Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2022

Askevika ved Ålfotefjorden

Å studere kart og finne nye turmål er spennande og eg blir inspirert og nyfiken når eg høyrer og les om avsides liggande gardar og plassar, og som gjerne har ei spesiell historie.

Askevika i Ålfoten er ein slik plass. Ein gammal fråflytta gard med ei historie om ei tragisk hending i 1751.

Askevika er eit turmål som ikkje så mange vel eller veit om. Det ligg ved munningen til Ålfotefjorden. Eg fekk sjølv høyre at det var vanskeleg å ta seg fram der til fots. At ein helst kom båtvegen til denne plassen.
No har eg utforska og dette var ein variert og fin tur. Har ein evna til å følge ei rås, sjølv om den ikkje er tydeleg heile vegen, lese terrenget og har kart så finn ein fram.

Utgangspunktet for turen er Vika i Ålfoten. Parker nede ved fjorden på ein eigna plass. Gå Vikavegen opp bakken og ta til venstre ved gardstunet. Fortsett den forbi bolighusa og vidare på traktorvegen.

Traktorvegen går til ei dyrka mark. Gå til (nesten) øverste høgre hjørne og vidare til to gardfjøsar. Frå gardfjøsane føl ein terrenget nordaust over langs ei lita elv. Der er ein del hjortetrakk, men stien går opp slak bakke og inn mellom bratte berg.

Terrenget og atmosfæra gjennom Kloven er frodig, stille og magisk. På stien ved dette bratte berget, der alt er grønt og frodig må ein berre stoppe opp og la inntrykket synke inn. Ein spesiell følelse når ein går der.

Stien er delvis merka med raude merker på treleggar. Etter å ha runda det spesielle berget går turen unnabakken heilt til fjorden. Ein får då eit lite glimt av holmane som ligg utanfor Askvika.

Langs fjorden er det lett å følge råsa. Ein går stedvis mellom store steiner. Under ein stor stein med overheng var der laga til ein plass for ein rast.

Langs fjorden har ein fin utsikt til Gjegnen og Bukkenibba.
Holmane som ligg utanfor Askevika heiter Storholmen og Litleholmen.
På andre sida av fjorden kan ei sjå Gjegnalunden, eller Lunden som det blir kalla i daglegtalen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Vik i Ålfoten. Her budde folk til like etter 1900. Under bygginga av Yksenelvane kraftverk vart det bygd boligar til ingeniørane og arbeidarane i Lunden.

I Askevika står det no ein bygning. Ein ser ellers murer etter store bygninger. På bildet under ser ein naustet.

Gammalt bilde frå Askevika.

Her er historia om Epledrapet i Askevika.
Henta frå :
Ei kulturhistorisk rundreise langs etter vegane i Bremanger kommune
av Årstein Svihus

Den 25. januar 1751 dreiv liket av ei kvinne i land ved Flòtøyna. Kvinna heitte Abelone Kristine Limrup, og det vart snart klart at ho ikkje hadde hamna i sjøen ved eit ulykkestilfelle. Skallen var nemleg knust, og ho var merkt med 11 knivstikk.
Abelone hadde sidan 1739 budd på Ystevikja, ein plass under Askevikja. Tidlegare hadde ho og mannen, Nils A. Tyndgreen, drive gjestgjevarstaden Hestenesøyra. Nils sørgde etterkvart for å setje denne verksemda over styr med drikking og slåsting, før han til sist stakk sin veg. Abelone flytte då til Askevikja der ho hadde eit lite øltapperi og ei einsleg ku. Sjølv om det i sesongane nok var ein og annan jekteførar og fiskarlag som var innom for å leske seg på vegen ut fjorden, vart det ikkje rare fortenesta av denne verksemda. Det var likevel ikkje sviktande ølsal som vart hennar bane, men ein konflikt med jordeigaren Elling Oleson. Elling og kona Anne kom ikkje godt ut av det med Abelone, og det var Elling som sendte ho ut av
denne verda.
Sjølv om Ystevikja ikkje nett var nokon edens hage var det også her eit spørsmål om forbodne frukter som fekk fatale følgjer. Abelone tok eple frå ein apal og Elling meinte at han som grunneigar hadde rett på halvdelen av desse, men Abelone ville ikkje gje i frå seg eit einaste eple. Det var ikkje store verdiane det var snakk om, epla var berre verdt 8 skilling (det gjekk 96 skilling på ein dalar). Kanskje hadde dei krangla om dette heilt sidan epla vart hausta, og no, i januar, utvikla krangelen seg i retning. Korleis ting skjedde vidare og kva som vart sagt veit ein ikkje. Det som derimot er klart er at enden på saka vart at Elling til sist gøyv laust på Abelone. Først tok han ein årekjepp og slo ho over nakken slik at ho falt overende. Deretter gjekk han laust på henne med kniv og stakk på nytt og på nytt. Av dei 11 knivstikka ein fann spor etter, hadde fire ramma kroppen, spreidd frå halsen til mage. Då illgjerninga var utført kasta han liket på sjøen. Det er fortalt at Abelone deretter rak til Flotøyna, motstraums og mot ein forferdeleg storm. Elling vart teken i forvaring hjå bygdevaktaren Kristoffer Rønning. Sidan klarte han å komme seg ut og springe på elva der han drukna seg. Buet etter Elling vart deretter overteke av kongen.

