I dei fleste bygder kan ein sjå setrar/støylar langs lidene, gjerne i skogvakse. Før var det setreråsa som var den faste vegen til setra, men mange av desse setreråsene er no øydelagde av skogsvegar. Ein kan framleis finne deler av dei gamle setreråsene. Då det var setring rundt om på setrane var det også mange plasser reser mellom setrane som låg nær kvarandre. Budeiene brukte gjerne fristondene sine og helgane til å gå på besøk til nabosetra.
Om det var aktuelt mellom desse setraen som eg skal skrive om her veit eg ikkje, men der er ei gammal rås mellom Øyesetra og Maursetsetra.
Råsa mellom Øyesetra og Maursetsetra vart for ein del år sia rydda og merka. Denne turen er det ikkje så mange som går, sikkert fordi ein ikkje veit om at der er rås. Det er ein fin rundtur med mogelegheiter for å forlenge den mot Grendasetra, Holesetra, løypetrasen og bilvegen tilbake til utgangspunktet.
Eg har tidlegare skreve om turen fra Maurset til Øyesetra. I det innlegget står det beskreve utgangspunktet og første del av denne turen. Det innlegget finn ein her: Øyesetra, Markane.
Fra Øyesetra går ein lida omtrent i same høgde mot Maursetsetra. Utgangspunktet fra Øyesetra er i øverst hjørnet på setrevollen mot aust.
Tilbakeblikk til dei to sela og fjøsen. Råsa er ikkje like tydeleg alle plasser, men der er raude merkjer på steinar og treleggane.
Fine plasser for pause og med utsikt nedatt til gardane på Maurset. Fine haustdager, når det gjerne er skodde i lavlandet er det sol på denne turen.
Det er ein fin rundtur som også kan gjerast lenger. Fra Maursetsetra kan ein gå vidare mot Grendasetra og Holesetra. Da har ein plukka mange setrar på ein tur.
Maursetesetra er setra til gardane på Maurset og Ytre Hatledal. Her i fra har ein flott utstik mot deler av Maurset, Ullsheim skistadion, gardane i Grenda, Svingesetvatnet og mot fjella i sør. Fjorskodda ligg tjukk i lavlandet.Fra Maursetsetra kan ein ta råsa til Ullsheim (den går mot aust i nederste hjørne på setrevollen) eller den gamle setreråsa mot Maurset. Den går først vestover før den snor seg ned bakkane. Det er ikkje så mykje merking, men om ein les terrenget litt så finn ein fram. Enkelte plasser kan ein sjå små skilt som heng på trea. I myrområda er der raudmåla stikker.
Etter å ha gått over ei stor myr med raude stikker ser ein eit stort rotevelte. Like bak det kjem ein fram på skogsvegende. Den er fin å følge tilbake til utgangspunktet.
Denne rundturen som eg har beskreve her er knappe 6 kilometer og med ein høgdeforskjell på ca 360 meter.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Maurset-Øyesetra-Maursetsetra-Maurset.
GOD TUR!!