Denne turen er ein bratt tur opp til ei hytte som ligg høgt over Loen.  Ein kan sjå hytta frå Loen sentrum og frå bilvegen når ein kjem køyrande frå Olden. Hytta er eit sameige i Loen.

Utgangspunktet (som vist på bildet under) er ved skogsvegen som går til venstre like før Tjugen camping.  Skogsvegen er fin å gå på og tillaga med steinklopper over små elver.
Dette er også utgangspunkt for tur til Lohøgesetra og Årheimsfjellet.
    
Like før ein kjem til brua som krysser Hagedøla skal ein ta til høgre. Denne råsa er ikkje merka og kan være litt vanskeleg  då det ligg i eit granfelt. Når ein  har tatt til høgre like før brua så drei mot venstre opp bakkane og ein vil finne tydeleg rås. Ein skal passere den krokete granleggen som vist på bildet under.
   
Ein går i skogsterreng og bratt rås. Muskelaturen og pusten får trena seg skikkeleg.
Enkelte plasser får ein ei åpning i skogen og flott utsikt nedatt til bygda.Når ein kjem høgare opp er råsa merka med raude prikker på stein og trelegger. Spessielt rundt og mellom desse hamrane var det godt med merking. Viktig i ukjent og ulendt terreng å vite at ein er på rett spor.
Etter knappe 3 kilometer og ca 700 meter stigning er ein ved hytta.
Det har blitt fortalt at hytta har fått namnet fordi her er einaste plassen ein finn rennande vatn i området og ein bjørn vart ein gong observert her, ståande å drikke ved denne kjelda.
Hytta ligg fint ut på kanten og det er flott utsikt ned att til Loen og Lovatnet. I aust kan ein sjå Skåla, Vesleskåla, Skålelva og råsa som snirkler seg opp bakkane til det populære fjellet. 
Kart over turen ligg på Ut.no: Bjørnakjelda høgt over Loen

NYT TUREN, STILLHEITA OG UTSIKTA !