Sonjahytta i Holmøyane ligg høgt og fritt opp under Glitreggja. Den første hytta på plassen vart bygd i 1932 og var eit felles prosjekt for folket i Holmøyane. Hytta fekk namnet sitt etter Sonja Hennie som var svært populær på den tid hytta vart bygd, og som vant OL-gull i kunstløp det året. Historia fortel at karane som var med på byggeprosjektet var svært betatt av Sonja Hennie og kalte derfor opp hytta etter ho.

Den orginale hytta vart etter kvart i svært dårleg forfatnig og midt på 90-talet vart ny hytte sett opp. Også dette eit felles prosjekt av unge og gamle i  Holmøyane.
Utgangspunktet for turen til Sonjahytta er ved grendahuset Vonlund i Holmøyane. Ein kan velge om ein vil gå heile turen fra riksvegen eller om ein vil køyre bomvegen som går nesten til Utigardsetra. Det er gode parkeringsmoglegheiter på begge plassane.
Fra riksvegen til Sonjahytta er det knappe 5 kilometer med ei stigning på ca 700 meter.
Skogsvegen går nesten til Utigardsetra. Ved Hågaledet står det kasse for bomavgift. Den betaler ein sjølvsagt om ein tek bilen opp i terrenget.Utigardsetra er setra som høyrer til garden Holmøy. Der er kun eit sel som står no. Ein fin plass å ta ein pause og nyte utsikta over Hornindalsvatnet og bygdene rundt.
    
Frå Utigardsetra går turen vidare mellom dei nedramla fjøsane. Råsa er tydeleg og delvis merka. Von i.l har prosjekt på gang der dei skal merke og skilte etter norsk standard. Første stykket fra setra går gjennom eit granfelt. I granfelt kan det ofte være vanskeleg å følge råsa, men der er raude merker på granleggane så ser ein godt etter finn ein rett veg.
    
Råsa går langs Holmøyelva eit stykke. Etter kvart svinger råsa mot søraust og det blir bratt det siste stykket opp på Sætrefjellet. Men ein får lønn for strevet når ein ser den fantastiske utsikten frå Sætrefjellet som ligg 670 moh.   Fra Sætrefjellet ser ein så vidt i Eidsfjorden og vidare Heggjabygda, Strand, Furefjerding, Navelsaker, Otterdal, Grodås, Kongsvik, Kjøs, Maurset, Grenda med Svingesetvatnet, Hatledal, Dalane og Langesetvatnet. Ein ser også ned att til Holmøyane og Holmøyvika.Fra Sætrefjellet går råsa søraustover i småkupert terreng. Ein ser ikkje hytta før ein plutseleg er der. Da er det berre å setje seg ned og nyte stillheita.
Ved Sonjahytta er det også bygd eit uthus med utedo. Ingenting å seie på utsikta fra utedoen og når ein i tillegg får poesi til underholdning må ein berre nyte stonda.
   
Både Sonjahytta og utedoen er åpen og kan benyttast av alle. Inne i hytta finn ein hytteregler og informasjon om korleis ein betale for opphaldet.
Hytta har ein kontakt person, for tida Hans Holmøyvik, som skal kontaktast for avtale om leige. Aksjonærane har førsterett om det er stor pågang.
Inn i hytta er det god plass. Stor sofa, ved ovn og ein kjøkkenkrok med gassbluss. Ein hems over halve hytta gir god plass for overnatting på madrasser. Ut fra oppslag om bruken av hytta les ein at det koster kr 40,- pr natt å overnatte.    
Området rundt hytta er med lav vegetasjon, små bergknauser og små vatn som gir liv i terrenget. Fra hytta er det fleire turalternativ. Det er planer om å skilte til Glitreggja. Også turen gjennom Holmøyskaret er fin.Kart over turen finn ein på UT.no: Sonjahytta i Holmøyane.

GOD TUR OG NYT DEN FLOTTE UTSIKA.