Trivselsskogen på Sandane er eit unikt turtilbod som er godt tilrettelagt i variert terreng. Eit godt utbygd stinettverk gjer det mogeleg for mange å finne turalternativ som passer til ein kvar tid. Trivselsskogen inneheld mange element, blandt anna sherpatrapper, solplatå, dagsturhytte, gapahukar,utsiktspunkter, kjærleikskog. Det nyaste i skogen er Trygg i naturen, TIN-camp.
Trivselsskogen finn ein i terrenget på nordsida av E39 like ved Sandane sentrum.
Via facebook blir ein oppdatert om kva som skjer på anleggsfronten.
Det nyaste prosjektet i Trivselsskogen er Trygg i Naturen, TIN- Camp. Dette er eit lågterskel tilbod der dei ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemningar lettare tilgang til naturen.
Eit stort antall dugnadstimar har blitt brukt og nye prosjekt er under bygging. Trivselsskogen er eit andelslag der kan ein kjøpe andelar for å støtte dugnadsarbeidet som blir lagt ned til nytte og glede for alle.
Parkering og utgangspunkt for tur i Trivselsskogen er ved første avkøyrsle på høgre side av E39 etter krysset Sandane Aust i retning Anda.
Det er skilta i alle kryss med kart og retningspiler som angir avstander til neste attraksjon.Stinettverket i Trivselsskogen består av flislagde vegar, stiar, sherpatrapper og skogsvegar. Sherpane frå Nepal har lagt ned mange arbeidstimar i dei bratte partia mot Holvikfossen og Utsikten. Det har blitt til flotte trapper, eit kunstverk og attraksjon i seg sjølv. Trappene gjer det enklare for turgåare å ta seg fram i dei brattaste partia.Holvikfossen er ein av attraksjonane i Trivselsskogen. Den er eit landemerke for området rundt Sandane. Opp langs Holvikfossen er der eit utsiktsplatå der ein kan sjå fossen på nært hold. På toppen av fossen er der laga ein fin rasteplass. Utsikten ligg like ved vegen som går til Austerheimstøylen . Dette er eit flott utsiktspunkt med bord og benker der ein kan sitje og nyte den storslagne utsikta over Sandane sentrum og bygdene i nærområdet. Opp og ned frå Utsikten går nye ståltrapper paralelt med vegen.Draumekvila er dagsturhytta til Gloppen kommune, og var den første av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Draumekvila ligg på eit utsiktsplatå på vegen til Utsikten. Hytta er ein plass for å få på tørre klede, ete matpakka si og få litt varme i seg. Alle dagsturhyttene er utstyrt med eit nynorsk minibibliotek. Ved Draumekvila er der også utedo. Å gå gjennom Kjærleiksskogen gir ein ro i sjela. Stille å roleg å spasere mellom treleggane der folk på forskjellig vis har vist sin kjæleik.Ein kan møte geiter i skogen. Desse går i området mot Utsikten eller mellomveien frå Kjæleiksskogen til Trygg i naturen området.
Solplatået er eit anna område å gå innom. Der er grill og sitjeplasser til ca 45 personer.
I Trivselsskogen er det planer om å lyssetje stiane. Då blir området enda meir attraktivt i den mørke årstida. Det er sesong for tur i desse stiane heile året, bortsett frå når det er mykje snø og is.
Stinettverket er laga som ein rundtur, på heile runden bruker ein 1,5-2 timer. Studer kartet ved utgangspunktet. Runden kan gåast begge vegar. Det er mange attraksjoner og mange fine plasser å setje seg ned så ta deg god tid.
GOD TUR!