Turen til vetestova og Svarstadveten er ein enkel tur. Ein tur som er fin som treningstur eller ein tur der ein kan rusle og finne roen. Fra utgangspunktet til Veten, som den blir kalla i daglegtalen, er det ca 2 kilometer. Turen går på skogsveg og sti. Høgdeforskjellen fra utgangspunktet, ved setrevegen, til Veten er ca 300 meter.Sidan sist eg var her har det vore store skogsmaskiner i drift for å ta ut mengder med granskog. Eg var derfor spent på om skogsvegen var inntakt. Og eg vart ikkje skuffa. Skogsvegen var fin å gå på og for ein utsikt det hadde blitt. No ser ein Stryn sentrum og heile Strynebygda heilt til Oppstrynsvatnet og bygda Flo med Rinddalshyrna, 1677moh, bak.
Utgangspunktet for turen er ved setrevegen som går fra Vinsrygg til Tverrfjellet. Denne vegen er bomveg så ta med penger og løys billett eller parker og gå dei få hundrede meterane (ca 700m) til Klype der skogsvegen starter. Det er tydelege skilt ved vegen.
Ein har ikkje gått langt før utsikten er heilt fantastisk. Ein ser bla. fra venstre Gryta (1032 moh), Høgefjellet (1138moh), Rinddalshyrna (1677 moh), Årheimfjellet (1007 moh), Meleinsnibba (1007 moh).
Første del av turen går i skogsveg. Og når granfeltet tettar seg til att rundt vegen tek ein til venstre og går over i sti. Ein fortset å gå i granfelt, med tydeleg og merka sti, opp bakkane. Granfelt kan være travelt, men det har sin sjarm også.
Når ein kjem ut av granfeltet tek furuskogen over. Store flotte furutre med fine plasser å ta pause på. Som her ved desse to steinane. Ypperleg plass for ein rast.Etter at ein har passert desse steinane kjem ein til eit stidele. Det er skilta til Klokkholjølet. Dette er eit jøl/fordjupning i terrenget som går nedover.
Etter ei kneik på ruta kjem ein til ei stor myr/flate. Veteflata. Og fram på myra ligg den nye vetestova. Det er ikkje lenger mogeleg å finne spor i terrenget etter den gamle vetestova, men den låg i området der den nye vetestova er sett opp. Dagens vetestove er oppført av ein ivrig dugnadsgjeng fra Bergsida i 2001.
Denne veten var eit ledd i eit landsomfattande militært varslingssystem av liknande vetar, omlag 1000 i alt. Dei var plasserte i ei rekkje langs svenskegrensa og langs kysten, slik at dei var godt synlege for flest mogeleg, og slik at ein kunne sjå frå den eine til den andre. Vart krigsskip eller framande hærstyrkar observerte, skulle veten tennast, og vetevakta på neste vete skulle tenne sin. Slik kunne landet mobiliserast i løpet av 7 døgn. Det var svært raskt, langt raskare enn nokon angrepsstyrke kunne flytte seg. Langs kysten stod vetane tett, og med varierande høgde over havet, for å få signalet sikkert fram om det var dårleg sikt lågt nede, eller i høgda.
Bergsideveten/Vinsryggveten er ein vete som har sin forgreining fra Takloveten vest for Eid. Fra Takloveten vart signala sende til Dimma vest for Utvik, vidare til Ulvedalsveten på Fjelli og vidare til veten ovanfor Vinsrygg. Fra denne veten gjekk signala i to retningar. Ein mot Huaren på Auflemfjellet og ein mot Skåråsen i Oppstryn som igjen sende mot Veten i Hjelledalen.Denne nye vetestova er flott tillaga og ein ypperleg plass for å ta ein pause. Vetestova er ikkje låst og på eit oppslag på veggen kan ein lese om at ein er velkomne til å nytte vestestova. På plakaten er der åtte punkt som bør lesast og respekterast.
På veggane og på bordet finn ein informasjon om arbeidet med bygginga av vetestova og om varslingssystemet.Ved vetestova kan ein absolutt finne roen. Ikkje den storslagne utsikten, men stille og fredeleg. Berre fuglane som held ein med selskap.Det er tillaga med benker på fleire sider av vetestova, så her er mogelegheitene mange for å ta ein rast.Turen vidare til Svarstadveten går nord over. Terreng blir meir myrlendt, men stien er tydeleg over myrane og er merka med raude måla stikker.
På mange offisielle kart og nettsider blir høgda der tv-omformaren står kalla Svarstadveten. Fra gammalt av er det rette namnet Gamle Vetebakken, og det er truleg her den eldste veteplassen har vore.
Stryn T&IL har trimbok som er plassert på bygningen ved tv-omformaren.Ta turen vestover fra bygningen og få flott utsikt i alle himmelretninger. Ein ser fra Oppstrynsvatnet til Hornindalsvatnet og alle fjella rundt.
Kart over turen finn ein på ut.no: Svarstadveten og vetestova
GOD TUR!!