Øyesetra høyrer til dei to gardane i Øyane. Den ligg i Markane, like over grensa til Hornindal kommune. Ein kan sjå setra fra bygda der den ligg høgt oppe i lida, under Øyenibba/Middagsfjellet.Utgangspunktet for turen til Øyesetra er på Maurset. Om ein kjem fra Stryn blir utgangspunktet ved den siste garden på høgre sida av vegen. Kjem ein fra vest blir det ved den første garden på venstre sida av vegen. Det er plass til å parkere i tunet ved gamle huset eller ved skogsvegen.Ein må ikkje parkerer slik at ein står i vegen for dei fastboande i tunet, i hyttefeltet eller for drift i skogsvegen. Ser ein folk i tunet så ta kontakt og spør om parkering.
Skogsvegen er fin og godt vedlikehalden. Når ein kjem til eit kryss skal ein ta den vegen som er i midten. Den går motebakka og i nordvestleg retning. Turen til setra er vel 2 kilometer og skogsvegen er ca 1.5 kilometer. Den siste delen av turen går i rås og terrenget blir brattare. Råsa er bra tydeleg og delvis merka med raude merker på treleggane og steinar. Ved enden av skogsvegen går turen over i rås. Ein går over ei elv og fortset opp bakkane. Råsa kan være litt utydeleg over ei myr, men der skal ein holde til høgre. Sjå etter raude merker.
Når ein går i skogen om hausten er det eit vidt spekter av farger. På turen til Øyesetra går ein forbi eit parti med ospeskog. Ospeskogen har både spessiell lyd, lukt og farge om hausten. Når ein kjem lenger opp i lida er det bjørkeskogen som dominerer.
Råsa flater ut på siste stykket og plutseleg ser ein sela på setra.På setra er det to sel og ein fjøs. Fjøsen eigde dei to bruka i lag. Gamle selet og fjøsen vart restaurert i 1999.
Setrekvia er bra stor, men noke myrlendt. I tidlegare tider var den verdifull slåttemark. Ein husmann fra Maurset leigde denne kvia. Han murte opp ein 100 meter lang steinmur på ovanforsida av setrekvia og hadde risgard rundt ellers. Dette vart gjordt for at krøtera ikkje skulle ete opp avlinga. Denne steinmuren viser tydeleg i terrenget enda.Øyesetra ligg ca 600 moh og utsikta austover mot bygda og fjella i aust og i sør er fantastisk. Markane i.l har ein av i alt ni setretrimpostane her på denne setra. Fra Øyesetra er det rås vidare til Øyenibba/Middagsfjellet.
Kart over turen finn ein på ut.no: Øyesetra
GOD TUR!!