Ytterst mot Atlanteren, nordvest for Fosnavåg, ligg Nerlandsøya. Øya har eit fantastisk turterreng. Denne turen går over Mulefjellet til Muletua, Barmen, Børa og Okla. Det er ein fin og enkel tur på nordenden av øya. På denne delen av øya er det eit spessielt terreng. Store myrområder, steile klipper og med storhavet å kvile augene på. Turen kan ein ta til alle årstider.
Muletua er det vestlegaste punktet på turen og ligg 253 moh. Der er god rås, terrenget er lettgått og utsikta upåklageleg.
For å kome til utgangspunktet følg Fv 20 frå Fosnavåg til Nerlandsøya. Følg hovudvegen til Kvalsvik og ta til venstre der vegen deler seg i to.
Turen starter på høgaste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Der er ein liten parkeringsplass 50 meter før råsa og ein stor parkeringsplass på vegenden 300 meter etter råsa.
I dette området vart det før i tida tatt ut torv til brensel og ein kan framleis sjå spor etter denne aktiviteten. Der er også ein tydeleg torvveg.
Torvvegen er eit alternativ på turen tilbake til utgangspunktet. Vegen er tydeleg avmerka på kart.
Du har ikkje gått mange høgdemeter før du får utsikt mot storhavet og øyane som ligg i området. I sørvest ligg øya Skorpa med Keipen (431 moh)som høgaste punkt i nordaust ligg Runde. Ut i havet ser ein Svinøy med Svinøy fyr.
Muletua er som ein veslebror til Runde. Færre fugler men også færre folk. Det bratte terrenget mellom sjøen og Muletua på nord, sør og vestsida er freda. Dette er Muleneset naturreservat og det er ferdsels forbod i det området frå 1 mai- 30 juli. Naturreservatet er bla. ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna toppskarv, havhest, teist og måker.
Råsa opp til Muletua og vidare på turen innover fjellet ligg utanfor fredingsområdet.
Nær toppen av Muletua ligg ei restaurert torvskjå. Denne minner om bygdfolket sin tidlegare kamp for å skaffe brensel.
Frå Muletua og vidare austover er terreng lett og kuppert med tydeleg rås. Barmen er høgaste punkt på turen, 278 moh. Helleskardet ligg mellom Barmen og Børa (210 moh). Seideskardet ligg mellom Børa og Okla (149 moh.)
Vidare går denne turen tilbake til Seideskardet og føl ei rås om går mot bebyggelsen. Du kan også velge den gamle torvvegen som er stipla på kartet.
Turen slik den er teikna inn på kartet er ca 6.5 kilometer.
Ta også turen til vegenden og Mulevika. Mulevika er ein av Sunnmøre sine skjulte perler. Her kan ein oppleve storhavet med bølger frå Atlanterhavet på nært hold. Mulevika er ein populær plass å ferdast heile året.
TA TUREN OG OPPLEV FLOTT KYSTLANDSKAP.