Huaren er ein fjellrabb 385 moh, over Tyvaneset,  mellom Olden og Loen. Det er eit lett tilgjengeleg turmål. Her har ein fin utsikt over fjord og fjell i indre Nordfjord. P1140490Turen fra Olden sentrum og opp er ca 4 kilometer. Det er skogsbilveg, i sikk sakk, heilt på Auflemåsen. Dei siste 200 meterane fram på sjølve Huaren er det tydeleg rås.  Det er godt merka heilt fra sentrum, ved skulen og fra kaia.

Dette er eit populært turmål både for lokale og for turister. Olden i.l har ein av sine fjelltrimposter på Huaren.P1140546Huaren var ein sentral plass i det gamle vetesystemet.
Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dager, var ved å tenne veter. Vetane stod oftast i fjell med vidt utsyn, men kunne også ligge heilt i sjøkanten. Lyset fra bålet vart fanga opp av vardevakter på andre vetepunkt som tende sine bål, og slik kunne varselet nå frå landsende til landsende på få dager.

Takloveten på Hunvikfjellet var på mange vis den mest sentrale veten i Nordfjord. Frå Takloveten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner.
Den midtre varslingslinja gjekk frå Takloveten til Dimmaveten, derifrå til Ulvedalsveten og til Vinsryggveten. Ved Vinsryggveten delte det seg i to retningar; den eine til Skår i Oppstryn og til Vetekulen ved Hjelle, den andre til Huaren i Olden.

Les meir om Det gamle Vetesystemet .

Turen til Huaren er merka fra Olden skule og fra cruis kaia. Der er det også mulig å finne parkeringsplasser.
P1140518 Stille på cruiskaia før turistsesongen.
P1140512    P1140511 Godt merka langs vegen.P1140510  Utsikt mot Ceciliekruna.
Skogsbilvegen er fin å gå, trille og sykle på. Ta med barnevogna og heile familien. P1140509 Avstikker i skogsvegen til Avlein.
P1140507  P1140564
Fin plass og ta ein pause, både på oppovertur og når ein går heimover.
P1140470
Det er fleire turalternativer langs skogsvegen. I denne svingen er det merka mot Loåsen og Loen. Går ein 20 meter lenger fram i svingen, er der ei rås innmellom granene. Føl ein den kjem ein også til Huaren, men ein går rundt og føl råsa som kjem fra Loen framatt på Huaren. Vær nyskjerrig og utforsk.
P1140476 Tidleg vår på Auflemåsen.
Når ein er komt opp på høgda, tek ein av fra skogsvegen og over i rås. Det er godt merka heile vegen med retningsskilt og avstandmerking.
P1140482   P1140477
P1140493 Olden i.l har fjelltrimpost på Huaren.
P1140487P1140552Flott utsikt ut fjorden mot Faleide og alle små gredalaga rundt fjorden.
P1140489  Utsikt mot Olden sentrum og Skarstein.
P1140559 Heldige dei som har hytte på toppen. Utsikt i alle retninger.P1140546

Kart over turen finn ein på Ut.no: Huaren i Olden

PRØV DENNE LETT TILGJENGELEGE FLOTTE TUREN.