Askevika var i følge Bremangerboka i privat eige fram til 1948 då det vart seld til L/L Firdakraft.

Turen til Askevika er knappe 4 kilometer ein veg.
Her er også fint å legge til med båt og fine plasser for å slå opp telt.

PRØV DENNE FINE TUREN.

GOD TUR.

Vasstøylen og Skjerdalsvatnet, Gloppen

Vasstøylen høyrer til den veglause garden Skjerdalen som ligg på vest sida av, og i munningen til Hyefjorden. Støylen ligg ved Skjerdalsvatnet, ca 7 km inn i den tronge Skjerdalen. På vegen inn til vatnet går ein også forbi den andre støylen som høyrer til garden, Skjerdalsstøylen.

Det var ein stor dag for Gloppen kommune 1989 då Hyevegen kunne takast i bruk, men for folka i Skjerdalen var det vemodig. Då miste dei anlpøet av Hyefjerga og det vart slutt på all rutegåande transport. Så for å kome seg til Skjerdalen må ein leige båtskyss eller kome i eigen båt. Det er ikkje langt over fjorden frå Hestenesøyra. Ein pensjonist med namn Arne Eikenes tek på seg å skysse fotturistar/turgåare til Skjerdalen.

Tilbakeblikk til den gamle handelsplassen på Hestenesøyra.

Skjerdalen har frå gamalt av vore 3 bruk, no er der fast bostning med fleire generasjonar på eit bruk.
I 2007 vart Skjerdalen råka av ein voldsom flaum og elva gjorde stor skade på innmaka. Eit knapt år etter var restaureringsarbeidet ferdig og elva var flaumsikra. No går ein trygt over ny bru på veg mot dalen.
Skjerdalselva har vore viktig for bruka i Skjerdalen i alle år. Allereide på tidleg 1600-talet var der sag og kvernhus ved utløpet av elva. Den sikre vasstilførselen i elva gjorde at både kvernene og saga vart mykje brukt av bygdene som låg nærast. Ei av dei første oppgangsagene i distriktet låg ved Skjerdalselva.

Skjerdalselva ligg i eit landskapsvernområde og elva har vore freda. Vernet har Skjerdølene etter lang kamp fått oppheva, no har dei bygd ut elva og den forsyner 1200-1300 hushaldningar med straum.
Når ein går gjennom tunet og dalen ser ein lite til kraftutbygginga. Ein fin kraftstasjonsbygning glir fint inn i landskapet som eit gardshus. Kraftinntaket viser ikkje, og dei som går tur i dalen ser ikkje den tørrlagde delen av elva.

Tunet der dei fastbuande bur med utsikt mot Hestenesøyra.

Turen inn dalen går første stykke til Kræsteinen på bratt skogsveg så over i slakare traktorveg til Sjøkleiva ved ca 200 moh. Ved Sjøkleiva tek ein av til høgre og går over i rås og finn bru for kryssing av elva. Det er viktig å finne den brua. Går ein for langt inn dalen på venstre side av elva blir det vanskeleg å krysse den.

I fint driv på stien mot brua og kryssing av elva.
Solide bruer ved alle elvekryssinger.

Skjerdalsstøylen, også kalt heimestølen, ligg ca 3 km frå tunet ved fjorden. Selet på støylen var spesielt ved at to bruk bygde ilag. Der var sel i kvar ende, høylade i midten og fjøs under. Ein kan også sjå murer etter selet til det tredje bruket.
Dei to støylane ligg forholdsvis lavt og gav lang beitetid. På Skjerdalsstøylen er setrekvia stor og nærmast overflate dyrka. Dette viser at støylsslåtten var svært viktig. Høyet på støylen vart hesja seinsommaren og køyrd heim om vinteren.
Støylsdrifta tok slutt på 1960-talet og det same med slåtten på heimestøylen.

Skjerdalsstøylen.

På Skjerdalsstøylen beiter det hester. Nydelege angloarabere, varmblodsride hester. Om dette virker skremmande for turgåare, så var dyra rolege og godt vant med folk. Ikkje gje dyra mat, det finn dei sjølve.

Nydelege hester på beite.

