Denne turen er beskreven som ein rundtur, men mange tek turen kun til Toskedalsetra eller til Skaret. I Skaret har Sunnylven i.l trimpost.
Utgangspunktet for turen er på høgre side av Rv 60 på Karbø. ( etter krysset til Nordangdalen).
Det er gode parkeringsmoglegheiter ved utgangspunktet.Turen er godt merka med skilt ved utgangpunktet. Dette er også utgangspunkt for turen til Steimsnibba. Fram til Toskedalsetra er det skogsveg. Ta deg god tid for det er mykje å sjå langs vegen. Der er også tilrettelagt med fleire plasser der ein kan ta pauser opp lia. Nyt utsikta tilbake mot dalføret og stillheita.
Like ved setrevollen har ein flott utsikt tilbake til bygda og fjella på andre sida av dalføret.Toskedalsetra ligg 503 meter over havet og er setra til garden Karbø og tre bruk på Langeland.Vidare frå setra går stien bak det raude og dei brune sela. Der står ein staur med raud måling på. Der i frå er stien tydeleg og delvis merka. Frå sertra til Skaret er det ca 150 meter stigning.
Sunnylven i.l har trimpost i Skaret som ligg 665 moh. Nydeleg utsikt mot Sunnylvsfjorden. Føl ein råsa som ein ser nede i venstre hjørne på bildet kjem ein ned til ein flott varde. Denne varden har namnet Ripavarden. Og namnet har den fått av første bokstav i fornamna på dei som bygde den.
Frå Skaret og heilt ned til Hellesylt går det eit jøl, det heiter Kremmarjølet.Panoramabilde fra Skaret. Ein ser frå venstre Sætredalsfjellet (1526 moh), Sunnylvmolskreddalen , Blåfjellnibba (1489 moh), Sunnylvsfjorden, Lundaneset ved inngangen til Korsfjorden og Geirangerfjorden, gardane på Åsen (210 moh) og gardane Korsbrekke ved fjorden.Nedstigninga til Hellesylt er skilta. Ein må være sikker på at ein har riktig sti før ein starter nedstigniga. Råsa ein skal gå er tydeleg i terrenget når ein har komt inn på den.
Eg anbefaler ein tur til Ripavarden for å få med den flotte utsikten. Frå Ripavarden går ein til høgre i same høgde til ein finn hovudråsa. Ein kan også gå fra trimposten i Skaret. Då held ein seg på venstre side av jølet. Normalt ligg det snø i hellinga mot Hellesylt, men i år er den vekk. Råsa er derfor utydeleg lengst oppe mot Skaret.
Når ein kjem ut av skogen og ned i bebyggelsen ser ein Hellesylt sentrum. Tilbake til Karbø går det sti i skogen, Selhammarmarka, så ein slepp inn på den trafikerte hovudvegen. Sjå etter skilt merka Karbøen.
Første stykke frå Hellesylt mot Karbø er veldi fin sti/veg. Etter kvart blir den mindre tydeleg, men ikkje vanskeleg å følge. Den er merka med skilt, raude prikker på stein/trestammer og raude oppheng i trea.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Karbø-Toskedalsetra-Skaret-Hellesylt-Karbø
Legg igjen en kommentar