P1120746Visnesrunden er ein sentrumsnær flott skogstur der ein også får med seg kulturhistorie på turen. Runden går på skogsveg og rås og er godt merka.
Turen eg beskriv her starta og slutter ved YX- stasjonen i Stryn. Der er det parkeringsmuligheiter og ein kjem seg enkelt tilbake til der bilen står.
Første stykket går på asfalt inn den idylliske Bruagrenda. Dette er ein stille plass nær sentrum, mellom dei to bruene som går over Styneelva.P1120716Like før ein kjem til  gamlebrua tek ein til høgre opp Torinabakken og vidare innover mot Årheim.f
P1120718  Torinabakkjen
Etter kvart kjem ein til der skogsvegen starter. Skogsvegen går i  jamn stigning til ein er på toppen ca 340 m.o.h.
P1120719  IMG_20150929_180926
Første del av runden har ein utsikt tilbake til sentrumbebyggelsen og gamlebrua. Etterkvart som ein kjem lenger opp i skogen blir det lite med utsikt. Her som mange andre plasser veks det til og utsikta blir vekk.P1120723
Underlaget på skogsvegen er flott å gå på. Langs ruta er det nokre skilt, både med stadnamn og som vegvisarar. Eg kjenner ikkje bakgrunnen for stadnamna og har ikkje funne informasjon om dei.
P1120725     P1120727
Ein kjem til ein hammar som har overheng. Der heiter det Skuten. Her er det laga til med benker og bålplass. Sitjeunderlag, stearinlys og ved er lagt inn i berget. Her er det muligheiter for å kose seg  både dag og natt.IMG_20150929_183733  Skuten.
P1120735   P1120736
Visnes ligg på skuggesida og denne haustdagen sleit sola med å finne fram i den tette skogen. Men ein ser den er der og etterkvart blir det litt lysare i skogen.
P1120739  Simalamyrane
Når ein er komt forbi det høgaste punktet kjem ein etter kvart til råsa som går til Årheimsetra. Som ein ser på bildet er der skilt som viser kor ein skal ta av om ein heller vil gå til setra.
P1120741  Skilt som viser veg til Årheimsetra.
Skiltet som viser veg til Saurdalen står der som skogsvegen slutter og ein skal gå over til rås. Ei nydeleg rås som er god å gå på og som er tydeleg.  Å bevege seg i ulendt terreng er godt for kroppen. Det stimulerer muskalaturen på ein naturleg måte.P1120743Før ein går over i råsa er ein tur heilt ut på kanten ved masta verdt eit besøk. Da får ein fin utsikt ut fjorden, mot Bergsida og Faleide.P1120746Utsikt fra der skogsvegen slutter, heilt nede på kanten.
P1120750  Stien vidare fra skogsvegen er heilt konge å gå i.
P1120756  Staveneset 210 m.o.h.
Som skiltet viser så er det 1,6 kilometer til Visnes. Her på Stavneset er det store mektige steinblokker. Detter kan være artig å utforske både for store og små.
P1120758
Råsa er godt trakka og det er ikkje mulig å gå feil. Her i Stavneskleiva er det litt bratt, men det er laga til med tau slik at ein har noke å halde seg i. Dette er spessielt godt når ein skal gå unnabakke og når det er sleipt og glatt.P1120766  Stavneskleiva.
P1120767  Staveneshola.
Langs denne runden er det fleire trimposter.  Der er ein ved Monstrippen, halvvegs mellom skogsvegenden og Stavneset, og der er ein ved Stavneshola.
P1120768  Sola skin på Bergsida.P1120772Jensvegen, er etter det eg har blitt fortalt, fra gammalt av råsa fra Visnes til Årheimsetra. Grinda er kjempefint og gammal.  Skikkeleg handarbeid.
P1120773  Hengslene på denne grinda er spesielle.
Her ved skyttergravene kontrollerte tyskarane innfarten til Stryn både på fjorden, på vegen og i lufta. Dei hadde stillingar både for kanoner og maskingevær. Skyttargravene vart aldri brukt i krigshandlinger.

P1120775  Tydelege spor i trerrenget fra krigsåra.
P1120781  Benk for ein kvil og tavle som fortel historia.
Ved Storeledholten er det laga til med ein kvileplass og satt opp ei tavle som fortel om spora i terrenget fra krigsåra.
P1120782  Storledholten, der er tillaga med benk og tavle.
Rett etter Storledholten kjem ein til parkeringsplassen som ein nytter om ein går denne turen motsatt veg og starter fra Strandavegen. Runden eg har gått går heilt til YX-stasjonen igjen. Da går ein ned gjennom bustadfeltet. I krysset Kipervegen/Strandavegen kan ein ta snarvegen rett unnabakken. Da kjem ein til Bjørkevegen. Følg den til Seljevegen og vidare ned til utgangspunktet på YX-stasjonen.
P1120787  Ut av skogen og til sivilisasjonen på Visnes.P1120758

Turen ligg også på Ut.no: Visnesrunden