P1140703Slik ser den ut, Aasebønakken, sett fra Skrede. Den ligg  i vestenden av Hornindalsvatnet og ruver 350 moh. På sørsida av nakkjen går terrenget bratt ned i nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Vest for nakkjen stikk Spjutneset ut i Hornindalsvatnet. Gardane Aasebøstøl (Åsstøda) og Lindvik ligg langs stranda og i bakkane før Reset.  Nord for nakkjen, langs fylkesvegen, ligg fleire bruk på Aasebøen og i Aasebøøyane.  Aust for Aasebønakkjen ligg  Heggjabygda med gardane Frislid, Heggja, Melheim, Sandnes, Hatlelid og Grimslid. Høgt over Hornindalsvatnet ligg fjellgarden Furefjerding. Køyrer ein vegen til endes kjem ein til Navelsaker.P1140715Aasebønakken sett fra ein anna vinkel. Ein skimtar garden Aasebøstøl til venstre for nakkjen.
For å kome til utgangspunktet for turen til Aasebønakken køyrer ein Rv 15 til vestenden av Hornindalsvatnet. Ta av ved Fossebakken og køyrer Fv 664/665  ca 7,5 km til ein er på reset, like ved skilt som viser at ein er komt til Heggjabygda. Her er det stor parkeringsplass. Der er det også satt opp skilt som viser andre turalternativ i Heggjabygda.P1140717På Reset er det  skilt som viser andre turalternativer i Heggjabygda. Sunndalsnibba i bakgrunnen, 1482 moh.

For å finne råsa går ein bilvegen tilbake til skiltet som viser starten på turen til  Aasebønakken. Her  ifra er det fin og tydeleg sti/rås. Det er sporadisk merking langs råsa. Ein skal være oppmerksom på at råsa gjer ein knapp sving til høgre i eit litt utydeleg område.
Ein kan også gå skogsveg, for å finne starten på den  må ein gå bilvegen tilbake til den knappe svingen i bakken.P1140722Dette skiltet står der råsa til Aasebønakken starter.

Fin sti/rås med jamn stigning. Merka med enkelte Turbo merker og gamle raude band.
P1140724 P1140725
P1140726  P1140727
Starter ein i råsa kjem ein etterkvart inn på skogsvegen. Den er fin å gå, og ein vinn fort høgdemeter det  siste stykket opp på høgda.
P1140730  P1140735
Enkelte plasser åpner terrenget seg og ein får flott utsikt mot vestenden av Hornindalsvatnet og ut  Eidsfjorden.P1140734Føl skogsvegen til den flater ut og tydeleg deler seg. Ta av til venstre og føl råsa vidare til toppen av nakkjen. Fra Reset og til toppen av Aasebønakken er det ca 2 kilometer.P1140748P1140750  Trimpost på Aasebønakken
På toppen av Aasebønakken var det frå 900-talet til først på 1800-talet vetestove og vete.
Takloveten på Hundeidsfjellet var den mest sentrale veten i Nordfjord. Der delte signalet seg i tre linjer innover fjorden.  Veteplassen på Aasebønakken var ein del av den nordlege linja. Her vart signala, som varsla ufred i landet, tatt i mot fra Takloveten  og sendt vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.
På begynnelsen av 1900-talet tok ungdomslaget i Heggjabygda iniativ til å reise eit minnesmerke like ved der den gamle vetestova stod. Ein bautastein vart kila ut. Den er tre meter høg, ein meter brei og 20 cm tjukk med avrunda topp.
På bautaen er det hogge inn i steinen:
NAAR BAUNEN LYSTE OG BUDSTIKKEN LØB ET KRIGSBUD GJENNOM LANDET LØD. REIST TIL FÆDRENES MINDE 1904
P1140753   P1140752
P1140754
Tek ein turen vidare austover fra toppen av Nakken til Heggjabygda kjem ein til ei lita tjønn. Der ligg den store steinen som bautaen er kila ut av. På tredje forsøk fekk dei eit heilt stykke som kunne brukast.
Terrenget innover nakkjen er hylleforma, og det er fin rås.  Like søraust for toppen av Nakkjen er der eit høgt stup. Nokre meter fra kanten er ei Åkernesrenne i miniatyr som følgjer kanten på hammaren eit langt stykke. Sprekka i fjellet er tydeleg, og er opp mot 1 meter brei somme stader.  Råsa går ikkje heilt på kanten så om ein vil sjå på den fine utsikten må ein ta ein liten avstikker.P1140756Råsa er enkel å følge, terrenget går slakt nedover. På siste stykket før skogsvegen, går råsa sørvest over igjen. Der går ein bratt ned på skogsvegen og føl den til bygda igjen.
Skogsvegen er tørr og fin å gå på. Og stillheita er komplett.
P1140764  P1140768
Skogsvegen kjem innatt til bebyggelsen på Melheim. Da  åpner landskapet seg og det er nydeleg utsikt over deler av Heggjabygda og Hornindalsvatnet.P1140772Flott utsikt over deler av Heggjabygda. Kyrkja ligg nede ved Hornindalsvatnet

Det er ca 30 husstander i Heggjabygda, fra Lindvik til Furefjerding. I bygda har dei eiga kyrkje og grendahus. Her var skule fram til krinsen vart lagt ned i 1969 og sentralisert til Hjelle.
Kyrkja er ei langkyrkje som er bygd i tre og har plass til ca 200 personer. Den vart vigsla i 1936. Bygdafolket stod sjølve for arbeidet med å få fram stein til muren og materiale til sjølve bygget. Tømmeret vart saga og ført på plass i hovudsak av ein person. På folkemunne fekk hesten hans tilnamnet “kirkeministeren”.HeggjabygdaDet gamle skulehuset (kvite)  vart bygd ca 1880. Det nye skulehuset som var bygd i 1957 er no grendahus.

Turen går no vidare på bygdavegen tilbake til Reset. Da får ein sjå meir av bygda og alle gardane . Det gamle grendahuset, som står tett i vegen, er no til nedfalls. Her har nok vore mykje moro. Det er fortalt at på ein fest på slutten av 1960-talet vart det seldt 350 billetter.
P1140775 Det gamle grendahuset.
Når ein kjem opp bakkane eit stykke kjem ein til krysset der vegen går over Heggjadalen og vidare til Volda. Skiltet som står i krysset er slett ikkje av ny dato, håper det får stå i mange år enda.
P1140776 Flott vegskilt i krysset mellom Fv 664/665
Heile rundturen fra Reset – Aasebønakkjen – Melheim – Reset er vel 7 kilometer.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Aasebønakkjen og rundtur i HeggjabygdaP1140782

UTFORSK  NÆROMRÅDEET  UTVID HORISONTEN

GOD TUR!