Turen til høgaste punktet på Lepsøya gir fantastisk utsikt over øyane som ligg ved utgangen av Romsdalsfjorden og øyane i Vigrafjorden og i Giskesundet. Goaldet, som toppen heiter, ligg 491 meter over havet.
For å kome til utgangspunktet ta ferge frå Skjeltene til Kjerstad på Lepsøya. Frå fergekaia tek det ca 20 minutt å gå på asfalt til Sanitetsbygget, som ligg i Lyngstadvegen, der turen starter. Første del av turen går på gammal traktorveg så over i god og tydeleg rås. Etter få høgdemeter får ein flott utsikt mot havet og øyane.
Lepsøya idrettslag og frivillige har bygd steinhytta som ligg like under toppen av Goaldet. Hytta er åpen og her kan alle nyte medbrakt kaffi og niste medan ein studerer utsika inn Romsdalsfjorden og fjellheimen rundt. Ein kan også overnatte gratis der, då er det førstemann til hytta prinsippet som gjeld.
På toppen er det ein fin varde med peileskive som gir informasjon om fjella og havet rundt. Utsikten er uslåeleg.
Turen til toppen er ca 2 kilometer. Har ein meir krefter kan ein kombinerer det med turen til: Rønstadhellaren
Rugsundøy ligg i Bremanger kommune ved inngangen til Nordfjorden. I 2002 kom Rugsundbrua som bind bygdene Skatestraumen og Rugsundøy til fastlandet og Skatestraumtunnelen som bind Rugsundøy til Bremangerlandet. Skatestraumtunnelen er Sogn og Fjordane sin einaste undersjøiske tunnel.
Bygdene Rugsund, Leirgulen, Rugsundøy og Skatestraumen høyrer til Kolset krins og har tilsaman ca 240 innbyggjarar.
Rugsund er kjent som ein gammal handelstad frå 1600 -talet og denne ligg på Rugsundøy. Handelsstaden vart restaurert frå 1990 og i åra framover og er eit attraktiv mål for turistar som kjem både landevegen og sjøvegen. Der finst både landhandel, kafè, selskapslokaler, utleigerom og gjestebrygge.
Turen over øya byr på mange fine opplevelsar, flott terreng å gå i og nydeleg utsikt i alle retningar. Utfordringa med å gå øya på langs er logistikken, men det ordner ein enten med å ha to bilar eller å ta med sykkel. Velger ein alternativet med sykkel så husk refleksvest og lykt, da ein må gjennom to tunnelar for å kome tilbake til bilen.
Utgangspunktet for turen er ved Hamnen like vest for inngangen til Skatestraumtunnelen på Rugsundøy. Parker godt på vegskuldra så ein ikkje hindrer anna trafikk. Første del av turen går på grusveg, ta av og gå på ovanforsida av det siste huset så vidare langs strandkanten i god og tydeleg rås. Følg merking, stikker med grønn måling. Ved Tangane, på vestspissen av Rugsundøy, ligg Nordvestlandets største kystfort. Mange av instalasjonane er relativt godt bevart. Les meir om fortet her: Kystfortet på Tangane
Ved kystfortet er der opplagstavle som viser oversikt over korleis fortet såg ut. Turen går vidare frå fortet etter raude merkingar. Enkelte plassar er det små vardar som viser vegen.
Etterkvart som ein vinn høgdemeter kjem også utsikta. Mot søraust ser ein det tronge Rugsundet, Skatestraumen ligg i sørvest mot Bremangerlandet. Nord Europas høgaste sjøklippe, Hornelen (865 moh) ruvar midt i mot i sørvestleg retning. Mot vest ser ein Risøya, Gangsøya og Husevågøy med fastlandet i Vågsøy og Bremangerlandet på kvar side. Turen går via Kalsenykjen, 375 moh før nedstigning mot Gloføykvatnet som ligg på 226 moh.
Ved Gloføykvatnet er det fint å ta ein pause. Opp i lida, til høgre før vatnet, ligg Nygårdsetra. På ut.no ligg denne turen med eit anna vegval. Min tur går mellom vatna som ein ser på bildet og dreier mot venstre og følger ryggen til toppen av Sundstua 549 moh. Dette er også den merka stien. Frå Sundstua går den merka stien ned mot Rugsund handelsplass.
Turen over øya er ca 9 kilometer og ein må berekne 5-6 timer.
Lepsøya er ei øy i Haram kommune. Den er den sørlegaste øya i øygruppa Nordøyane, som ligg nord for Ålesund. Øya er forbunde med ferge til fastlandet over Lepsøyrevet og hurtigbåt til Ålesund. Nordøyvegen, planlagt ferdig 2022, skal gje fastlandsforbindelse til innbyggjarane på Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya.
Rønstadhellaren er 14 meter høg, 20 meter brei og 77 meter lang og dermed ein av dei største sjøhellarane i Norden. Den ligg 56 meter over havet og må ha blitt til i ein epoke då havnivået var mykje høgare enn det er no. Hellaren knip seg saman til eit trongt hol som er delvis attmura. Rønstadhellaren har vore brukt som sommarfjøs for sau og geit, kanskje også for kyr og hestar like sidan folk busette seg på øya. Arkeologiske utgravningar har avdekka eit kulturlag av skjell og dyrebein med iblanda neverstykke . Det er også avdekka ein ildstad. I nærheita av dette blei det funnet ein forseggjort beinkamb, som er datert til tida 200 e.Kr. Denne kamben er i dag oppbevart i Bergen Museum. I tillegg til Rønstadhellaren er der 5 andre hellarar på sørsida av øya. På nordsida er der 3 hellarar. (Kilde: Haram bygdebok).
For å kome til utgangspunktet køyrer ein rett fram etter ferga. Ta til venstre og følg Rønstadvegen til endes. Det første stykke på turen går på privatgrusveg, forbi ei hytte og vidare til enden på grusvegen. Vidare over i tydeleg rås.
Råsa går langs strandkanten i trygg avstand frå havet. Ein har ei flott utsikt over Vigarafjorden og mot øyane i Giske kommune.
På avstand kan ein tydeleg sjå eit ansikt som ikkje er heilt i godlage i dette berget. Ansiktet og den smalkanta bergveggen kallast Smalhans. Namnet kjem kanskje av at råsa er smal her. Det kan kjennes trygt å støtte seg på Smalhans når ein går forbi, men er ein overtruisk bør ein helst ikkje gjere det. Før i tida var folk redde for å bli råka av ulykke om dei hadde klappa han Smalhans. (kilde:Haram bygdebok).
I Columbinebukta/Støylsvika er ei minnetavle på ein stein. Dette er minnetavle over dei omkomne etter forliset av S/S Culumbine. Den 50 fot lange slepefartøyet forliste i 1886 etter å ha vore i drift i 9 dagar frå Durossness på Shetland. Den 59 år gamle Betty Mouat var den einaste som var ombord då fartøyet vart funne. Redningsmennene, dei fleste frå Rønstad, fekk kvar si medalje frå den Britiske stat for redningsdåden.
Turen frå parkeringsplassen til hellaren er ca 1.5 kilometer. Undervegs er der skilta til andre turmål.
Dette er ein enkel tur å plukke om ein er på øyhopping på Mørekysten.