På Lotsstøylen har det vore støylsdrift i mange generasjonar. Framleis blir det mjølka kyr på denne støylen. Setrehusa står på Gamlestøylen og fellesfjøsen ligg ca 300 meter lenger oppe. Det var på 1960- talet arbeidet med å bygge opp fjellesfjøsen vart påbegynt. Første mjølkeåret var i 1971. På 1960-70 talet vart marka dyrka opp og kyrne kan no koser seg med smaksrikt og saftig fjellbeite. Det har aldri vore slått her.
Bøndene Egil Fjellestad og Rannveig Årskog har tilsaman 32 kyr på beite på Lotsstøylen. Her trives kyrne godt og leverer rikeleg med mjølk i mjølkemaskina. Dei driv moderne mjølkeprodusjon og tankbilen kjem og hentar mjølka. Kanskje er det slik som ein av bøndene har uttalt at kyrne mjølkar godt på god utsikt. For god utsikt er det på støylen som ligg høgt og fritt over Nordfjorden.
Mjølka som blir mjølka på Lotsstøylen går ikkje berre tradisjonell mjølkelevering til meieri, mykje av mjølka blir brukt i eit nisjeprodukt produsert på Fjellestad Gardskjøken.
På Fjellestad Gardskjøken har Kari-Ann Fjellestad, mor til bonde Egil Fjellestad, i 35 år produsert gombe. No produserer dei 11 tonn med denne delikatessa til markanden i Nordfjord og Sunnfjord.
Når Kari-Ann no gjer seg som gombekoker vil sonen føre denne tradisjonen vidare og vidareutvikle den og ha den som ein tilleggsproduksjon.Turen over fjellet fra Lotsstøylen til Skauset er på knappe 11 kilometer. Første del av turen går på grusvegen som går til Sagtindane/Høgefjellet. Ein vinn fort høgdemeter, ein må berre huske på å snu seg å sjå på utsikten.
Her ser ein Hestenesøyra, Skjerdalen, Hyeneset, Skeistanda med fjella Skjerdingane som bakteppe.Terrenget er åpe og fritt med lite vegetasjon. Når ein er komt så langt at ein ser tv-masta på Sagtindane/Høgefjellet, ved ca 900 moh, tek ein til høgre ut av grusvegen og går i terrenget uten rås mot høgaste punktet. Da får ein fantastisk utsikt til begge sider av fjellet. Der er to små skar på turen innover fjellet. Går ein litt på sørsida er dei enkle å forsere. Fra høgd 941 moh og innover Seilsfjellet mot Holtane er det nydeleg terreng. Fast fjell og lav vegetasjon med innslag av små tjern. Utsika mot nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, bygdene og fjella rundt er fantastisk. Det føles som ein er på Norges tak på høgde med alle fjella rundt.På turen innover fjellet, høgt over Tyskebotnen, ser ein mange små vatn nede i dalbotnen. Maragjølvatna, Svartevatnet og Kyrkjesteinvatnet.
Turen vidare går unnabakken og ein tek sikte på kraftledinga som krysser dalen. Der linja krysser elva kjem ein inn på råsa til Maragjølsetra/Rotisetra. Ein fortset da på venstre sida av elva i tydeleg rås til setra.Langs råsa er det oppmura med stein enkelte plasser. Det var kanskje for å lede dyra vekk slik at dei ikkje reiste ned i gjølet. Når ein er komt nesten til Maragjølsetra/Rotisetra er der ei rås til høgre. Går ein den eit lite stykke ned bakken får ein eit glimt av sjølve Maragjølet.
Maragjølsetra/Rotisetra er setra til gardane på Roti. Dei leigde setregrunn og beita av gardane på Skauset. Det er mange sel på setra, og fleira av dei hadde fjøs i underetasjen.
Fra setra ser ein gardane på andre sida av Hornindalsvatnet, Aasebø og Frislid. Fjella bak er Sunndalsnibba og Eidskyrkja.
Turen vidare går i setreråsa til ein kjem til skogsvegen som går ned til Skauset. Fra Maragjølsetra/Rotisetra er det enkelte plasser nydelege utsiktspunkt, som her ved dei to hyttene som ligg heilt på kanten.
På vegen ned bakkane går ein forbi Neresetra. Eit flott gammalt toetasjes sel. Kanskje har det vore brukt som vårseter.
Råsa ned fra Maragjølsetra og Neresetra er tydeleg i terrenget og ein kjem etterkvart ned på skogsvegen. Denne skogsvegen er ikkje bomveg og ein kan køyre opp til dei store snuplassane. Gode parkeringsmoglegheiter om ein vil parkere ein bil der til ein er ferdig med turen.
Fra parkeringsplassen, som ligg på ein lunneplass ovanfor garden på Skauset og til der råsa starter er det ca 1.5 km.Denne turen fra Lotsstøylen til Skauset er ca 11 kilometer.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Lotsstøylen – Marajølsetra – Skauset.
GOD TUR!!!