Denne turen er ein rundtur som går på skogsveg og rås i vakre Loen. Turen er godt skilta og kan kombinerast på forskjellige måter. Runden som eg gjekk var på ca 7,5 kilometer og turen er teikna inn på kart på ut.no.Utgangspunktet for turen er ved skogsvegen like forbi Sande Camping ved Lovatnet. Skogsvegen er tydeleg og underlaget er mjukt å gå på. Eit stykke opp i bakkane viser spor etter naturens herjinger. Der er skogsvegen full av stein og mold etter ein vassdemme som gjekk på førjulsvinteren. Det går likevel fint å kome forbi.
Når ein vinn høgdemeter blir utsikten fantastisk. Heile Lodalen ligg der med sine bratte fjellsider som speglar seg i Lovatnet. Området ved skogsvegenden blir kalla Saurane og der er det flott utsikt mot gardane på Sæten og Sandsåsen og mot Loen. Dagen eg gjekk var prega av lavt skydekk og skodde langs fjellsidene og i dalbotnen.
Fra skogvegenden går turen over i rås. Den er godt merka med raude stikker og raudmåla prikker på trelegger og steiner. Det er viktig å ikkje gå utom den merka råsa om ein ikkje er kjent i området. Terrenget er bratt og hamrete utenom den merka råsa. Har ein problem med å finne neste raude merking så bruk tid og vær sikker på at ein er på rett veg.
Etter eit stykke i råsa kjem ein til eit nytt utsiktspunkt. No ser ein Loen, Rake og Oppheim og ut Faleidfjorden til Blaksæter og Hildahalsen . Haugen/Tjugensetra er setra til gardane på Haugen og Tjugen. No står der fire bygningar på setra. Ein av fjøsane er bygd om til hytte. Det vart slutt på setring ca 1950. Aust for setra er ein plass som blir kalla Gamlesetra. Der hadde Haugen og truleg Sande seter før. På grunn av fonnfare vart setra flytta nærmare elva. GardenTjugen hadde i gamal tid seter på vest sida av elva. Ein av grunnane til at den vart flytta var at det var mykje orm der.Fra setra valgte eg å gå råsa som er merka til Haugen. Den starter i nederste hjørnet aust på setrekvia. Råsa er tydeleg og svinger seg gjennom store granfelt. Etter kvart kjem ein inn på skogsveg og ein kan velge om ein går den bratte råsa gjennom granfeltet eller skogsvegen.
Nede på flata og ved ein stor sving er rås skilta til Sandsåsen. Råsa er 600 meter før ein igjen kjem inn på skogsveg.
Siste del av turen går på skogsbilveg og ein passerer forbi Sandsåsen hytter. Følg bilvegen til Lovatnet og vidar til utgangspunktet ved Sande Camping.
Om ein velger å gå turen motsatt veg er Sandsåsen eit naturleg utgangspunkt.
Kart over turen finn ein på ut.no: Sande-Haugen/Tjugen setra-Sande