Kjerringehalsen fyrlykt ligg på vestsida av Frøya og sikrar innseglinga til Steinset og farvatnet vidar sørover mot Frøysjøen. Fyrlykta vart satt opp i 1904. Lykta vart noko endra i 1934 og ombygd til solcelledrift i 1994.
Bremanger kommune har mange flotte turer å by på.
Utgangspunktet for turen til Kjerringehalsen fyrlykt kan være i Kalvåg sentrum eller ved Småvågane like i nærleiken av Steinset.
Starter ein i Kalvåg sentrum går ein vegen som går til Steinset. Ein asfaltert veg gjennom eit boligområde. Etter det høgaste punktet på vegen kjem ein til ein benk og eit skilt med kart over området. Der starter turen til Kjerringehalsen og andre turar i området. Turen går i lett kuppert terreng og er merka med grønne stikker langs råsa. Det kan være enkelte våte parti. Det er litt stigning ved starten av råsa i Småvågane der turen går over eit berg. Dette er ein spennande tur der ein kan få oppleve havørn og oter om ein er heldig.
Frå ein tek av frå den asfalterte vegen like ved Steinset og ut til fyrlykta er det 2,2 kilometer. Når ein nærmer seg fyrlykta er råsa sikra med smijern som er bolta fast i fjellet Dette for at det skal være ein tryggare veg, for rett utfor råsa ligg storhavet mot vest.
Det siste stykket opp mot fyrlykta er litt bratt men også der er det rekkverk og godt å gå. Og vel framme er det berre å setje seg ned og nyte havet og utsikta mot Mulehaudet i vest.Mot sør ser ein mot Florø og øyane utanfor. Frøysjøen er full av øyer, holmer og skjer. Nærmast Kjerringehalsen fyrlykt ligg Havrøya og Håøya. Det seiest at det i Frøysjøen ligg like mange holmar, skjer og fluer som det er dagar i året.Utsikt mot bygda Steinset.
Utsikt mot vest, Havrøya til venstre og Mulehaudet til høgre.Ei fyrlykt ytterst på halsen som skal vise veg og gje tryggleik for alle som ferdes langs kysten.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Kjerringehalsen fyrlykt på Frøya
Legg igjen en kommentar