Risnakken ligg rett ovanfor Selje sentrum og er ein kort og godt tilrettelagt tur. Dei 350 trappetrinna tek ein med til eit utsiktspunkt der ein ser Selje og områda rundt.
Denne turvegen som vart offisielt opna i 2010, er lyssett heile året.
Utgangspunktet for turen er i byrjinga av Skogavegen ved Doktorgarden. Parkering ved Selje skule eller idrettshuset.
Ved utsiktspunktet er det laga til platting med rekkverk. Der er også bord og benk. Ein fin plass å nyte medbrakt kveldsmat å sjå solnedgangen.Her ser ein over til Salt, Barmsundet, Barmøya.Vestover ser ein godt Seljesanden, Ersholmen, øya Selja og Fureneset.Litt bak utsiktspunktet ligg Risnakken aktivitetspark. Denne er under opparbeiding. Mange treningsapparat er montert i terrenget og har ein gått trappene opp er oppvarminga unnagjordt. Her er det trening med utsikt og frisk havluft.
Dagsturhytta til Selje kommune kjem også i denne aktivitetsparken.
PRØVE DENNE TUREN TIL UTSIKTSPUNKTET.
Legg igjen en kommentar