Hornet, eller Sørlandshornet som det også blir kalla, ligg på sørsida av Eidsfjorden. Første stykke av turen går på gardsvegen til den fråflytta garden Hamnes. Vidare på skogsveg nesten til Hamnessetra. Frå setra går ein i tydeleg rås.
For å kome til utgangspunktet for turen køyrer ein ut langs sørsida av Eidsfjorden mot Torheim. Like før ein er på Hamnneset kjem ein til gardsvegen som går opp til den fråflytta garden Hamnes. Ein kan ikkje køyre opp til garden så parker godt til sides i krysset så ein ikkje står til hinder for grunneigaren.
Turen til Hornet er vel 4 kilometer ein veg og har ein høgdeskilnad på ca 700 meter.
Oppstigninga på denne turen byr på flott utsikt mot Eid sentrum og bygdene og fjella på andre sida av Eidsfjorden. Skogsvegen er fin å gå på, men til tider ganske bratt.Der er ein del stikkvegar på skogsvegen, vær obs og sjå etter skilting på trestammane.
Hamnnessetra ligg på eit platå og siste stykket fram til selet er nesten flatt. Når ein er komne til setra er ein 398 moh, og vel halve stigninga er unna gjordt. På setra er det skilta til Skareide og Sørland, så det finst andre vegar å velge om ein vil.Eit stykke forbi setra opnar landskapet seg og ein ser rett ut Nordfjorden heilt til Totland. Sørover frå Hornet ser ein mot mektige fjell i Bremanger kommune. Frå venstre Gjegnen/ Blånibba (1670 moh) og Bukkenibba (1520 moh). Nesa som stikk ut i fjorden er Hjeltneset på høgre side og Krokeneset på venstre side.Frå Hornet ser det ut for å være fint å gå austover mot Nova – Grønskrenykjen – Bjørnaskarnakken og til Hanshjellen på Hundeidfjellet.
Ein fantastisk utsikt i alle retninger. Denne dagen i mai var det stor flytrafikk over området og det var fremdeles mykje snø i fjella.
Kart over turen ligg på Ut.no: Hornet/ Sørlandshornet
GOD TUR.