Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, mellom Voldsfjorden og Rotevatnet. Toppen ligg 649 meter over havet.
Utgangspunktet for turen er ved Rotsettunnelen og ein går på grusveg / skogsveg over tunnelopninga og til Kalsethola.
   
Kalsethola med trimpost og fin plass for ein rast. Nydeleg utsikt mot Volda sentrum og alle heimane som ligg i bakkane bak sentrum.Ved Kalsethola starter råsa på «framsida» av hornet  mot toppen. Det er absolutt å anbefale å følge råsa. Den er ikkje merka men tydeleg i terrenget.  Råsa er bratt, men det er laga til med tau, kjettinger og ståltrinn i berget så det går greit å kome seg oppover.
   
   
På Aksla flater terrenget ut ei lita stund før det blir bratt mot toppen igjen. Ta ein pause og nyt utsikta og knipse nokre bilder.
Frå toppen som ligg 649 moh har ein panoramautsikt i alle himmelretninger. Rikeleg med topper og fine turer å plukke her.Turen vidare går mot aust og ein får no lett fint terreng å gå i innover forbi ei flott tjønn og vidare forbi Toskegjølet. Om ein går ut på kanten her må ein være forsiktig. Det er langt ned. 

Vidare går turen mot Nonstuva, men like før toppen svinger råsa til venstre og mot Litledalen.Ein kjem etterkvart inn i furuskogen, men råsa er tydeleg og enkel å følge. Ein plass er det lagt ut tau for enklare nedstigning. I Litledalen kjem ein inn på skogsveg. Følg «hovudvegen» heilt til Rotevatnet. Då kjem ein inn på grusveg og ein føl den langs vatnet.  Her er mange mogelegheiter for å setje seg ned og kvile trøtte bein.
For å kome tilbake til utgangspunktet ta til venstre på grusvegen. Merka med orange stikke.

Kart over turen ligg på Ut.no: Rotsethornet – Rotevatnet