Hytta inneheld eit samlingsrom med panoramautsikt mot Snøhetta og der er plass til ca 30 personer.Foto: Kjetil Jacobsen, kilde: http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/
Tverrfjellhytta/Viewpoint Snøhetta slik den ligg i landskapet. Når ein kjem inn i hytta og ser arkitekturen og utsikten så er det berre overveldande.Foto: Kjetil Jacobsen, Kilde nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/Foto: Kjetil Jakobsen , kilde http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/
Både Viewpoint og vegen opp til parkeringsplassen er vinterstengt. Anlegget åpner i juni og er gjennom sommeren åpent heile døgnet.
GOD TUR!