Vidare frå Skjerdalsstøylen går ein på den gamle støylsråsa til Vasstøylen. Landskapet forandrer seg og det er magisk å gå inn dalen. Bratte fjellsider omkranser dalen likevel føles det som om landskapet åpner seg.

Skjerdalsvatnet.

I den store og lite påvirka dalen har alltid fiske og fangst vore viktig for garden. Det er på same måte i dag. Selet på Vasstøylen er sentral under hjortejakta.
Tidlegare hadde Gloppen hotell ei stor hytte ved Skjerdalsvatnet, Bjørnheim hotell. Der var gjestelista fylt opp med engelske og tyrske lordar. No står berre tuftene av hytta att, men det seier noko om at friluftsinteressene alltid har vore viktig i dalen.

Selet på Vasstøylen.

Det er vanskeleg å beskrive med ord denne perla av ein dal. Det må berre oppleves. Ta med fiskestanga, ein grunneiger fortalte at det var fritt fiske ovanfor innmarka. Og vi som var på tur såg verkeleg at det levde i vatnet.

Turen frå fjorden til Vasstøylen er ca 7 kilometer ein veg.
Skjerdalsvatnet ligg på 312 moh.

PRØV DENNE TUREN I EIT FLOTT DALFØRE.

GOD TUR.

Sunndalsætrevatnet i Austefjorden

Ingen ting slår følelsen når ein har funne ei perle av eit turmål. Då gjer det ikkje noke at veiret ikkje spelar på lag, for ei perle er ei perle uansett.
Eg var spent på turen til Sunndalssætra og Sunndalssætrevatnet. Hadde høyrt rykte om at der skulle være flott. Og eg vart ikkje skuffa.
Turen tok eg ein regnveirsdag og det var ganske mykje vind ved vatnet. Men har ein med rikeleg med kle, hue, votter og buff, sjølv midt på sommaren, blir turen fin.

Etter at Kvivsvegen kom har nye turområde blitt meir tilgjengeleg. Denne turen til Sunndalsætra og vidare til Sunndalssætrevatnet ligg i Volda kommune.
Utgangspunktet for turen er i Sunndalen i Austefjorden. Ta av frå Kvivsvegen like ved Damfosstunnelen og køyr vidare på Gjersdalsvegen. Etter kvart innpå Sunndalsvegen. Finn høveleg parkering ved Høybakk inst i Sunndalen ved krysset der annleggsvegen starter.
Annleggsvegen er privat og køyrer ein bil opp så er det på eige ansvar. Vegen er veldig bratt.
Eg gjekk den gamle sætreråsa.
Oppgangen til råsa finn ein ved å følge Sunndalsvegen over brua og vidare ca 100 meter, ta så av til traktorvegen.

Stien er enkel å følge, og merka med raude treklosser som heng på treleggane. Råsa går i jamn stigning frå ca 75 moh til ca 360 moh på sætra. Heile tida høyrer du Sunndalselva bruse like ved råsa. Der er også nokre fine kulper i elva, men ikkje la deg friste til å bade. Elva er drikkevannskilde.

Heile vegen kan ein også sjå høge spisse fjelltopper. Det er Sunndalsnipa som ruver 1396 moh.
Det er også mogelegheiter for å gå denne turen vidare til Skarevatnet, Bygdaskaret og ned til Grøndalsstølen som ligg i Heggjadalen/Osdalen.

Like i nærheita av sætra krysser ein elva på ei flott steinbru og ein ser ei flott raud hytte som ligg der i den storslåtte naturen. Kikar ein nærmare etter er der enda eit gammalt sel og fleire tufter etter andre bygninger.

Turen går vidare på god rås opp lia bak sætra i ca 80 høgdemeter. Oppe på høgda får ein det føste inntrykket av kva som venter.
Landskapet åpner seg og der ligg heile Sunndalssætrevatnet som ei perle. På kartet står det også namnet Grønevatnet. Eg har ikkje funne noke forklaring på kvifor det har to namn.
Føl råsa eit stykke innover og snart kjem ein fram til eit flott naust. Nyt stillheita.

Returen går same vegen tilbake til Sunndalssætra. Der frå kan ein velge om ein vil ta setreråsa tilbake til bilen eller om ein vil gå til høgre ved steinbrua, og følge råsa til ein kjem fram til anleggsvegen. Den er grei å ta unnabakken.

Turen opp til Sunndalsætrevatnet er ca 3 kilometer.

DETTE ER EIN TUR Å ANBEFALE.

GOD TUR!

Storesteinen i Gytridalen

Oldedalen har steile fjellsider, grønt vatn, brearmar, sidedaler og mange turmål.
Det Oldedalen ikkje har er sol kvar dag.
Eit av turmåla i dalen er til Storesteinen og Nedreholten i Gytridalen.
Denne turen gjekk eg ein dag det var veldi lavt skydekke og med yr i lufta. Likevel ein fin tur, men ikkje det beste fotoveiret.

