Utigardssetra høyrer til garden Holmøy i Holmøyane. Det er ei fin lita seter med eit sel. Setrevollen er fint rydda og det er ope og fin utsikt. Her kan ein settje seg ned og finne roen sjå utover Hornindalsvatnet og bygdene på andre sida av vatnet, Navelsaker og Otterdal.
Medan ein set der og ser på utsikta kan ein tenkje på han som kom i kamp med ein bjørn i dette området i 1852. Det var Hans Holmøy, skiparen av Holmøy arbeidsskule. Utfallet av kampen kjenner eg ikkje.
Denne hendinga er m.a bakgrunn for Adolf Tidemann sitt kjende maleri «Bjørnejegerens hjemkomst».
Denne turen til setra går fra grendahuset Vonlund i Holmøyane. Der er det god parkeringsmoglegheiter på ein lunneplass på sørsida av rv 15 eller ved ungdomshuset.Skogsvegen er fin både for gåande og syklande. Også barnevogner og permobiler går fint eit langt stykke.
Landskapet åpner seg når ein har gått nokre høgdemeter og ein får eit flott utsyn over Hornindalsvatnet med bygdene og fjella rundt. Etter ca 600 meter kjem ein til ei grind og der er det moglegheiter for å betale bomavgift om ein vel å køyre opp skogsvegen. For dei fleste er denne turen overkomeleg å gå heilt fra riksvegen. Fra utgangspunktet til setra er det vel 2,5 kilometer og ein høgdeskilnad på ca 300 meter.Det er også andre turalternativ i området. Like i nærheita av Utigardselva/Holmøyelva ser ein eit skilt som viser veg mot Glitteregga.
Ca halvvegs til setra kjem ein til eit stykke på vegen som har fått hard medfart. Vatn har greve djupe spor i ei lengde på ca 200 meter. Det er ikkje problem for turgåere å ta seg fram.
No i slutten av april har skogsvegen blitt reparert så no er det ikkje vanskeleg å ta seg fram med sykkel og barnevogn.
Ein fin stubbe står langs vegen og kan være fin å ta ein pause på.
Skogsvegen går heilt på setrevollen på Utigardssetra. Sætrefjellet ligg bak to av setrane i Holmøyane. Utigardssetra ligg lengst vest under det fjellet. Innigardssetra ligg ca 1 kilometer lenger aust. Flott utsikt fra Utigardssetra over Hornindalsvatnet og bygdene rundt, Navelsaker og Otterdal.
Kart over turen finn du på ut.no: Utigardssetra i Holmøyane
GOD TUR!!!!
Legg igjen en kommentar