Sogn og Fjordane er det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål.
Alle kommunane i Sogn og Fjordane har sagt ja til å bygge identiske dagsturhytter. Mange av dei er allereide komt opp.
Målet med dagsturhyttene er at fleire skal kome seg ut på tur.
Dagsturhyttene skal ha eit nynorsk turbibliotek og dette er det fylkeskommunen som står for. Turbiblioteka skal stimulere til leselyst og syne fram nynoske bøker.
Dagsturhytta på Naustdalkamben vart offisielt opna 2 juni 2018. Det var Marit (92) og Signe Skinlo (93 år) som fekk æra av å opne dagsturhytta på «sitt fjell». Eit fjell som dei har gått på sidan barndomen.
Naustdalkamben ligg 475 meter over Nordfjorden og har ein flott utsikt i alle retninger. Det er også stier fra fire forskjellige utgangspunkt til toppen. Dette gjer at det er mogeleg å variere turane til dagsturhytta.
Min tur går fra parkeringsplass ved Bjørnhovde. Anbefalt veg å køyre for å kome til parkering er rundt Bjørnhovdåsen og ta til venstre før Espeåsen. Merka med svart på kartet. Der er plass til fleire biler.Første del av turen går på gardsveg fram til den fråflytta garden Grøthaugen. Vidare der i frå i god og tydeleg rås. Det er lite merking langs råsa men ikkje vanskeleg å finne fram.
Når ein vinn litt høgde kjem ein i åpnare terreng. Her ser ein spor etter farne tider.
Når ein kjem ut av skogen har ein utsikt i alle himmelretninger. Bygder, daler og fjelltopper så langt ein ser. Nye turmål å utforske både i lavlandet og høgare oppe. Bildet under viser Hjelmelandsdalen med gardar, hyttefelt, skitrekk og mange fine turområde.Haugen, ei bygd som ein køyrer gjennom til eller fra. Utgangspunkt for mange turmål. Her ser vi også Eid sentrum og Trollenykjen og Trolledalseggja. Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbud for turgåere, ein stad for å ete nista si, byte kle og få varmen i seg. Det skal også være sosiale møteplasser i naturen. Hyttene kan ikkje reserveres, men kan brukes til små arrangementer. Hytta på Naustdalkamben var utstyrt med pledd, sitjeunderlag og tøfler for innebruk. Ein kan overnatte, men hyttene er ikkje isolerte og der er ikkje varmekilder. Det må være fantastisk å vakne til den utsikta frå hemsen.
Mange nynorske turbøker venter på ivrige leselystne turgåere.
Til Naustdalkamben er det stier fra fire forskjellige utgangspunkt. Bildet under viser stien fra Stårheim.Det er ruter fra Stårheim, Reset i Remmedalen, Naustdal, Haugen og Bjørnhovde til Naustdalkamben. Alle innteikna på kartet under.
Det er ROJO arkitekter i Tronheim som har teikna hyttene og Reknes Byggevarer i Masfjorden byggjer dei. Dei blir levert i moduler og frakta til aktuelle plasser, ofte med helikopter.
Hyttene er utforma slik at ein kan sitje ute og i le for vinden, men likevel nyte naturen og utsikten rundt seg. Hyttene har mykje glas og utsik så ein får nyte utsikten om ein er inne også.
Kart over turen finn ein på ut.no. Den turen går fra Haugen, men går inn på same rute fra Bjørnhovde: Naustdalkamben.