Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: oktober 2016

Tippaskogvegen og Postvegen over Brekka

p1120551Rundturen i Tippaskogvegen er ein tur på grus-og skogsveg i slakt skogs-og fjellbeitelandskap langs deler av den verna Trondhjemske postvegen. Turen får eit kulturhistorisk tilsnitt med den gamle steinbrua over Ljøsurelva, merkesteinar langs postvegen og gamle setrevollar.
Denne turen kan ein også ta med sykkel og barnevogn og deler av den kan takast med rullestol. Det innerste stykket av Tippaskogvegen er meir ujamn og kan være vanskeleg for dei med  rullestol.
Heile runden er på 8 kilometer og det høgaste punket er 375 moh.

Utgangspunktet for turen er like ved Harpefossen skisenter i  Hjelmelandsdalen i Eid kommune.  Der er det god plass til parkering. Elva Hjalma renn gjennom Hjelmelandsdalen og turen går innover på høgre sida av elva.  Der er god bru over elva ved utgangspunktet.
p1120525
Hjelmelandsdalen er også utgangspunktet for mange andre turer i området, turer som er merka, graderte og skilta i henhold til ny standard. Ta deg tid til å studere skilta, kansje finn du fleire turer du har lyst å ta.
p1120526  p1120520
Etter at ein har gått over brua kjem ein til eit kryss. Tek ein til høgre går ein den gamle setrevegen over Tippasetra og kjem innatt på skogsbilvegen like etter setra. Held ein til venstre føl ein løypetraseen  som går litt lågare i terrenget, og kjem innatt på skogsvegen etterkvart.
p1120529  p1120530
Tippaskogvegen er ein flott skogsbilveg som vart bygd i 2000.

Langs denne rundturen går ein forbi mange setrar. Dette er setrar som høyrer til gardane fra Eidsfjorden, grendene på og rundt Haugen og opp Hjelmelandsdalen.

Heile den fremste delen av Hjelmelandsdalen har eit samanhengande stølskulturlandskap der bøane og stølsgrendene nesten går over i kvarandre . I dalen ligg setrane Naustdalsetra, Tippasetra, Nakkesetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra. Ingen av setrene er lengre i vanleg drift, men det er beite av sau, kyr og til gardane på Haugland hest. Dei fleste stølsvollane i dalen er trefrie, men lyng, einer og bjørk er i sterk framvekst. Setrane er også endra av tilrettelegging for friluftsliv. Dei fleste av sela og fjøsane på setrane er bygde på 1800-talet, no er mange av dei  ombygd og utbygd og nye hytter er oppført. Mange plasser ser ein steingardar av naturstein rundt setrane. Dette gjorde nytte som gjerde rundt setrane og var som grense mellom innmark og utmark.

Tippasetra høyrer til gardane på Haugland og  i Lidene.p1120542Nakkesetra/ Nakkjen høyrer til gardane på Haugen og Åsen. Her ligg det setrehus/fjøs både ovanfor og nedanfor skogsbilvegen.p1120539Skogsbilvegen er slak og  stille. Enkelte plasser er det laga til så ein kan setje seg ned og ta ein pause.
p1120546    p1120552
Innerst i Tippaskogen går skogsbilvegen over til skogsveg og underlaget blir litt meir ujamnt, men fremdeles godt å kome seg fram til fots og på sykkel. Det går også ann å kome fram med  sportsvogn om ein har store hjul.p1120554Ved Sevlandsetra/Brekkefoten, like ved postvegen som går over Brekka, står ei bålhytte som  fritt kan nyttast av alle som vil. Denne er bygd av entusiastiske pensjonister og  i regi av Haugen i.l, Harpefossen skisenter og Gjensidigestiftelsen.  I bålhytta er der bålpanne, ved og fyrstikker. Her kan ein kose seg både vinter og sommer.
p1120567  p1120568p1120570p1120573
Ved Brekkefoten kjem denne turen innpå  den Trondhjemske postvegen/grusvegen og følger den framover Hjelmelandsdalen igjen.
Velger ein å gå til høgre starter ein på stigninga på den trondhjemske postvegen over Brekka, som går mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Anbefaler alle å ta ein tur over Brekka til Bjørkedalen.  Skriv litt om den traseen lengst nede i innlegget.
Like etter at ein er komt innpå postvegen/bilvegen kjem ein til Sevlandsetra. Denne setra høyrer til gardane på Sevland, Engeland, Balsnes og Halsteinslid.
p1120577Bjørnhovdesetra høyrer til gardane på Bjørhovde. Bjørhovde er ei grend på vestsida av Hjalma lengst nede i Hjelmelandsdalen.p1120584p1120586Ljøsurbrua er ei flott gammal bru. Ei av mange bruer som enda finst på den Trondhjmske postvegen. Her er eit fint utgangspunkt til fleire turer. Det er skilta til Kloven, Ljøsuregga, Sandegga og Kjenndalen. Dette er turer av variert vanskegrad.p1120592
p1120597
Naustdalsetra høyrer til gardane i grenda Naustdal som ligg heilt nede ved Eidsfjorden.p1120609Når ein har passert Naustdalsetra er det kort vei fram til parkeringsplassen på Harpefossen og utgangspunktet for denne turen.
Om vinteren blir vegen fra Harpefossen og over Brekka stengd. Når snøen kjem blir deler av den nytta til skiløyper.

