Maragjølsetra/Rotisetra ligg oppe i Maragjøldalen, like ved sida av Maragjølet. Det er mange sel på setra, men berre ein fjøs. Dei andre sela har fjøs i underetasjen. Det kan være litt forvirring angåande namnet. På kartet står det Maragjølsetra, men denne setra blir også kalla Rotisetra. Fra gammalt av er det det som er rett. Dette fordi bruka på garden Roti leigde setregrunn og beite av garden på Skauset. Fra Roti til Skauset er det 8 kilometer så dei hadde ein lang setreveg. Dei hadde lov til å ræse buskapen langs bøgarden fra Roti til setra, ein dag om våren og nedatt ein dag om hausten.Utgangspunktet for turen er ved garden Skauset, på sørsida av Hornindalsvatnet, like ved Rv 15. Ein kan velge om ein vil gå heilt fra riksvegen eller køyrer skogsvegen til høgaste punktet, ca 1,5 kilometer. Om ein vel å gå heile vegen er der god parkeringsplass ca 200 meter ovanfor tunet.
Skogsvegen er fin å gå og eg anbefaler å gå heile vegen. Da får ein med seg flotte utsiktspunkt underveis.
Her er det laga til ein fin plass for pause. Den kan ein nytte både på oppovertur og på returen. Nydeleg utsikt. På bildet ser ein gardane i Lindvik, Hestefjellet og Sunndalsnibba.
Brunstbua.
Når ein kjem opp og skogsvegen flater ut kan ein sjå ei jaktbu, «Brunstbua», på venstre sida. Råsa til setra går opp til høgre litt lenger framme i vegen. Tydeleg tillaga der råsa starter. Eit skilt med Rotisetra står i vegkanten.
Første stykke etter at ein har gått over i råsa er der ein del skog , men landskapet åpner seg inni mellom og utsikten er upåklageleg. Her eit bilde av Sunndalsnibba og Kyrkjefjellet. Ein kan så vidt skimte gardane på Aasebøen og i Frislida i Heggjabygda.
Råsa er tydeleg å grei å følge. I starten er det litt myrlendt, men ikkje vanskeleg å ta seg fram. Ein kjem også fram på parti som er flate og ein kan rusle roleg i skogen. Eit par skilt fortel om plassnamn, men eg kjenner ikkje til bakgrunnen til namna.
Neresetra er ei seter som var brukt som vårseter, før det var gode nok beite på Maragjølsetra. Selet er høgt og med plass for buskapen i underetasjen. Fareskiltet som ligg utanfor selet var noko malplasert. Eg såg ingen farer.
Selet med fjøs i underetasjen på Neresetra.
Løypestreng fra Neresetra og opp på kanten.
Råsa er tydeleg og godt trakka. Første stykket frå Neresetra går i myr også i eit bratt parti før ein er oppe på kanten.
Utsikten når ein kjem opp på kanten kan ta pusten frå ein. Både vestover og austover er det sorslagen utsikt. Heldige er dei som kan nyte kaffikoppen sin der ein tidleg morgen eller kveldsmaten når kveldssola skin frå vest.
Ein ser gardane i Lindvika på andre sida av Hornindalsvatnet. Til venstre for gardane ligg Vedviknibba. Også eit fint turmål. Vidare ser ein Kjellvorneset, Mogrenda og Nes. Austover kan ein sjå heilt til Grodås.
Setreråsa går vidare bakover fra kanten og hyttene. Ein har knapt begynt å gå før ein er framme. Setra ligg der med fin utsikt austover mot Hornindalsvatnet og bygdene på nordsida av vatnet. Ein ser Kyrkjefjellet og Sunndalsnibba med Sunndalskaret i horisonten. Går ein råsa bakover forbi setra kjem ein nærmare Maragjølet .Spesielt å sjå elva korleis ho ligg langt der nede i terrenget. Det dura godt når det er mykje vatn i elva.
Maragjølsetra/Rotisetra ligg på 479 moh og turen opp fra Skauset er ca 3,5 kilometer
Maragjølet
Kart over turen finn ein på Ut.no: Maragjølsetra/Rotisetra
PRØV TUREN OG SJÅ DEN FINE SETRA OG DEN STORSLAGNE UTSIKTEN!