Utgangspunktet for turen er ved Gryta Camping. Der kan du parkere bilen gratis mens du tek turen opp dalen. Når campingplassen er åpen har Linda mange godbitar i kiosken.

Utgangspunktet ved Gryta Camping.

Turen som eg skriv om her er ein rundtur til Storesteinen og vidare til Nedreholten.
Start ved campingen ligg på ca 50 moh. Storesteinen ligg på 385 moh og Nedreholten på 363 moh.
Stien til Storesteinen er fin å gå. Den dagen eg gjekk turen var det nyslått og minimalt med vegetasjon inn i råsa.

Første del av turen går på fin traktorveg. Senk skuldrane, nyt fuglesangen og duren frå elva.

Fin sti til Storesteinen.

Storesteinen er virkeleg stor. Om det regner set du tørt under overhenget på steinen.
Her kan du nyte duren av elva og Gytrifossen.

Frå Storesteinen er det fott utsikt mot Gytrifossen.
Om elva og fossen er stor kan du kjenne viberasjoner i grunnen når du set under steinen.

Utsikt til Gytrifossen frå Storesteinen.

Stien vidare til Nedreholten er ikkje like tydeleg og rydda som stien til Storesteinen. Der er stedvis merka med raude band i trea.
Nedreholten ligg ca 20 høgdemeter lavare enn Storesteinen.
Nedstigninga frå Nedreholten er enkelte plasser utfordrande med bratt sti. Ein kjem etterkvart inn på stien som går til Storesteinen.
Utsikta frå Nedreholten fekk eg ikkje oppleve på min tur, men den skal være flott.
Ta turen og sjå.

Då eg nærma meg dalbotnen igjen kom eg under skydekket og eg fekk litt utsikt mot Sunde.

Utsikt mot Oldevatnet frå stien ein regnfull dag.

Ta turen til denne bortgjøymde perla i Oldedalen.
Rundturen er ca 3 km.

GOD TUR!

Muldalsgardane – Muldalsfossen

Muldalslia naturreservat vart oppretta i 2003. Formålet med vernet er å ta vare på ei sers artsrik varmekjær lauvskogli med det naturlege plante- og dyrelivet.
Området grenser til Tafjord-Reindalen landskapsvernområde. Dette området har tidlegare blitt brukt til slått, beite, lauving av mellom anna alm samt ved hogst.

Muldalslia er det best studerte flaggermusområdet i Norge. Heile sju artar er påvist i naturreservatet.
Periodevis er det mykje hjort i reservatet. Desse gjer stor skade på almskogen og spessielt dei unge trea er utsett.

Dei to Muldalsgardane ligg på stupet 350 meter over Tafjorden. Gardane er gamle og den eldste dokumentasjonen av drift på gardane er frå 1526. Der var geitehald på gardane fram til 1970. Gardane vart fråflytta i 1955.

Utgangspunkt for turen opp Muldalslia til Muldalsgardane og Muldalsfossen er i Sørdalsvika/Muldalsvika.
Parkering er rett etter Heggurtunnelen på Tafjordvegen. Stien starter ca 100 forbi parkeringsplassen.

Vegen opp Muldalsbakkane blei etablert i samarbeid mellom Muldalsgardane, Norddal kommune og Turistforreninga i 1890. Den vedlikeholdes no av Muldalsbakkane Veglag. Vegen er åpen for alle.
Bakkane er bratte og krev iherdig vedlikehald, særlig pga vannerosjon.
Der står ein «vegvokter» i eit skur med bøsse for bidrag frå gjester.

Der er 13 hårnålsvingar opp lia og turen er overkomeleg for store og små som er glade i å gå. Alle svingane har namn.

Oppe på platået rett før ein skal krysse elva, på bru før tunet, er der tillaga eit rasteområde for gjester. Respekter at garden er privat, så trakk ikkje i hagen og dyrka marka.

Muldalsfossen er den største fossen på Sunnmøre med eit fritt fall på omlag 190 meter. På grunn av vasskraftutbygging på 1950-talet og framover har vassmenda i fossen minka mykje. For å sjå fossen skikkeleg må ein følge turvegen som går gjennom tunet og ned lia på andre sida av elva enn der ein kom opp.

Fossen har sidan 1880 -talet vore ein turistattraksjon og har også i tidlegare tider blitt kalla «Keiser Willhelms foss».

Stien ned til fossen er fin, enkelte plasser litt bratt, men med rekkverk.

Frå utsiktspunktet er det ei mektig skue til fossen.

Turen frå parkeinga og til Muldal gard er ca 2 km.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