Rundturen fra Harpefossen-Tippaskogvegen-Postvegen tilbake til Harpefossen er ca 9 kilometer og går i slakt terreng.

DEN TRONDHJEMSKE POSTVEGEN OVER BREKKA.

Når ein er i dette området anbefaler eg ein tur vidare over Brekka og til Bjørkedalen.
Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! (kilde:Harpefossen skisenter)p1120618 p1120627
Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.
Ta ein pause og nyt stillheita og la tankane gå til dei som i all slags veir og føre skulle fram med posten i tidlegare tider.
p1120619p1120621Når ein har passert det høgaste punket og starta nedstigninga kjem ein forbi Ljomtjønna og Vasslidvatnet. No vil ein kome til fleire flotte steinbruer. Imponerande byggverk som har stått i mot store vassføringer i mange år.p1120631p1120635p1120637p1120638p1120641p1120642Nedstigninga til Bjørkedalen er bratt, men med eit flott utsikt mot Bjørkedalsvatnet og fjella Keipen 944 moh og Vassendfjellet 1134 moh.p1120649

Kart over turen finn ein på Ut.no: Trondhjemske postveg – Tippaskogen denne er beskrevet motsatt veg.
I sogeskrift for Eid (2008) kan ein lese meir om Den Trondhjemske postvegen over Brekka.

GOD TUR I NYDELEG TERRENG!

Øyesetra, Markane

p1000331Øyesetra høyrer til dei to gardane i Øyane. Den ligg i Markane, like over grensa til Hornindal kommune. Ein kan sjå setra fra bygda der den ligg høgt oppe i lida, under Øyenibba/Middagsfjellet.p1000303Utgangspunktet for turen til Øyesetra er på Maurset. Om ein kjem fra Stryn blir utgangspunktet ved den siste garden på høgre sida av vegen. Kjem ein fra vest blir det ved den første garden på venstre sida av vegen. Det er plass til å parkere i tunet ved gamle huset eller ved skogsvegen.Ein må ikkje parkerer slik at ein står i vegen for dei fastboande i tunet, i hyttefeltet eller for drift i skogsvegen. Ser ein folk i tunet så ta kontakt og spør om parkering.
p1000305Skogsvegen er fin og godt vedlikehalden. Når ein kjem til eit kryss skal ein ta den vegen som er i midten. Den går motebakka og i nordvestleg retning. Turen til setra er vel 2 kilometer og skogsvegen er ca 1.5 kilometer. Den siste delen av turen går i rås og terrenget blir brattare. Råsa er bra tydeleg og  delvis merka med raude merker på treleggane og steinar.p1000307p1000311 Ved enden av skogsvegen går turen over i rås. Ein går over ei elv og fortset opp bakkane. Råsa kan være litt utydeleg over ei myr, men der skal ein holde til høgre. Sjå etter raude merker.
p1000313  p1000314
Når ein går i skogen om hausten er det eit vidt spekter av farger. På turen til Øyesetra går ein forbi eit parti med ospeskog. Ospeskogen har både spessiell lyd, lukt og farge om hausten. Når ein kjem lenger opp i lida er det bjørkeskogen som dominerer.
Råsa flater ut på siste stykket og plutseleg ser ein sela på setra.p1000319På setra er det to sel og ein fjøs. Fjøsen eigde dei to bruka i lag.  Gamle selet og fjøsen vart restaurert i 1999.
Setrekvia er bra stor, men noke myrlendt. I tidlegare tider var den verdifull slåttemark. Ein husmann fra Maurset leigde denne kvia.  Han murte opp ein 100 meter lang steinmur på ovanforsida  av setrekvia og hadde risgard rundt ellers. Dette vart gjordt for at krøtera ikkje skulle ete opp avlinga. Denne steinmuren viser tydeleg i terrenget enda.p1000322p1000325Øyesetra ligg ca 600 moh og utsikta austover mot bygda og fjella i  aust og i sør er fantastisk. Markane i.l  har ein av i alt ni  setretrimpostane  her på denne setra. Fra Øyesetra er det rås vidare til  Øyenibba/Middagsfjellet.  p1000330

Kart over turen finn ein på ut.no: Øyesetra

GOD TUR!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