Kjellstaddalen er ein sidedal til Langedalen som går fra Møre grense og nedover mot Hellesylt. Eg var spent på korleis det såg ut i denne uutforska dalen og eg vart ikkje skuffa. På kartet kunne det sjå ut som at det var mykje myr og vått terreng, men turen gjekk på flott traktorveg og på rås.

Utgangspunktet for turen er ved Trondstad grendahus. Den største utfordringa på turen var å finne avkjørsla til grendahuset. Men den finn du når du er omlag midt på Trondstadflatene. Avkjøyring mot elva. Ved grendahuset er der stor parkeringsplass.

Turen inn dalen seier seg sjølv. Utgangspunktet er å gå over brua  som krysser Langedalselva og holde til venstre. Som ein kan sjå av skilt i vegkanten er dette også eit naturleg utgangspunkt til Kvitegga, eit populært turmål  for vårskitur. Det er også mogeleg å gå på Hornindalsrokken fra Kjelstaddalen. Dette blir ein lengre tur enn å gå fra Hornindalssetra,
   
Etter å ha passert brua held ein til venstre og kjem inn på privat veg. Garden Kjellstad ligg på bakketoppen. Markene rundt blir brukt som beite så her kan ein få  nærkontakt  med sauer.  Sjølv om det ikkje var direkte sommerveir den dagen eg gjekk turen, fekk eg likevel ein god sommerfølelse. Dyr på beite, bjølleklang, sauelort i vegen og den gode lukta av alle blomstrane. Og så var det så stille og fredeleg inn dalen.
Når ein kjem opp mot garden får ein fin utsikt over gardane i bygda Trondstad, Trondstaddalen og fjella bak. Rv 60 går rett gjennom bygda og ein suser fort forbi, men det er absolutt verdt å stoppe på. Det er fleire turalternativ på begge sider av riksvegen.Ved inngangen til Kjellstaddalen ligg Føkhauen. Ein gammal fråflytta gard der tuntreet fremdeles står stødig. På denne garden budde Ole Kjellstad, ein kjent spelemann.
  
Traktorvegen inn dalen er berre heilt fantastisk å gå på. Her kan ein ta med barnevogn og  sykkel. Traktorvegen går heilt til Tverrgarden. Siste stykke til setra går på rås. Heile turen til setra er slak å fin med ei stigning knappe 200 høgdemeter. Ein går langs elva heile turen. I snøsmeltinga er det mykje vatn, og elva kan derfor være stri og farleg somme plasser, andre plasser roleg og idyllisk. Ein kan også finne fine teltplasser med moglegheiter for å bade.Turen fra grendahuset til Tverrgarden er ca 3,5 kilometer. Ved Tverrgarden har Sunnylven il trimpost. Her står det også eit bord og benker og det er ein fin plass å ta pause.

Ved Tverrgarden var det tidlegare  ein steingard tvers over dalen.  Terrenget innafor steingarden, mot dalbotnen, vart brukt til oksehamn til stamokser. Det var slutt med oksehamn på 50-talet.
Fra Tverrgarden går turen vidare  i tydeleg rås. Det er også laga til bru over Tverrelva.

  
Like forbi trimposten ved Tverrgarden byr Kjellstaddalen på eit artig naturfenomen, nemleg den såkalla “Kokartjønna”. Det sydar og boblar i sandbotnen på tjørna på grunn av vatn som blir pressa opp. Kvite sandkorn på storleik med risengryn kvervlar rundt. På tur til og frå Hornindalsrokken går ein forbi dette naturfenomenet, og på folkemunne blir det sagt at det er “Rokkekjerringa” som kokar risengrynsgraut.
  
Halvveis fra Kokartjønna til Kjellstadsetra går ein forbi ein stor flat stein. Dette er Skjørsteinen. Denne steinen vart brukt som «melkehavn». Dei på setra bar melkeskjøret til steinen og folk fra bygda kom opp dit og henta skjøret.

Turen vidare inn dalen går i rås og småskog. Etter 5,5 kilometer er ein framme ved den nedlagde Kjellstadsetra. Dette er setra til gardane på Kjellstad. Setra ligg på andre sida av elva i forhold til råsa og kan være vanskeleg å kome seg over til setra når det er mykje vatn i elva. Tida har viska ut dei fleste spora etter setra.  I dag finst det berre tufter etter eit bygg, i tillegg til ein haug med stein som truleg stammer frå tidlegare bygningar. Øverst på vollen kan ein så vidt sjå restar etter eit steingjerde, men dette er i stor grad inngrodd i dag.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kjellstaddalen

GOD TUR!